tirsdag 15. november 2011

God kveld!!

Privatdetektiver: - Får flere utroskaps-oppdrag før jul. Tja, det seier eg ingenting på. Det er nok ikkje noko ny statistikk det. Likevel, at enkelte orkar å hyre ein detektiv for å finne det ut.... ..... Det kjem vel aller helst av at mange (som oftast menn) som regel nektar for det om dei blir konfrontert med det.

Det som er litt teit, er at enkelte leier inn ein detektiv for å finne ut om typen er utro på julebordet, på trass av at dei ikkje har grunnlag for å tru at han er det. Ein ting er om ein har ein reell mistanke, men å gjere det utan større grunn enn at ein vil vere sikker på at han oppfører seg....... Jaja, snakk om tillit!!

I tillegg prøver dei å hyre ein detektiv for å finne ut om partneren er utro på sydenturen. Viss ein er så redd for det, kvifor la han få lov til å dra åleine?? Utan tillit er vel ikkje forholdet heilt der det skal vere?! Ein må kunne reise både i lag og åleine utan å bli "hysterisk" redd for at ting skjer. Ikkje det at eg har så grueleg lyst å reise åleine rundt om i verda.

Tillit må vel vere det som ligg i botnen på alle forhold. Utan tillit vil det berre vere vanskeleg. Vi har alle saman sjølv ansvaret for å skape tillit hos den andre. Viss det er så ille at ein detektiv hyres inn, då trur eg ikkje forholdet er liv laga. Då er tilliten så lav at eg ikkje kan skjønne at det vil gå bra.
Eg trur eg ville ha blitt rasande om eg hadde oppdaga at eg har ein detektiv i helane. Kanskje eg kunne trengt det?!! Hahahahahaha...... Eg trur eg døyr. Thiihihihi:=) Eg skulle vel heller berre ha lagt an på detektiven....... (Om eg hadde fått valgt ut detektiven sjølv....).

Det stormer rundt temaet ungdom og bil......... Utspelet som kom frå stortingsrepresentanten i formiddag har verkeleg laga oppstyr. Det var vel kanskje venta? Ungdommen sjølv meiner at det einaste som hjelp er å sperre dei inne. Viss ikkje vil dei kome til å bryte alle reglane som eventuelt måtte kome i saka. Det kunne jo bli spanande...... Lås inn alle gutar mellom 18 og 24 år. Juhuuu!! Hehe...

Flom- og jordskredfare i nord. Vi ventar regn!!! Sjokk......  Eg hadde eigentleg ein "bra" kommentar liggande til nett denne saka, men eg trur kanskje eg skal la vere å kome med den.

Flere lærere skal sikres videreutdanning. No ler eg i alle fall!! Det er jo ein vits, for det kjem aldri til å bli ein realitet. Det er ikkje første gong det løftet kjem. Kva hjelper det med tilbod om kompetanseheving om ein ikkje får nokon som helst avtale om hverken lesetid eller anna som er nødvendig. Vi fekk i si tid tilbod om å lære spansk. Løftet var at vi ikkje trengte noko som helst forkunnskapar og at vi skulle få tid til å lese. Joda........ Akkurat det var ein vits av dei store. For det første starta vi rett på høgskulenivå (noko som forutset at du har hatt spansk i tre år først). Det var eit fulltidsstudie, berre samlingsbasert, men med same arbeidsmengde som fulltidsstudentar. Det blei anbefalt av høgskulen at vi leste 1,5 timar kvar dag. Når ein då ikkje fekk noko fri av kommuen....... Kva tid skulle ein lese? Fullt arbeid, famile og fullt studie på ein og same tid. Ikkje heilt normalt....... Så dei må gjerne kome med løfte om vidareutdanning. I botnen må dei i såfall sørge for enkelte kriteriar som gjer at det er mogleg å ta ei kompetanseheving. Av 35 stykk, trur eg 11 orka å gjennomføre heile studiet. (Dei hadde anten vaksne born eller var bornlause).
Det står faktisk at ministeren håpar at kommunane følgjer opp dette. Kva løfte er det? Viss ikkje kommunane får beskjed om at dei SKAL følgje det opp, kan eg love at det er mange som kjem til å nedprioritere det.
Det er sjølvsagt positivt om det kjem noko som fungerer, men eg vil sjå det før eg trur på det. Eg skal sjølvsagt ikkje vere negativ. Det kan jo hende vi blir positivt overraska! Så Kristin Halvorsen, berre stå på, du:=)

Det er tysdags kveld og ein tysdags kveld skal vel vere alt anna enn negativ:=) Så no er det "back to smiling". Klokka nærmar seg midnatt og senga kallar på meg. Satsar på å slukne raskt......... (Etter litt tanke-lering først. Eehh..., er det noko som heiter det? Viss ikkje tar eg patent på ordet!!). Først nokre gode tankar og så ei god natts svevn. Det høyres ikkje heilt feil ut. Så ha ei fantastisk fin natt og sov godt.

Hasta luego!!

I must be crazy now
Maybe I dream too much
But when I think of you
I long to feel your touch


To whisper in your ear
Words that are old as time
Words only you would hear
If only you were mine


I wish I could go back to the very first day I saw you
Should've made my move when you looked in my eyes
'cause by now I know that you'd feel the way that I do
And I'd whisper these words as you'd lie here by my side

I love you, please say
You love me too, these three words
They could change our lives forever

And I promise you that we will always be together
Till the end of time

Celine Dion har mange fine tekster:=)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar