onsdag 2. november 2011

Tysdag.....

Det er seine kvelden før eg viser meg på dataen i dag. Fine greier.... Dagen har verkeleg vore innhaldsrik, og det meste positivt. Det er faktisk ein elev som har gjort denne dagen supermasse verdt, uavhengig av kva anna som kunne gått galt i denne verda. Den gleden ein viss elev ga meg i dag, lev eg kjempelenge på. Det gjer at ein føler at ein faktisk gjer noko kjempeviktig i yrket sitt. Det kan kome 100 nedturar, men denne eine oppturen vil i så fall veie opp for dei alle. (Eg satsar på at det ikkje kjem nokre nedturar)......

No er det eingong slik at klokka er stilla og mørkret kjem ein time tidlegare. Akkurat det kan vi ikkje gjere noko med. Fotballaget til Steffen skal på turnering til Oppeid no i helga. Dei skulle ha si siste oppkjøring i dag. Sidan skulebana er den einaste som har ei viss form for lys rundt seg, har dei trena der. Joda, det var jo ok det. I alle fall om vi tar bort regnet (som også gjorde at det blei kaldt) og det faktum at det å sjå ein ball, som kjem susande mot deg i mørkret, ikkje er det lettaste ein veit. Stakkars den lille keeperen som fekk køyrt seg god idag.
Å springe ein time i regnet er ikkje berre gøy. Likevel, det var ikkje ein einaste unge som klaga. Dei spelte med stort mot alle saman.  Det spørs likevel om det ikkje var siste utetreninga for i år, idag. Problemet er at gymsalen er stengt dei neste ukene. Vi får satse på at lysa rundt storbana snart er klar til bruk og at treningsforholda held seg ok ei stund til.

Se hva pytonslangen hadde spist. Æææsj!!!! No har eg sett ein pytonslange som er skoren opp. Av alle ting hadde han ein hjort i magen sin. Jaja...Det er vel nok prov på at i alle høve ikkje eg har noko ønske om å møte på ein slik slange. Eg skjønner godt at forskarane blei overraska. Ingen tvil om det!

Pappa etter kort flørt. Jaja, Hugh Grant!! Kanskje ein føremon å spørre kvinna om det er "safe" før du køyrer på.

Slik så Eriks hals ut etter møtet med haien. Hjelpe meg. Det kan ikkje ha vore greit. California er tydlegvis ikkje staden for surfing om ein er redd for hai. (Det er eg......men eg har heller ingen surfeplanar).

His balls have dropt. Det er snakk om Justin Bieber. 95% av alle tenåringsjenters draum. Sikkert eindel vaksne. (Eg sjølv kunne ikkje brydd meg mindre. Eg veit berre kven han er av di enkelte av ungdommen er 100% oppslukt i han. Han er visst Gud!!). Stakkars gut, han sleit visst med stemmeskiftet. Det er jo særleg gøy når ein er ein kjent artist.
Etter å ha lest artikkelen, kjenner eg at eg må le litt. Hahaha..... Han er 17 år og først no kjem han i stemmeskiftet. Dei aller fleste er ferdig med det innen då. Jaja.....Det spørs korleis han taklar det, då.
Eg må jo verkeleg berømme manageren hans for å finne eit ganske så treffande sitat å kome med i saka. (His balls have dropt! Haha....).

Skytespill bør forbys. Det var vel ikkje ny tenkning. Akkurat det har no eg meint i fleire år. Berre her i denne lille bygda her er problemet tilstades. Det er ikkje så mange kull sidan det var enkeltpersonar som spelte eit skytespill tett opp til 100 timar i uka. Mange av dei var riktignok lagt til helger, men dog..... Ikkje skjønner eg kva tid som blei brukt til å sove. At ein speler mellom 25 og 50 timar, trur eg er heilt normalt. Det kan i alle høve virke sånn. Eg vil tru foreldra er dei som burde ha kontroll på dette. Ungdommen sjølv seier berre at dei ikkje blir påverka. Vel, det spørs på sikt.
Om nokre år kan det vere min son som gjer det same, men det spørs om det lar seg gjere så lenge eg er her. Eg tviler på at det blir noko problem. Enkelte seier berre at det ikkje er så lett å seie nei. Det er nettopp det det er. Stakkars gut...."Ein gong bitch....alltid bitch"  :=)

Englands nye superstjerner har silikon, er heftig sminka, går i korte kjoler og gjer "dum og deileg" til eit levebrød. Spørs om dei er så dum likevel i og med at dei klarer å lage eit levebrød av det. :=)
Bileta avslører at det snakk om store mengder silikon.
Eg trur ikkje menn flest syns det er så heftig deileg med silikon....... Sjølv om eg eigentleg veit lite eller ingenting om det. Eg har ikkje akkurat spurt mannfolka rundt meg om temaet.
Bakdelen med dei "sexy" silikonpuppene er blant anna at dei må ha livvakter. Kjipt..... Då er det ikkj erom for særlege sprell. Neida, men det må vere grueleg kjipt å ha livvakter diltandes etter deg heile tida for at du skal føle deg trygg. Dei om det.....

Det er tysdag, eller ikkje, 00:03  betyr vel onsdag. Eg er på tur i seng og skal sørge for skjønnhetssvevnen min..... Eg har eigentleg planar om å klyve litt ved i morgon, men om det fortset å regne slik som idag, spørs det rett og slett om eg gidd. Mørkt og vått på ein og same tid.... Ikkje akkurat motiverande. (Men har ein lova, så har ein lova...)

Uansett, ha ei fin natt:=)

Hasta luego!


In my toughts......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar