fredag 18. november 2011

Helg!

Ein kan trygt seie at media gjer oss nok av saker å gjere "narr" av. Familien Frp er i full konflikt og det er jo verkeleg mat for sultne fuglar. Det spørs om Torry Pedersen blir så happy av at eg kallar undersåttane hans for fuglar.

I går var det kvinna med den utrolege hårmanken som farga forsida til papirutgåva til VG. Heldige ho. Det må jo vere superkult å få slikt eit fokus på seg?! Den gamle ørna ho er gift med, er fornærma på den nye jomfrua og som god hustra skal vere, sleng ho seg rundt han som ein skotsikker vest. "Ingen kødder med mannen min!"
I følge framsida, kan det sjå ut som at det er eit trekantdrama som står på. Ho sleng jo ut ein kommentar som "Siv er sjalu på Carl". Kva er ho sjalu på?? At han Carl har ho Eli? Det vil i så fall bli meir så nok nok mat til fuglane, det. Hahaha..... Nei, eg reknar med at det er misunning som er ordet ho eigentleg siktar til. Sjalu kan sikkert brukast i denne samanhengen, men eg er no mest vant med å bruke det i litt andre samanhengar. Jaja....... That's me:=)

Carl I. Hagen har for det meste støtta Siv som leiar. No når han ikkje fekk viljen sin, har han blitt som ein liten sutregut og slaktar leiarstilen hennar. Han går så langt i kommentarane sine at han antydar at ho ikkje er i stand til å styre landet.
No er ikkje eg Frp-tilhengjar, men eg stiller meg spørsmålet...... Kva er forskjellen på Siv for nokre uker sidan og i dag? Med ein gong han ikkje fekk plass i den komitèen han ønska, så er plutseleg haldninga hans til henne snudd heilt på hovudet.
Det er greit at ein kan bli skuffa, men ein kan ikkje gå rundt og sjå på seg sjølv som ein Gud og tru at ein kan få alt ein vil. Han er då vitterleg ikkje uerstatteleg.

Når ein har levd eindel år, burde ein etterkvart ha lært seg at ein burde vente med å uttale seg til etter ein har fått roa seg litt. Ofte kan det vere greit å sove på ting. At media brukar saka for det den er verdt, ja det er jo forståeleg nok, men at dei sjølv gidd å profilere seg slik på denne måten, er langt over kva min fatteevne kan forstå. Ikkje er det gått berre èin dag heller. Det har faktisk gått fleire dagar og både Herr og Fru har fått tid til å tenke.
Carl blei advart mot å angripe Siv. Det rådet har han absolutt ikkje fulgt. Det spørs om han ikkje øydelegg veldig for partiet med måten han oppfører seg på. "Får ikkje eg vere viktigper i partiet lenger, kan det vere det same!!"
Nei, Carl, voks opp og ta det som ein mann. Eg skjønner godt du vil ha posisjon, men alt i denne verda blir ikkje servert på gullfat. (Uansett kva du har tilført partiet tidlegare.)

Dagens søteste nyhet. Neida, det er ikkje meg dei siktar til. Sorry........:=) Berre eit pulver som er søtare enn sukker og samtidig sunnare. Juhuu!!

Fisk spiser føttene dine deilig myke. Hmm...... Eg er ikkje heilt sikker på om eg hadde turt å prøve. Mine føter har ikkje heilt behovet for å bli eit festmåltid for sultne fiskar. Eg ser for meg at det resulterer i både latterkrampe og ikkje minst hyling. Det går tydeleg fram av biletet i avisa.
Dei gjer nok ein framragande rensejobb, men neitakk........"Funny fish", stay where you are!

Aune Sand og Marianne aulie gifter seg. Sjekk denne kommentaren: Jeg fikk over meg en brunst av gammel storhet, og hun ble gravid på første forsøk. Hahahaha........ Her blir han kåt og resultatet av eit brunstigt knull blei både born og bryllaup i same slengen. Så folkens, hald dåke unna "one night stands". Dåke veit ikkje ordet av det før dåke er gift!!

I dag hadde eg eit skikkeleg "flashback" før eg gjekk heim frå arbeid. Heilt tilfeldig fekk eg opp Matti Røssland på dataen. Det dukka opp songar som "Den aller siste songen" (men teksten passar ikkje heilt inni mitt hovud), "La meg få drømma" (ååååhh, den høyrte eg masse på før) og "Fra vett og forstand".
No høyrer eg ikkje særleg mykje på reggae, men i dag høyrte eg på "I want to wake up with you,...." med Stevie Face. Det er vel mest teksten eg lyttar til........

Det er fredag, det er helg.......... Ha ein fantastisk fin fredagskveld!! Denne kroppen har ingen store planar for kvelden. Like greit:=)

Hasta pronto!

You know.......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar