torsdag 3. november 2011

Torsdag....

Så var det torsdag! Regnet har stagga og vi får fint vèr. Endeleg. Perfekt vèr for vedklyving. Eg kom aldri så langt i går, men i dag derimot.......

Klokka var litt over tre. To unge gutter gjekk og planla ettermiddagen. "Ja, førr vi har jo bære læselekse tell i mårra, så då kan vi jo vær ilag heeeile ettermiddagen!!" Stakkars, det var ein som blei ilter når mora fekk den setningen med seg og informerte om at dagen i dag betydde lekser, middag og vedklyving. Wow..... Det var ein som var lett antenneleg. Han skulle såvisst ikkje i noko vedklyving. Det måtte eg berre forstå. Ikkje snakk om.
Eg svara berre "synd for deg, men slik blir det". Då var det visst ikkje så kult å gå ilag med meg meir. Det kunne sjå ut som at dei begge to blei sur.....

Ved middagsbordet spurte Steffen kva tid vi skulle ned og klyve den her hersens veden. Eg svara at vi skulle ned med ein gong han var ferdig å lese leksa si. Då kom det galant. "Haha....Æ bi kje å læs den, førr då kan vi kje klyv ved". Han trudde sjølvsagt at han var veldig smart akkurat då........

Vi kom oss avgarde og i arbeid med veden. For å demonstrere litt leika han og gjorde alt anna enn å hjelpe til. At ikkje det blei lagt merke til, var nok litt skuffande, for han trudde jo sjølvsagt at han skulle vere sentral i arbeidet. Sååååå tok han borti noko medan han klatra i eit tre. Hellig overbevist om at det måtte vere ei snegle, blei han heilt fortvilt. Gud betre meg, eg lurar på kven han har arva å vere fisefin av. I alle høve ikkje meg! Han var desperat etter å få vaske handa. Det var nesten verdas undergong. Det nytta ikkje kva eg sa..... I tillegg kunne han plutseleg berre bære ved med ei hand. Eg måtte jo skjønne at han ikkje kunne bære ved med ei hand han hadde tatt i ei snegle med. Raring...... Eg spurte om han hadde tenkt å slikke på handa. "Neeeei......." Eg måtte spørre kva det då var så problematisk med å bruke handa. Så tok eg handa hans og strauk ho på kinnet mitt og sa "Ser du? Det er ikkje meir heslig enn at du får ta meg på kinnet mitt. Kom deg i arbeid gut!"
Eg trur han blei så forfjamsa at han arbeidde for to. Han er eigentleg eit lite arbeidsjern. Skikkeleg flink kan han vere. Eg syns det er viktig at han lærer seg at alle må trø til for fellesskapet. Så då han først var i gong, gjekk det radig unna. (Bortsett frå at muffinsane han baka i går, heile tida låg å lura i bakhovudet hans. Det var ikkje måte på kor han hadde lyst på muffins).

No er klokka over halv sju og eg har fått tatt ut mykje energi. Veden blei klyvd og er komen på plass i garasjen. Om litt over ein time er det tid for øving. Vi har jubileumskonsert den 24.november så det er berre å stå på.

Dommer banker sin handikappede datter. Ein dommar som jobbar med "sweet justice" og så gjer han dette! Snakk om å vere komplett idiot........ William Adams, til daglig dommer i familiesaker, ble filmet mens han brutalt mishandlet sin handikappede datter. Nå har gått under jorden. Han er til og med dommar i familiesaker. Det gjer det heile enno verre. At det går an.
I åpningssekundene av klippet kan man høre Adams si til konen sin: «Gå og hent beltet. Det store. Jeg skal slå henne nå».

Med beltet i hånden, slår han av lyset og tvinger datteren ned på senga.

På klippet kan man se hvordan dommeren brutalt bruker vold mot henne, fordi hun skal ha lastet musikk ulovlig ned fra nettet.
Til vanlig jobber Adams som dommer i familiesaker, i tillegg til saker som berører kone- og barnemishandling. Sjuke menneske. Korleis kan han klare å sitje der og døme andre for det same som han gjer sjølv. I tillegg mot ei som er handikappa og meir forsvarlaus enn andre. Jaja...... Tru alle dei tilfella vi ikkje veit om.

Nei, klokka raser avgarde. Om eg skal få tid til eit avslappandes bad først, må eg hive meg rundt. Jaja....eg dansar i alle høve ikkje i dusjen slik som Knut Nærum, Marita og Eve........... Dessutan påstår Marita at eg garantert ville ha kyssa ein kjendis (alt etter kven det er). Hmm...... ikkje bra!

Ha ein knallfin kveld:=)

Hasta luego.

I miss you a lot.









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar