søndag 6. november 2011

Ikkje heilt kveld enno.....

Eg trudde klokka var sånn rundt sju og så viser det seg at den ikkje har rukke å bli fem eingong. Dette må vere den lengste dagen på leeeenge. Eg syns sjølv eg har fått gjort så mykje i dag..... og det stemmer ikkje heilt overens med kva klokka er. Jaja, ingenting som er betre enn det, då:=)

Eg og Steffen har kløyvd resten av veden som vi ikkje rakk på torsdag. Det var ikkje noko særleg å stå der i regnet å arbeide, men det var godt å få bevege litt på seg. Sidan energien likevel var tilstades, fann eg ut at eg likesågodt kunne fortsette å bruke den. Så no duftar det deileg grønnsåpe rundt meg, og DET er deileg lukt det. Medan dei andre har sett cup-finale, har eg heller vaska hus. Etter kva eg har forstått i forhold til kampen, så har eg altså ikkje gått glipp av noko som helst. Likevel.......Gratulerer til Aalesund som no har fått kongepokalen i hendene. Det lev dei nok lenge på. Eg reknar med dei tar seg ein fest i kveld:=)

Det kan sjå ut som at det har vore ei stille helg rundt omkring. Hverken Vg eller Dagbladet har lagt ut særleg mykje nytt på nettet. Det går stort sett i cupfinaleresultatet og slikt. Det er generelt lite nytt. Det er få saker som går att og att. Valdtektene i Oslo, krisa i Hellas osv...... 

Eg trur kanskje nissen har vore her i dag. Steffen fann plutseleg (sånn heilt ut av det blå) ut at han skulle skrive ønskeliste til nissen, og brydde seg ikkje om at eg sa at det var litt tidleg for det. Han sat seg ned og laga ei liste med ti punkter. Så gjekk han og la den på kjøkkenbordet før han tok til med noko anna. Litt etter kom han attende for å hente lista, men kor var den?? Eg har ikkje rørt ho og det har heller ikkje faren. Hmm.....Nissen må ha vore her. Garantert! Lista kan ikkje rømme av seg sjølv.  Så no prøver han å finne ut korleis det kan ha gått til at nissen har kommet seg forbi oss og inn på kjøkkenet uten at nokon har merka det. Merkeleg!
(Eg trur nesten det får bli siste jula der han trur på nissen. Det er vel snart på tide å fortelje han at det ikkje er heilt slik han trur. Det er berre det at han trur såååå inderlig....... ).

Jaja....sånn går no dagane.
Ha ein fortsatt fin sundag.

Hasta pronto:=)

Halvdan Sivertsen – Savna dæ


Nu når dagen har gått hjem
Stille kommer natta frem
Stjernan blinke, tankan går
Ingen vet vel helt kor langt dem når


Men stjernan får ditt navn av mæ
Æ går aleina nu i natt og æ savna dæ
Stjernan får ditt navn av mæ
Æ går aleina nu i natt og æ savna dæ


Dagen har sitt tidsfordriv
Trygg og travel, full av liv
Natta kommer tom og stor
Uten tona nu og uten ord

Men natta får ditt navn av mæ
Æ går aleina, går i ring og æ savna dæ
Savna dæ, savnæ dæ og æ savna dæ


Folk og dyr har funne fred
Funne sammen, lagt sæ ned
Senga e førr stor førr mæ
Og det e langt tell drømmeland og dæ

Men drømmen får ditt navn av mæ
Æ ligg aleina nu i natt og æ savna dæ
Drømmen får ditt navn av mæ
Æ ligg aleina nu i natt og æ savna dæ

Eg har ikkje høyrt den, syns berre teksten var fin.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar