lørdag 5. november 2011

Laurdag 5.okt.

Så er laurdagen straks ved ende. Det har vore ein fin dag, men også litt mindre bra innimellom. Det siste har sjølvsagt vore inni hovudet mitt for det meste. Utad har det meste vore supert.

Vi har vore på fotballturnering på Oppeid i dag. Ein lang, men likevel bra dag. Steffen sitt lag har spelt fire kamper og eg syns dei var kjempeflinke. Slike dagar lev ein lenge på. Vi skulle eigentleg vere heime halv ti, men vi klarte å få bytta om på ein kamp slik at vi kunne ta ei tidlegare ferge. Det var deileg, for no får eg med meg kvelden her heime....

At dagen ikkje har vore heilt super heile tida, har ikkje rot i noko som har skjedd eller ikkje skjedd i løpet av dagen. Det er ikkje verre enn at det er akkurat 3 år sidan pappa døydde i dag, og at eg har tenkt eindel på nett det.
Eg har slitt litt med det i haust og eg har ikkje vore på grava meir enn ein gong sidan 12.juli. Eg vegrar meg veldig for å gå, og så utset eg det. Går det for lang tid, veit eg med meg sjølv at det blir vanskeleg. Så blir det til at eg gruar meg og utset det ytterlegare. Då blir det berre forferdeleg å gå dit, og så lar eg berre være for å slippe å ha det fælt.
I dag (i kveld) kunne eg ikkje la vere å gå. Eg må jo i det minste tenne lys på denne datoen. Så no har eg vore der. Kanskje ikkje heilt normalt å stå ein heil time ved ei grav, seine laurdagskvelden i mørkret. (Men ein får sagt mykje på den tida). Det var ikkje noko særleg å vere der og eg veit eg må gå attende ganske så kjapt. Det gjekk så fint når eg gjekk ein gong i uka. Eg var glad for at eg klarte å begrense meg, samtidig at eg fekk dekka behovet for å prate med han. Eg må nok kome meg attende til den rutinen att, for det går ikkje an sånn det er nå at eg skal usetje å besøke grava av di det gjer for vondt. Livet er gått vidare og det er på tide å akseptere det.
Eg har mange gonger trudd at eg faktisk har gjort det, men det viser seg fleire gonger at det ikkje stemmer heilt. Det er heldigvis ingen andre som merker noko til det....... Eg held det for det meste for meg sjølv og så lenge eg ikkje "plagar" andre med det, så får det no berre ta den tida som trengs.
Han kan ikkje svare meg på så mykje, men eg får i alle høve stilt dei spørsmåla eg treng svar på. Det hjelper litt.......
Så det gjer litt vondt akkurat no, men det går fort over.

Knekte nakken på baby etter incest. Eg tenkte eg skulle lese litt på Vg nett for å få tankane over på noko anna. Det stod absolutt ingenting som ein kunne vere einig/ueinig med. Det einaste som lot seg feste ved meg var denne overskrifta om babyen som fekk nakken sin knekt. Sjuke, sjuke menneske............ Jævla idiot. (Unnskyld språket. Kanskje eg blir litt tøffare i trynet når eg ikkje er heilt meg sjølv?? Hmm.....Det kan umogleg vere bra.).
Uansett, to menn skal ha tvunge den eines dotter til sex. Datteren skal ha blitt utsatt for grove, seksuelle overgrep siden 1990. Da hun ble gravid og fødte, skal spedbarnet ha blitt drept og begravd. Eg kjenner eg blir heilt klam. Kva er det eigentleg som styrer desse menneska?? Jenta skal ha blitt utsatt for gjentatte voldtekter og seksuelle krenkelser siden hun var to år gammel. Da hun som tenåring ble gravid, til tross for å bli fôret med svangerskapsfordrivende medisiner, fødte hun et levende barn. Frå ho var to år gamal?!!! Dei fortener ikkje berre fengsel, men tortur også! Det siste er eg eigentleg imot, men ikkje i ei slik sak. Eg kjenner det vrir seg i magen berre ved tanken på det ekle dei har gjort. Nei, fysj......

Atle innrømmer at han ikke er en "bad boy". Sat det langt inne.......? Det er jo lett å sjå at han ikkje er det. No rakk ikkje eg å sjå så mykje til dansinga hans i kveld, men det lille eg såg, avslørte at han var meir maskulin enn eg nokon gong tidlegare har observert at han er. (Og ganske "hot"..... Nyt det medan du enno kan, Atle, for i morgon er det lille dryppet ganske sikkert gått over). Han er fink til å danse, det skal han ha. Ellers syns eg han verker litt for "glatt". (Eg er nok berre ein av få som ikkje er begeistra for han). Eg trur ikkje han lar seg påverke så altfor mykje av det...........

Jessica Simpson åpner opp om gass. Gravide promper visst enormt mykje. Skikkelg interessant tema. Not! Ho er tydlegvis opphengt i dette temaet...... I alle høve ifølge Dagbaldet.no. Ho er gravid sjølv, og i denne samanhengen promper ho sikkert mykje. Litt merkeleg hobby å få av den grunn. Prompestudie?? Eg trur kanskje eg ville klart å kome opp med eit litt betre tema om eg hadde vore gravid. Det kjem aldri meir til å skje, så eg slepp å finne på noko:=)
Hennar kommentar på at eit gjennomsnittleg menneske promper 15 gonger på ein dag, er at gravide promper antalet femten gonger meir. Det betyr i realiteten 175 gonger i døgeret. Jaja........

Tannlege kjøpte tanna til John Lennon. Litt dyrt å betale 177 000 kr for ei tann........

No er sexverktøyet alle par trenger kommet. Kan til og med brukes i bilen, på vei til og fra jobb. Ha, eg trur kanskje eg må byrje å køyre på arbeid om morgonane. Om eg startar ein halvtime tidlegare, kan eg jo ta meg ein liten rundtur. Haha.......
I stedet for å snakke om hva vi ønsker, virkelig sette oss ned og snakke om hvordan vi opplever egne og partnerens lyster, nytelser og hva som fungerer godt og enda bedre, går vi rundt og lar partneren gjette hvordan vi har det. Javel?? Kva har det med eit sexverktøy å gjere? Eg får lese litt til......
Vanligst er det å leke «gjett-hvorfor-jeg-er-sur-leken». Men det er en farlig og lite konstruktiv lek. Snakk om det i stedet, gjerne ved kjøkkenbordet, eller i bilen på vei til eller fra jobb, råder Thomas Cottis, mannen bak boken «Snakk om sex - elsk mer». Eg byrjer å ane konturane av saka. Kan det vere at dette verktøyet det snakkes om er "snakk saman"??? Hmm...Det stemmer visst, det. Så spanande! Gjett om eg fekk lyst på ein køyretur kvar morgon  frå no av......... Eg står gladeleg opp ein halv time tidlegare av den grunn! (Nei, eg er ikkje seriøs no...).

Nei...... Eg skulle ein snartur innom og blei litt lengre enn det. No skal eg avslutte kvelden med å sjå resten av ein film som har starta for ei god stund sidan.
Ha ei fin natt. I morgom blir det ein fin dag her. Det er meldt kjempevèr, så det blir deileg!!

Hasta luego.

I miss you more than you know.....


















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar