torsdag 10. november 2011

Torsdag 10.november.

I morgon er det 11.11.11 (berre sånn til opplysning). Det blir vel ein heilt vanleg dag som alle andre dagar, vil eg tru. Vi er no ikkje komen dit enno........... Først må vi få avsegstyrt denne dagen:=)

Det store verdsbiletet har ikkje endra seg særleg mykje i løpet av dagen. Sverige er enno naboen vår og kjerringa til prins William og søstra hennar er framleis littegrann i konflikt med kvarandre. Medaljen har sin pris med andre ord. Likevel, litt skjer det vel rundt oss. Her i landet er det nok det same som går att i nyheitsbiletet, berre med nye folk. I Sverige er det enkelte som påstår at invandringa må maksimerast. I England skal visst Guds kraft berge dei. Ungdom må bergast frå vald, kriminalitet og drukkenskap. Då trengs det ein vekkelse. Så lykke til med å "helbrede" landsmenna dykkar "over there".
I Tyskland feirer dei at Martin Luther blei født for nøyaktig 528 år sidan. Hmm......Han er gamal!!!
Om verda ønsker det, kan dei i dag feire at det er "Verdas vitskapsdag for fred og utvikling". Eg trur nok eg står over den feiringa og brukar heller tida her!

Det kan sjå ut som at det ikkje skjer så mykje i dei andre landa. Like greit........ (Som om eg har gidda å sjekke ut alle landa....... )

Kvinne (26) siktet for drap på sitt eget barn (1). Først eit år etter at bornet døydde blir ho sikta. Ting tar tid.....Vi er i Oslo, Noreg, x antal grader lengre sør enn her. Det er veldig få detaljar, så det er ikkje så lett å skulle tippe på kva saka gjeld, anna enn at ei mor av ein eller annan årsak skal ha klart å drepe sitt eige born. Ganske utruleg. Likevel, ikkje meir utroleg enn at den norske faren som kjøpte sex til den autistiske sonen sin kjem opp på høgde (nesten) med den saka. Ikkje skjønner eg at det går an. Berre det at ein kan kome på tanken og vurdere det, er jo heilt absurd. Å utføre det...........  Ehh!
Det verste er at politiet har gjeve opp heile saka. Faren har stukke "under jorda" og er sporlaust borte. Når dei ikkje veit kor han kan vere, er det ikkje berre å føre saka.
Ikkje greit når ein blir for sexfiksert. Som mora til guten seier: "Han tror nok han har gjort sønnen en tjeneste". (Sonen er 12 år). Resultatet er no at også sonen er blitt sexfiksert!

I Hellas er fortvilelsen gått over til handling. Ikkje i positiv betydning ...... Ein mann var så fortvilt over å vere arbeidsledig og ha høg gjeld at han tente på seg sjølv. Det resulterte i ei uke i respirator. Han overlevde..... Om det var det han ønska, veit eg ikkje. Eg vil tru at livet ikkje blei så mykje betre etter hendinga. Eg veit ikkje heilt om eg klarar å setje meg inn i situasjonen og faktisk forstå handlinga hans. Litt drastisk å tenne på seg sjølv, vil eg påstå.

Vil du opp og fram i samfunnet, bør du unngå seksuell trakassering. Ikkje at det er å anbefale om du ikkje har tenkt deg opp og fram heller..... Skal du bli president, for eksempel,  bør du halde deg langt unna slikt. Det kan sikkert vere vanskeleg, men ei slik lykke som makt kan vere, har sine baksider. Berre spør Herman Cain. Mannen ønsker i ein alder av 65 å bli president. No kan det sjå ut som at det toget er gått. Det er klart at når han ikkje har heilt kontroll på nevane sine, ja, då er faren tilstades for at det kan gå galt.
Kanskje han trudde at dei fleste kvinnfolk ville teie stilt om slikt og heller gje han si stemme. Det er jo trass alt ikkje alle kvinnfolk som opptrer som monstre! Hahaha..... (Kanskje berre ca 99% av dei). Stakkars....litt glede må han jo få ha i livet:=)

Tør ørreten stupe ned Hunderfossen? Tja, kva skal ein svare på det? Den som veit svaret, kan jo vere grei å fortelje det til meg. Det er mykje vi ønsker svar på! Kan forresten ørreten føle frykt? (Hvis vi tar bort svære hoggtenner frå store haier - som dei i og for seg aldri møter på).

Å vedde med gåing/løping som straff, er aldri lurt. Det er ikkje berre her i Norsalten det har skjedd det siste året. Andreas Olsen måtte jogge frå Bodø til Hamarøy av di han tapte eit veddemål i fotball. No har to husnesingar gjort det same. Dei må gå heilt til Rosendal (dog eindel kortare enn Bodø-Hamarøy, men likevel langt nok). Eg trur eg kjenner begge to. Nei, det er greit å vere stor i kjeften, men ikkje alltid. Ein må i alle høve gardere seg litt betre. Dei kunne jo heller ha satsa håret sitt eller noko i den dur........

Papademos...... Hm. Lurar på om det namnet er sterkt nok til å berge Hellas. Redningsmann er blant orda som blir brukt om han, og det allereie før han har fått starta opp. Tja, han har litt å ta fatt i. Vi håper sjølvsagt at det går bra.

No skal denne jomfrua sørge for at ho gjer seg klar til å dra på øving. Det er to uker til konsert, så her går det ikkje an å lure seg unna. (Ikkje det at eg har lyst til det, akkurat). Det er nok berre "gøy" å øve:=)

Ha ein kjempefin kveld!!
Hasta pronto:=)

<3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar