lørdag 26. november 2011

Laurdag 26.november.

Det er laurdag og ute er det rimeleg stille. Det er alt anna enn foventa. Det har vore så mykje snakk om "Berit" i det siste at eg rekna med at det ville bli ei natt med lite svevn. Så feil kan ein verkeleg ta. Eg la meg ein eller gong mellom eitt og to (trur eg) og då var det forholdsvis stille. Eg sovna og vakna ikkje att før det var morgon og har ikkje høyrt noko som helst til stormen. Den har garantert ikkje herja utan at eg har vakna, for vindauget stod ope heile natta. Så då gjekk vi rett og slett glipp av den. Like greit!!
Eg har sett nokre bilete av storfloa på nettet, og ein kan trygt seie at det var mykje sjø! Eg trur det var bra mange kjøpsvikingar som tok turen ned på kaia i går kveld for å oververe det heile. Eg kjente ikkje nokon som helst plass at eg hadde noko ønske om det, så eg tok til takke med å studere bileta etterkvart som dei blei lagt ut.
Så spørs det kor hardt det blåste på Kornes...... Eg tenker då mest på vegen ut mot Tysnes. Viss havet var like langt oppe der som her, er eg stygt redd for at delar av vegen er øydelagt. (Sannsynlegvis den biten eg treng for å kome meg på hytta). Jaja.......

Enda en "Jakten-bonde" trekker seg. I forrige sesong av programmet var det ein bonde som trakk seg (meiner eg å ha lest eller høyrt ein stad). Denne sesongen har allereie ein bonde trekt seg og no til uka skal dei visst vise at det er endå ein bonde som skal trekke seg. Kan det vere at dei bør vurdere om det er eit program å satse på? No følgjer ikkje eg med på serien, med mindre det tilfeldigvis er andre i huset som har tv'n på og ser på nett det. Likevel, om ein kan melde seg på utan å forplikte seg til å køyre løpet heilt ut...... Kva er då vitsen?
Nei, eg har aldri heilt skjønna meg på desse sjekkeprogramma. Det er sikkert god underhaldning, for eg reknat med at store delar av befolkninga følgjer med på det. Eg har liksom berre vore i ein tv-fri modus det siste halvåret. Det går vel over det også........

"Lydverket - x " (x er for eit namn) singel etter 11 år. Mr X er ein gamal klassekompis av meg frå oppveksten min på Vestlandet. No er han tydlegvis blitt singel og får det bretta ut over nettsidene til Vg. Då reknar eg nesten med at det også står på Dagbladet sine sider. Eg har berre ikkje sjekka. Det er altså medaljen si bakside. Privatlivet får ikkje mykje fred. Er ein først blitt ein kjendis, vil media få med seg det meste som skjer. Eg syns ikkje det er noko kult for nokon som helst når det er samlivsbrudd og destod mindre kult er det at "alle" kan lese det i avisa.
Han har blitt ein av landets dyktigaste musikkjournalistar og følgeleg er han av interesse for media. Han som har fått tatovert både namn og bryllupsdato osv...... Tja, det spørs om ein eventuell framtidig kjærast vil synes det er så kult. Hmm........
Eg har aldri vore tilhengjar av tatovering, men eg har no mi lille bak på skuldra. Eit resultat av heimlengt under ein musikktur til England. Når ein først skal ta ei, så er det jo kjempelurt å oppsøke ei sjappe i utlandet....... Neppe! Jaja, det gjekk jo berre bra. Dessutan er den så liten.......og den vil aldri vere til skjemsel for nokon. Ein liten S for Steffen. Enkelte vil tru at det er ein G-nøkkel, men det er det altså ikkje.

Ellers er det no for det meste stoff om "Berit" som florerer på nettsidene. Sjølv om vi slapp billig unna, er ikkje det tilfellet mange andre stader. Ho er vel ikkje heilt ferdigarbeidd enno heller, så andre står nok for tur. Det florerer på nettet av filmar og bilete av stormen og det som er blitt rasert. Altså er avisa i dag ganske enkelt som ein kunne forvente. (Nettavisa).
Papirutgåva tar for seg saker som "Sjekk om du er sexavhengig" (førstesidestoff!!!) og "Derfor har vi et favorittbarn". Sjølv om foreldre ikkje vil innrømme det, har dei gjerne eit favorittborn. Det er berre å lese Vg, så får du svara på korleis du unngår å favorisere enkelte av borna dine.
Eg trur ikkje eg treng dra til Sverige for å få behandling for sexavhengigheit , og difor gidd eg heller ikkje lese denne superviktige artikkelen. (Den er vel det når den er på forsida???) Er du avhengig, er det berre å skunde seg på butikken før den stenger........ Dei har sikkert eit par eksemplarar att:=)

Det har vore julegrantenning og julegateopning i dag. (Vi har ei meeeegastor handlegate.......) Nissane dukka jaggu meg opp i år også, så då har vi vel alle hatt snille born. Julegrana er høg og dei fleste har nok tippa på lengden. Her i huset har vi tippa rett dei to siste åra. I fjor var vi åleine om det, medan året før var det to som tippa likt. Då tapte vi ved loddtrekning. Har vi tippa rett i år også, trur eg dei vil starte ei lita etterforskning om vi har juksa. Hahahahaha........ Gode augemål er jo ikkje å forakte!!!

No skal eg pleie kropp og sjel, så difor vil eg berre ønske ein riktig så fin laurdags kveld!!

Hasta pronto!!!

Let me stay with..........

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar