torsdag 10. november 2011

Onsdag 9.november.

Det er onsdag og eg sit her heilt åleine. I bakgrunnen speler "I've got to go now" med Toni Child. Ein veldig spesiell låt. Teksten er jo ikkje så oppløftande, men likevel liker eg låta. Toni Child har ei litt spesiell stemme og eg trur ein må høyre eindel gonger på ho før ein finn ho nteressant.......

På veg heim frå arbeid idag, var eg borti ei litt herleg hending. Eller..... herleg og herleg? Det var i alle høve veldig ekte!! Det var to litt eldre menneske som var ute og gjekk tur. Den eine gjekk der med gåstolen sin, medan den andre var hjelpar. Dei sleit seg opp bakken frå Trondskjærevegen og forbi huset vårt. Eg smilte no som vanleg til dei og spurte dei om dei var ute og trimma. "Det hær, det e det værste æ nån gång har vært med på!! Æ skal aldri gå tur ilamme ho fleire gånga!" Når den eine ikkje er så stødig til fots og ein vel ei rute med bratt nedover- og så oppoverbakke....... Ja, du kan jo sjølv sjå for deg ein rullator på veg nedover med ei bortimot nitti år gamal kjerring på slep. Det var såvidt dei klarte å gå framover då eg møtte dei.
No er det eingong slik at ein som regel får høyre sanninga av dei som er litt oppi åra, slik som desse to. Dei legg liksom ikkje noko imellom orda. Ting blir ikkje sagt for å vere grei. (Kanskje like greit?).
Det rydde altså så mykje ut av ho eine at eg hadde svære problem med å halde meg alvorleg. Det at det berre var kort veg att å gå, var reine lykka. (Ikkje skjønner eg kva dei skulle ut på så "lang" tur for når dei ikkje har helse til det. Eg foreslo at dei måtte velgje ei litt meir rett fram rute, men dei meinte sjølv dei hadde valgt den lettaste. (Det kan eg skrive under på at ikkje stemmer). Det blei uansett ei hending som gjorde at eg fekk ein god følelse inni meg. Dei var heilt supre..........

Det blir et voldsomt kjør. Det er snakk om "trekant"-premiere. Ordet legg vel ikkje skjul på kva det dreiar seg om. Sjølv ei som har levd i sølibat heile sitt liv vil tenke det same som eg. For sikkerheits skuld skal eg opne saka og sjå kva som er kluet.
Det er i alle fall snakk om at det skal bli eit hardare kjør enn forrige sesong. Om det lovar godt eller ikkje, veit eg ingenting om. Eg såg ikkje forrige runde og har ikkje tenkt å sjå denne heller. Likevel, litt har ein vel høyrt frå andre som har sett. Heftige saker innimellom slaga. Jaja....Då blir det vel framleis heftig....... NRK lover at årets sesong vil inneholde enda drøyere sexscener enn i fjorårssesongen. Det kan bety mer mat for kritikerne. Så hyggeleg.- I tillegg er det sånn at folk forventer at man skal være like åpen i private situasjoner som i programmet. Man går jo ikke rundt og sier «Jeg er kåt». Da må man få de til å skjønne at det er to vidt forskjellige roller, råder Marie. Haha.... Kanskje verda skulle bli meir open for slike kommentarar?! Det må vere ein ganske interessant jobb å ha om du skal gå rundt å vere kåt heile tida.

- Intimgrensene dine ble sprengt. I første episode så ser du meg for eksempel massere fremmede personer for å finne deres erogene soner. Det var ikke ekkelt, men ubehagelig, sier han. Hmm....Kanskje ikkje så interessant likevel. Spørs kven dei framande er....:=)

Sprøtt at barn skal kose seg med blod og gørr. Kva kan det vere snakk om tru? Det "tøtcher" i alle høve mi nysgjerrigheit.
I filmen deler barna sine tanker om hvordan det er å spille førstepersons skytespill. Enkelt fortalt er det et skytespill der du ser handlingen fra skyterens ståsted. I spillene er det ofte mye blod og aldersgrensene er stort sett 16 eller 18 år. Så det er snakk om tv-spel. Vel, eg veit ikkje om det var det eg såg for meg. Eg har jo skrive om det før. - Voksne mener at det er utrolig farlig å spille. Det er vi som spiller det. Voksne spiller det ikke. Hvordan kan de bedømme det når de bare leser bakpå, ser reklamer og leser hva fagfolk skriver? Jeg klarer å skille mellom at det som skjer her, skjer inne i en boks og når skyting skjer i virkeligheten. Da er det galt, sier en av guttene. Born og unge vil vel aldri bli einige med dei vaksne på det området. Eg trur ikkje eg skal leggje meg ut på noko diskusjon med meg sjølv i denne saka. Faren er stor for at eg vil ta ei, og berre ei side i saka. Så ungdom, sorry.......

Hun har kommet ut av et helvete. Ei 14 år gamal jente skal daglig ha blitt holdt innelåst og sexmisbrukt i over eit år. Hun skal ha blitt solgt av faren for 1000 euro og giftet bort etter rom-folkets tradisjoner til en psykisk utviklingshemmet mann (25), Det er snakk om ei serbisk jente. Der kan ein sjå korleis det kan gå når ein er frå eit anna land enn der ein bur. Dette er skjedd i Gøteborg. Hadde jenta vore svensk, ville ikkje dette skjedd. Det er bra sykt at slikt kan skje, sjølv om det er snakk om andre kulturar. Det er trass alt snakk om ein fjortenåring. Ein unge! Det kan umogleg vere pengene som lokkar?? Kanskje...... 8000 kr for ei dotter. Dei pengane varer jo lenge........
- Min klient bestrider at han har gjort noe kriminelt, sier Tommy Nilsson, den 25 år gamle mannens advokat. Ja, noko anna var vel ikkje å vente. Kven som tør stå for det dei gjer?

Røper hva han syns om hylende fans. Det første som slår meg er at han ikkje likar det, men det kan vere eg tar heilt feil. Ikkje kjenner eg att mannen på biletet heller, men sannsynlegvis er han ganske så kjent.
Tja.......Han heiter Robert Pattison og er med i Twilight. Robert møter hylende jenter kor enn han går. Det gjer at han kan puste letta ut. Hmm... Sååååå feil tok eg. Han mislikar det absolutt ikkje. Han ser på det som ein jobbgaranti. Ganske smart eigentleg.....
Han er tydlegvis ein av dei mest ettertrakta i filmverda for tida. Det er kanskje berre eg som ikkje har lagt merke til han. Det kan vel ikkje vere spesielt artig å bli forfulgt uansett kor du måtte finne på å bevege deg? Jobbgaranti eller ikkje. Populariteten har verkeleg sin pris om ein har et slik som han. Hylende jenter kan vere plagsomt........ Har sett enkelte i aksjon og Gud betre meg.....

Her er nok av innslag i dag (kveld, natt, whatever...), men eg skal slutte av så eg ikkje blir så trøytt i måro. Toni Child har kutta ut for lenge sidan , det er berre eg og dataen som kokelurer akkurat no. Det er ikkje farleg når dataen er så liten at den kan slå følge heilt inn på soverommet. I utgangspunktet har eg slukna for lengst, eg berre ikkje veit det sjølv. Så ha ei fin natt og sov godt=)

Hasta luego. :=)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar