søndag 13. november 2011

Sundag 14.november.

Først må eg vel gratulere alle stolte fedre med dagen. Det er sundag og farsdag. I dag skal borna vere dei som vartar opp........... Så då håpar eg dei fleste fedrene har ein fin dag.
Mitt bidrag i dag får vere å tenne lys for min pappa.

Eg fekk rett i går om at det mest sannsynlegvis var berre den dagen som kom til å bli fin. Klokka er passert halv eitt og eg har enno ikkje sett ut av vindauget. Likevel, eg veit det ikkje er særleg bra vèr. Kva gjer vel det? Vèret er vel det som bekymrar meg minst i denne verda:=)

I dag er det nok ikkje den beste dagen eg har i løpet av dette året. Difor tenkte eg at kanskje eg skulle prøve å finne nokre litt artige saker på Vg nett og Dagbladet. Ganske typisk at det ikkje er ei einaste sak som går an å bruke. Jaja.....One of those days.

Heilt fritt var det jo ikkje. Ikkje dersom det at Rune Larsen saknar Anna Anka er bruktbart. Det var jo ein ganske rar kombinasjon, dei to...... Eg vil tru dei er to rake motsetnadar. "Skal vi danse" er over for denne gong. I går var det finale og Rune og Anna fekk sjå kvarandre att. Eller......gjorde dei eigentleg det?? Eg fekk med meg at "alle" dansarane var der, men eg kan plutseleg ikkje erindre at eg såg ho. Hmm...... Kanskje ein burde ringe TV2 og spørre?? Haha....

Atle vann! No må han visst tatovere "Skal vi danse"-logoen på leggen. Lite lurt å kome med slike løfter...... Eg trur ikkje han er riktig navla. Aldri i verda om eg ville tatt ei diger tatovering på leggen etter ein konkurranse. Det er godt vi er skapt like:=)

Nytt Mars-eventyr er testa på Svalbard. No skal dei ut og leite etter mikroberestar. Det er testa ut på Svalbard av di det er den staden på jorda som er "nærmast" Mars. Eit atomdrevet vesen skal skytast opp 25.november. Jaja....så spørs det om det neste vi får høyre er at det er liv laga på Mars. Kanskje det er dit vi skal flytte Marsboer......

Kvinne voldtatt i pirattaxi. Jezzes.......Har ikkje oslodamene lært. Etter alle desse tilfella som har vore dei siste ukene...... Det er minst 6 drosjeselskap i Oslo. Kva i alle dagar tar ein pirattaxi for då?? Ikkje for å seie at ein ber om det, men med det fokuset media har hatt på valdtekter den siste tida, burde vel alle ta sine forholdsreglar?!!

Nå er det slutt på damene, kranglingen og intrigene. Berlusconi har gått av. Hahaha.....Det er det beste eg har høyrt/lest i dag. Jada...... Har han no vore ein damefut fram til no, ja då er det vel ingenting som tyder på at nett det kjem til å ende med hans avgong. Ein gong glad i damer - alltid glad i damer. Eller noko sånt:=)  Forskjellen ligg vel heller i at han ikkje like lett vil kome seg til dei no når han ikkje har same maktposisjon. Det er mykje ein kan skaffe seg berre ved å ha ei høg stilling. Det er nok av kvinner i verda som stiller opp i slike tilfeller. Lykke til Herr Berlus............

Som sagt......Det var ikkje mykje spanande å lese i avisa i dag. Det kan jo sjølvsagt vere at det er meg som ikkje er på stasjon i dag og difor ikkje ser sakene. Det kjem nok andre dagar.

Ha ein fin sundag!

Hasta pronto:=)

You're still the one.......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar