lørdag 19. november 2011

Laurdag, laurdag, laurdag.....

Jomfrua har fått hakk i plata og om det er bra eller ikkje, må du finne ut av sjølv. Ikkje er ho i stand til å svare på det sjølv!

Det er laurdag og halvvegs inn i helga er det ikkje mykje som skjer her i garden. Det kan sjå ut som om at det blir ein stille kveld foran tv-skjermen. Med mindre eg gjer som i går - og går ned og øvar ein time på kornetten ein time..... Eg syns eigentleg eg var flink som øva så lenge. Det er jo konsert om få dagar, så då skal i alle høve eg gjere mitt til at det skal gå bra:=)

Slik eg har forstått det, har Jo Nesbø sagt at det det ikkje skal lagast film om Harry Hole. No står det alt anna enn nett det på nettsidene. No skal det visst lagast film likevel, og det med ingen ringare enn Leonardo Di Caprio. Vel, det står kanskje ikkje akkurat det, men det er han som er den heitaste kandidaten. Harry Hole som er ein avdrukken politimann og Di Caprio? Eg ser for meg alt anna enn det. Di Caprio er jo "litt" hot, noko som eg ikkje ser for meg at Harry Hole er. (Til trass for alle kvinnfolka han har nedlagt). No har eg jo hatt eit hemmeleg forhold til Hole over lengre tid det siste året og eg føler eg blei ganske kjent med han. Nei, finn ein annan enn Di Caprio, for han blir garantert å øydeleggje "imaget" til Hole. (Sorry, Leonardo).
Don't mess with my Hole!!! (Hahahahhaha-...........).

 Nabo fjernet ambulanse mens pasient ble hentet. Hahaha...... Fjott!! Eg ler ikkje. Det er meir sånn der hånfliring. Det er vel ikkje første gong at enkelte manglar litt av det vi på godt norsk kallar for IQ. Å setje seg inn i ein ambulanse (som står foran eit hus) og flytte den til ei sidegate lenger bort, er vel noko alle skjønnar at ein ikkje kan gjere?  Ein ambulanse står vel aldri foran eit hus på denne måten utan at det er ei årsak til det. At folk set seg sjølv foran alvoret i at ein ambulanse må hjelpe ein pasient, er uforståeleg. Kva om det hadde vore snakk om liv?? Jaja......Det skal mykje meir til for å overraske meg!

Dette tv-spillet gir deg fin rumpe! Hahahaha....Eg vil heller ha den rompa eg har (take or leave it) enn å bli speleavhengig. Viss eg må spele meg til fin rompe, så kan eg heller klare meg med den eg har. Rompa har vel ikkje såååå stor funksjon at den skapar problem om den ikkje er heilt perfekt?? Hallo??
Det beste er at dette kan skje i di eiga stove!! Hmm.....
Det som gjør Microsofts Kinect for Xbox 360 spesiell, er at du ikke trenger en dings i hånden eller et brett å stå på.

Et avansert kamera som er i stand til å skjelne ansikter, og registrerer bevegelse i tre dimensjoner, følger bevegelsene dine til punkt og prikke. Og det gir den friheten som skal til for at treningsspillene med Kinect faktisk fungerer. Gud kor lyst eg har på eit spill som kan skjelne ansiktet mitt!!!! Tre dimensjonar?? WOW,,........ Like I care??
Det eg lurar mest på, er eigentleg korleis dei kan påstå at vi får så fin rompe av dette spelet. Det er vel ikkje slik at alle kan få fin rompe?? Vi er vel alle skapt ulike, og eit spel kan vel ikkje akkurat sørge for det??! Fast rompe, kanskje, men det er jo eit heilt anna uttrykk enn fin. Fast eller fin?? Kva er forskjellen?? Steike ta...... Det er søren meg ikkje rart det er krig i verda!! Tenk på alle dei kjerringene som hissar seg opp av nett reklamen til dette spelet. Sinte kjerringer skal ein ikkje ta lett på. Stakkars menn!!!!  Eg er imponert over at dåke held ut med oss. Vi kan såvisst vere vanskelege vesen!!!............ Godt det går fort over.

Steve -O. om ville stunts, skader og tidleg sædavgang........ Hmm, kanskje ein ikkje burde lese om dette?? Ville stunts og skader har nok ein nær samanheng med kvarandre. Kva tidleg sædavgang har med dette temaet å gjere, er eg eigentleg ikkje heilt sikker på. Det må kanskje vere at om det er lenge sidan sist ein har hatt sex, så vil det kome ein tidleg sædavgang??! Vel, kva gjer vel det?? Eller så kan det jo vere at ein eller annan (kanskje Steve-O sjølv) slit med akkurat dette problemet. Eg kjem nok ikkje til å få svar på dette av den enkle grunn at eg ikkje gidd å opne saka. Eg har då vel betre ting å gjere enn å lese om dei som har for tidleg sædavgong.

Han skal ha injisert lim i kvinnens bakdel. Au!!! Det kan vel umogleg ha vore deileg?! En amerikansk mann er arrestert av politiet i Florida etter å ha brukt særdeles uvanlige ingredienser for å forstørre en kvinnes rumpe.
Prosedyren skal ha inneholdt en serie innsprøytinger av en hjemmelaget silikonblanding bestående av blant annet superlim, mineraloljer, tetningsmasse og «Fix-A-Tire», som er en type dekkfiks, i kvinnens bakdel.
Huff...... Som sagt........ Om nokon ikkje er nøgd med den rompa eg allereie har, så synd for dei!! Tek å gjere slikt frivillig!! Eg blir heilt satt ut berre av tanken. Feilen hennar er at ho har brukt ein som ikkje har lisens til å praktisere som lege. Klart ho har fått problemar etter dette. Kven ville ikkje det?? Nei, ver nøgd med den du er, seier eg!!

Northug mistet "mest sexy"-tittel etter fotonekt. Ja!! Der får vi svaret på kor djupt slikt eigentleg stikk. Eg har aldri skjønt meg på desse kåringane, og no ser vi jo at det er fleire ting som speler inn. "Hei! Du er kåra til den mest sexy sidan den mest sexy'e har takka nei." Eg kjenner eg blir dårleg her eg sit...... Finn no noko anna å publisere i VG. Det er trass alt ei riksavis. Ei riksavis bør vel innehalde ein viss prosent info om litt viktigare saker enn kven som er mest sexy??! (Ja, eg veit det....Eg nemner dei jo her også. Eg trur eg har tapt for lengst!!).

Eg trur eigentleg at akkurat no er eg istand til å sitje her heile natta om eg ikkje avgrensar meg. Så difor skal eg kakke meg sjølv i nakken og slutte av. Måtte verda fortsatt leve om ikkje folk vil fikse rompa si, la  ambulansane redde liv om nødvendig og Northug få vere akkurat så sexy som han sjølv vil. (Han stiller ikkje på første rad hos meg, men kva gjer vel det??).

Ha ein fortsatt fin laurdagskveld, natt til sundag,........what ever.......

Hasta pronto!!!

 <3 <3 <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar