onsdag 2. november 2011

Onsdag !

Knut Nærum må vere den raraste personen eg veit! (Beklager så mykje Knut, men du er litt merkeleg). Nærum er kjent for å servere "morosomheter" med alvorleg mine på TV. 1,3 millioner menneske følgjer med på han (ifølge statistikk....). Han er i den siste tida blitt intervjua og eg har lest svara han kom med. Det er dei som gjer meg grunnlaget for å seie at han er rar.

For det første påstår han at han aldri har brutt ei einaste lov. Han er faktisk lovlydig inntil det kjedsommelege. Det aller sprøaste han har gjort, er å kjøpe leiligheit på 80-talet. Med andre ord har han ikkje vore med på mykje sprøtt, spør du meg.
Han vil ikkje kysse ein superkjendis av di han ikkje veit kor deo leppene har vore...... (Vel, eg ville ha sagt nei til ein superkjendis eg også).
Han danser i dusjen (faktisk......og det er rart). Han vil aller helst ikkje spise knappenåler (fjott!!).
Det første han ser på hos kvinner, er dei små teikna som avslører om ho er vennlegsinna eller akter å angripe. Stakkars mann! Trur han at alle kvinner har eit innebygd monster i seg?? Tviler på at den generelle mann ser etter det kvar gong han møter ei kvinne. Jaja.....Som eg sa, rar!

Nærum hugser ikkje sist han gret. Vel, det er kanskje ikkje noko rart ved det. Det fell ikkje naturleg for alle menn å gråte. Så det får bli hans sak. (Det gjeld jo eigentleg alt........). Det som er litt kult oppi det heile med gråtinga, er nettopp det som faktisk kan få han til å gråte. Det er retta mot enkelte typar filmar (med happy ending osv.....). So real life don't make him cry, but movies....... Hmm. Rart??

Sist gong han lo så tårene trilla, var i august. Årsaka til det, var ikkje verre enn at "Happy birthday" blei syngt litt for sakte. Eg trur kanskje han må ha eit litt kjedeleg liv??? Eller så svarar han som han gjer av di han skal prøve å vere moro......
Om huset hans brenner ned, og han redder EIN ting, så er det brannslukkingsapparatet. Haha...... Vel, han gjer jo det som er sikrast då:=) Ein skal jo ikkje prøve å berge med seg noko. Det viktigaste er å kome seg unna. Likevel, om sjansen hadde bydd seg, trur eg kanskje (og berre kanskje at eg ville sneke med meg noko. Etter først å ha slengt ut Steffen).

Hans beste venn er kjerringa!! No meiner ikkje eg å påstå at det er rart. Langt ifrå. Det er jo berre fint at han ser det slik.......Om han berre ikkje hadde fulgt opp med neste setning. Det er mest praktisk sånn. Hallo?? Eg kjenner eg får lyst til å seie "Faen for ein idiot", men av respekt for han lar eg vere.
I tillegg kan han ikkje telle. (Ser det ut som). Han skildrar seg sjølv som beskjeden! Jaha? Han er jo verre enn eg.

Eg trur kanskje ikkje det er så mange som har sett han le. (?) Dei har faktisk avbilda han og kjerringa av den enkle grunn at dei klarte å finne eit bilete dei faktisk lo på. Så er han jo moromann med alvorleg mine.......

Sånn går no dagane. Det er onsdag og onsdagar er bra til det meste. Til og med det å gå til tannpleier. Eg trur det snart nærmar seg tre år sidan sist eg var der. Det plumpa no ned ei innkalling til kontroll her om dagen. Dei har vel oppdaga at eg ikkje kjem på eigenhand om dei ikkje innkallar meg. Eg ELSKER tannlekjarar. Not...... Eg veit ikkje kvifor. Eg har eigentleg ikkje noko imor dei, men eg har berre ikkje behov for å besøke dei utan at eg må. Heldigvis var det ikkje fullt av hull som måtte tettast. Det gjekk no berre bra.

Eg trur nesten eg døyr her eg sit..... (Ler..) Steffen spurte meg nettopp om vi kan bake muffins. Eg svarte at eg skal vurdere det. Så kjem plutseleg faren heim og Steffen har no funne ut at han og faren kan bake. Då ler eg. Eg trur kanskje eldstemann blei litt stressa når spørsmålet kom. Kanskje ingen muffinsbakar. I alle høve ikkje om det må lagast frå botnen av. Spørs om eg ikkje bør tilby min ekspertise.
Det kan sjå ut som om at dei har funne ut at det må vere løysinga. Dei kviskrar fælt, men ikkje lavare enn at eg høyrer at dei planlegg kva dei skal seie til meg. "Kjæææææære mamma. Æ e så glad i dæ. Kan ikkje du bak muffins tell mæ". Steike, det er sleipt når fleire rottar seg på lag. Vel, dei yngste augene funkar betre enn dei eldste.  Eg får vel slutte av og stille opp. Det er vel ikkje lenge før eg kan byrje å bestille ferdig mat kvar dag. Hmm.....Det var jo ingen dum idè. Sjølv måtte eg koke poteter kvar einaste dag då eg var 9-10 år gamal.
Han har jo allereie baka sjokoladeskuffkake på eigenhand, så det fins håp:=)  <3

Så då er den neste timen lagt. Muffinsbaking. Juhuu, eg gler meg!
Ha ein flott kveld!!

Hasta luego.

Squeeze and hug you all trough the night.
Yes,  I wanna dance......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar