lørdag 12. november 2011

Laurdag 12.nov.

Det er ein nydeleg dag, berre så synd det er meldt eit heilt anna vèr i morgon. Vi ser framleis sola og med ein stort sett skyfri himmel og mange plussgrader, er det ikkje mykje som tyder på at vi er midt i november. Det er som ein kva som helst haustdag. Det er ikkje eingong litt snø i Nestinden.
Eigentleg burde eg vel ha brukt dagen i naturen. Det er ikkje sikkert vi får fleire slike dagar som i dag.

Det er stille rundt øyrene. Ein ligg og søv medan andremann er på besøk hos ei venninne. Så no nyt eg berre stillheita og sit og "leikar" meg her på dataen. Eg har enno ikkje vore innom nettsidene til avisene, men eg reknar med at det er gjort før eg ferdig å skrive her.
Det er andre ting eg heller ville ha gjort i dag, men ein kan ikkje alltid få det som ein vil........Så no skal eg gjere det beste ut av det og myte denne åleinetida.

Det står mistenkeleg lite på Vg sine nettsider. Har skribentane tatt juleferie allereie?? Det er kjipt å lese om at Eggen skjelte ut feil klubb for 238'ande gong. Kanskje det er så mange som les/ser innslaget at den blir verande der leeenge? Ikkje veit eg. Eg er i alle høve ikkje ein av dei som har sett innslaget. Det er ikkje så interessant å sjå på at ein mann skjeller ut nokon. Det fins liksom betre saker.........

Eg kan sjølvsagt gå inn og sjå på dei finaste vinterjakkene, eller lese om korleis norske menn burde kle seg. (Håper dei ikkje meiner at alle menn skal kle seg likt. Det ville blitt kjedeleg!).
Eg kan stemme på Noregs favorittbil...... Tja, med den bilinteressa eg har, så var jo det eit genialt forslag. Eg veit i alle høve forskjell på ein gamal Volvo og ein Golf!! Ikkje dårleg berre det. Eg veit sjølvsagt at vi sjølv har ein Citroèn og at ein eg kjenner har ein Ford, eller var det Mazda(?) eller kanskje ingen av delane..... Hmm. Eg sug i bilmerker!! Jaja, take me as I am:=)

Gjenoppstår. Vi snakkar Black Sabbath. No er ikkje eg akkurat den største Black Sabbath-fan, men eg kan heilt sånn vagt erindre at eg i løpet av undomsskuletida var litt opphengt i musikken deira. Hovudårsaka til det var no vel heller meir eller mindre at dei kule gutta i klassen digga dei og eg skulle liksom vere like kul. Eg vil tru det var ganske stort sprik mellom skulekorpsøvingane og lyttinga til Black Sabbath. Eg likte begge delane.(Heilt til eg tok til vitet. Etterpå har eg vel aldri lytta så mykje som eit sekund på dei......).

Atle føler han har blitt meir mann!! Det er mykje "Skal vi danse" kan utrette, skjønner eg. Så no har han tatt spranget frå å vere unggut til å vere mann.

Terese Johaug får klær i posten av hemmelig beundrer. Heldiggrisen!! Hahaha.....Det må jo vere supert??! Neida, det er vel ikkje så kult å få noko frå nokon ein ikkje veit kven er. Litt spesielt å sende klede, då?! Det er vel ikkje så vanleg praksis rundt om.
Etter å ha lest litt meir, ser eg at det ikkje er snakk om berre èin beundrar, men mange. Terese syns det berre er hyggeleg, så då gjer det jo ingenting.

Kari Traa har et irritasjonsmoment. .........bla, bla, bla.......Skuffelse. Det var kun snakk om at ho drikk så mykje kaffi og at ho lar koppane stå att etter seg. Dette er noko Atle har hengt seg opp i og han gler seg til det er over og slepp å forhalde seg til det. Kjempebig deal.........Eg såg for meg noko mykje "større" enn det.

Richard Juhlin kan lukte sykdom og kjønn. For all del, dusj før du møter denne mannen!! Richard Juhlin smiler og rynker fleipende på nesa. Han har akkurat fortalt at han kan lukte hvor i syklusen en kvinne er, om irritasjonen over kelnere som vasker restaurantbord med skitne kluter — fem bord unna hans eget. Om lukten av alder, lukten av mann, av kvinne — og av et lykkelig par. Og om noe så kontroversielt som ulik lukt av ulik rase. Snakk om følsom nese!! Stakkars mann......

Om en melkepakke hadde stått åpnet i kjøleskapet i mer enn en time nektet Richard å drikke fra den. Like kresen var han i matveien. Fotballkarrieren måtte legges på hylla på grunn av at han syntes banene stinket av harpiks.
Men verst var det imidlertid i forhold til kompiser. Enkelte luktet så ubehagelig at Richard ikke ville leke med dem, mens andre igjen unngikk han å besøke. For ein barndom, seier eg!!! Han skal vere glad han ikkje er lærar! Hahaha.........

I Nigeria bygger dei nye hus av resirkulerte flasker. Snakk om å ta resirkuleringa til nye høgder. Huset som er illustrert på nettet sørger nok ikkje så veldig for at eg skal ønske meg eit likedan hus.

No skal eg slutte av for denne gong. Ha ein flott laurdag!!

Hasta pronto.

I miss you so much......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar