fredag 4. november 2011

Fredag og helg:=)

I dag har verkeleg vore den stooore dagen. Eg har altså flira og flira. Med andre ord: Ein herleg dag!
Før eg gjekk heim frå arbeid, fann eg plutseleg eit lite kort som stod på datamaskinen min.

Det var jo veldig koseleg å finne, då:=) Eg er ikkje heilt sikker på kven som har satt det der (eg rakk aldri å spørre), men eg kan jo kanskje tenke meg til svaret. Helga starta med andre ord bra!

Eg for rett frå arbeid og ut på ein litt lengre køyretur. (Impulser er veldig bra). Returen er den gøyaste eg har hatt på leeeenge. Eg flirte så tårene trilla. Årsaka var ikkje anna ein ein sjuåring, men Gud for ein herleg sjuåring det var snakk om i dag. Han kom med gåte etter gåte som perler på snor. Dei var så dårlege at dei blei megabra. I tillegg blei dei sagt med ein sånn entusiasme og spenning at det heile blei heilt supert.
Eg hugser ikkje heilt alle gåtene, men nokre av dei ligg enno gøymt på hardisken min.
1) "Ka e det som har en fot og en hatt, men ingen fengra?" 
2) "Ka tøy kan ikkje vaskes?"
3) "Ka e det som lægg sæ med sko på?"
4) "Ka e det som e veldig lite og firkanta, men likevel kan reise rundt jorda?"
5) (Dette er den beste.) Ka e det som flyg i lufta og har fire føtter?"

Om eg ikkje tar heilt feil, har han lært dei av læraren sin i fjor. Han (Steffen) har rimeleg god (veldig god) hukommelse og i dag leita han opp alle saman i hovudet sitt. Dette var berre nokre av alle han kom med. No kan jo du lure på kva svara er, og så kan eg kome med fasiten heilt til slutt. (Dei er heilt elendige, men det er det som gjer dei så bra!). Han kom med dei på ei tid eg mistenkjer han for å vere overtrøytt. Han flira like mykje som oss og så heilt plutseleg så sov han. Det var ikkje berre, berre å bære han inn ifrå bilen og rett i seng. Eg kan ikkje hugse at han var så tung sist, men så er det vel ikkje så ofte det skjer at ein må få han inn på den måten. Det er nok ikkje lite slitsamt å halde seg vaken ein fredagskveld. Eg trur ikkje det er mange fredagar han ikkje har vore sliten. Det tar på med ei heil skuleuke.

No er det rukke å bli ganske seint, så eg skal ikkje sitje så lenge her på dataen. Eg skulle eigentleg berre innom ein snartur for å sjekke noko. I morgon (laurdag) skal eg til Oppeid. Steffen skal på fotballturnering og eg skal heie på han:=) Det blir koseleg....... Han gler seg verkeleg! Det blir ein lang dag. Dei har ikkje siste kamp før kvart over sju, så det betyr at vi ikkje er heime før halv ti på kvelden. Om han var sliten i dag, ja, då skal han i alle høve få merke det på kroppen i morgon. Ingen fare for at han sovner på turen der (i og med at det er mange andre born med også). 

Svar på gåtene:
1) Soppen   2) Syltetøyet  3)  Hesten  4) Frimerket   5) To fugla.

Ha ei kjempefin helg!!

Hasta luego.

I was listening to you when your message arrived.......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar