mandag 7. november 2011

Måndag 7.november.

Eg er ikkje heilt sikker på om at eg har hovudet heilt med meg i dag...... Ikkje at det gjer noko:=) I morges regna det sånn og sjølvsagt låg paraplyen min på arbeid. Det ringte liksom ingen bjeller som sa at det berre var å ta på seg regnklede. Dei heng visst berre der til pynt. Så eg slo til og køyrte på jobb. (Uff, ja...Ikkje bra!). No har det seg slik at eg aldri køyrer på arbeid (for det ville jo vore tragisk). Så då eg tusla heim litt over halv fire idag, tok eg paraplyen med meg (for den klarte eg å hugse i dag) og byrja å rusle. Tilfeldigvis møtte eg ein mann på min veg som spurte om eg hadde paraply idag. I same augeblikk eg svarte ja, kom eg på bilen. Svarten og, då måtte eg jo plutseleg gå attende og hente den. Svimle Beathe. Jaja, litt ekstra trim.
Det er jo måndag, og det er vel slik måndager skal vere?!

Hellstrøm meiner det går an å spise kråker. Æsj og atter æsj. Han seier ein må tilreie den som ei rype. Eg ser ikkje heilt likskapen mellom ei rype og ei kråke. Sidan eg no heller ikkje såg for meg at eg skulle spise kanin, men valgte likevel å gjere det, så skal eg ikkje påstå at kråke må vere ekkelt. Likevel......høyr på ordet. Kråke!?! Usj..
Ikke fyr for kråka, spis den istedet. Å fyre for kråka er jo eit uttrykk vi kjenner godt og har ingen samanheng med mat. Hellstrøm har likevel blanda ho inn i tankegangen sin og følgeleg også min. Kråker er blant de mest intelligente fuglene i verden - og kan betraktes som en delikatesse!

Då er eg meir einig med Brimi som ser på den som åtselfugl. Han syns absolutt ikkje at kråka egner seg som mat. (Vi høyrer på Brimi).

Fridde på T-banen - med fullt kor. Haha....... Han var vel bra sikker på at han skulle få ja, då! Det hadde vore kjipt å få nei til svar i ein slik samanheng. Ikkje det at T-banen er så romantisk, akkurat. Det holdt på å gå i vasken, for ho prøvde å insistere på at dei skulle ta bilen. Eg har sett innslaget og det var litt spesielt. Eg må innrømme at eg oppdaga at eg sjølv satt og smilte for meg sjølv då opptaket var ferdigsett, så litt inntrykk gjorde det nok:=)

I Fremover idag advarer Trond Laksaa mot publisering av nakenbileter. Eg trur ikkje all ungdom skjønner kor mykje det kan øydeleggje for dei i framtida. Dei tenkjer ikkje så langt fram. Det er nok ikkje kult å sitje på eit jobbintervju og bli konfrontert med slikt..... Det er slik det er blitt mange stader i dag. Arbeidsgjevarar googlar dei som søkjer arbeid hos dei. (Meir og meir vanleg).
Det er heller ikkje så kult for born og unge å sjå nakenbilete av foreldra på nettet. Eg reknar med at akkurat det vil dei synes er ekkelt. Eg ser for meg at Steffen som 14-åring ser mora i hyggeleg positur på nettet. "For eit vakkert syn!" Hahahaha......Eg trur eg døyr. Nei....... Eg skal ikkje fleipe med det. Det er jo eit seriøst tema (eg klarte berre ikkje la vere).
Konklusjonen må vere at dette er noko vi som vaksne må ha fokus på overfor born og unge. I tillegg så treng blant anna ikkje ein tiåring facebook. Det er aldersgrense på dte forumet, men det er mange som langt ifrå bryr seg om. Eg ville vore bra naiv om eg lot Steffen få facebook no og tru at han er skjerma for det meste berre av di han er så ung.
Skulle det no florere av nakenbilete av denne jomfrua på nettet, så pass på. Då har det tørna for ho........

(Eg veit ikkje om biletet av "Alt for Rognan"-karane i Fremover er så mykje likare. Thihihihi......)

Ha ein fin ettermiddag/kveld.
Hasta pronto.

If I had spent all the minutes I've been thinking/longing .............

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar