søndag 6. november 2011

Sundag 06.november.

Haha......Eg skreiv i går at dette kom til å bli ein deileg dag. Jaja, eg trur ikkje eg har fulgt så mykje med i timen i går då dei annonserte vèret. Det er ikkje akkurat eit deileg vèr...... Kva gjer vel det? Dagen kan jo fullt ut bli "deileg" likevel:=)

Det er enno tidleg på føremiddagen og eg sit her litt på nettet og surfar. Ei venninne frå Steigen har lagt ut ein link til ein song og eg var litt nysgjerrig og tok likesågodt og lytta til den. Den heiter "Leita etter lykka" med Hellbillies. Eg har ikkje høyrt den før, men den er eigentleg ganske fin.
Eg må innrømme at eg syns teksten er litt kort (i lengde). Det er to vers, begge versa med berre to liner + refreng. Tja, så den er vel ikkje så innhaldsrik, med andre ord. Vel......Kanskje eg må arrestere meg sjølv der. Det er vel nett det den er?! Innhaldsrik? Kva betyr det ordet? Teksten har få ord, men den seier likevel vanvittig mykje. Så sånn sett.........

Vers 1:

Leite etter lykka, finne seg ein augenstein.
Den e vanskeleg å finne, men nå skjønna eg at eg har komme heim.
Ref:
Det er med deg eg helst vil leva, ja du er den eg helst vil ha.
Eg banka på den inste døra.
Reiug og klar står og venta på svar, du må åpne grind og dør, for en stakkarsleg sjarmør.

Vers 2:
Bare du ingen andre, eg veit det varer til min alderdom.
Du er så lik idealet, som eg har drømt så mange drauma om.


Ref:

Dette er heile songen...........

I dag er det cup-finaledag. Det er vel ingen tvil om korleis dagen her i huset kjem til å forløpe. Vel, no treng strengt tatt ikkje eg gjere nett det same som dei andre, så kanskje eg skal "hobby-lere" litt nede i kjellaren. Eg er stygt redd for at eg ender opp med å sjå cup-finalen eg også. I så fall håpar eg på Brann. Ålesund har eg ikkje noko forhold til. Nei, heia Brann!

No er det ein liten gut som ber mora få opp dampen. Han har plutseleg funne ut at det skal klyves litt meir ved. Hmm... Det er jo sundag. Jaja. Kvifor ikkje? Så blir det vedklyving no, då. (Kanskje han har ein baktanke?? Det skjer det også..... om det er noko han har lyst å kjøpe seg.)
Vel, eg skal ta mp3-spelaren med meg  i vedklyvinga og lytte til "min favoritt". Det er nok ikkje meir enn ein liten times arbeid att der nede, så det går fort.

Ha ein kjempefin sundag!!!

Hasta pronto:=)

I wanna feel you......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar