søndag 4. mai 2014



Helga mi!
Har eg hatt ei bra helg?

Eg har vore på hytta og stort sett vore utan internettmesteparten av tida. Det vil seie at det er dårleg dekning og viss ein orker å prøve ein time i strekk, ja så får ein sikkert litt kontakt. (Men kven gidd det, liksom?)
Så var eg så dum at eg gjekk ut ein tur, torsdagskvelden. Telefonen låg i lomma, ein stad den skulle ligge urørt…..med mindre nokon plutseleg skulle finne på å ringe meg.
Sjølvsagt hamna eg midt i godsone for internett, og DER høyrde eg plutseleg eit lite pip frå lomma. Nysgjerrig som eg er, måtte eg sjå kva det gjaldt. Joda…….. Eg blei utfordra via Facebook til å bade.
Farsken også…….At eg ikkje kunne la vere og sjå. (For eg kan jo ikkje ta for noko eg ikkje veit om?!!) Jaja, Viss andre kan. ja då kan jaggu med eg også! Skal såvisst ikkje ha på meg å vere ei pingle.
Så vel vitande om at det ikkje kom til å gjere godt for kropp og sjel, bada eg fredagen.

Det har seg sånn at det er langgrunt overalt i nærleiken av der eg har hytte, så om eg hadde gått femti meter lengre ut enn det biletet viser, ville det ikkje ha vore noko djupare. MEN, eg låg desto lengre uti. Av tidlegare erfaringar har eg lært noko……..og det er at fleire har trudd at dei har tatt bilete med mobilen min, og så har det vist seg at det ikkje har blitt tatt likevel. Så denne gongen var beskjeden "Du har med å trykke heile tida. Berre trykk og trykk….for eg kan slette etterpå." Eg skulle med andre ord gardere meg! Så difor låg eg også lenge uti for å vere sikker på at det kom på film. JA, det var kaldt! (På morgonkvisten var det jo trass alt minusgrader i lufta, så ………. )

Eg måtte flire litt, for på Facebook var det ein som hadde kommentert under utfordringa til meg….."Tørr å sætt pænga på at ho Beathe gjør det og utforder han pappa bærre før å kødd me han." Hahahahaha………. Sjølvsagt!





Det blei ikkje noko "gå sakte-aksjon" då eg først fekk komen meg på føtene att. Likevel….. Det var faktisk ikkje så kaldt som ein skulle tru etterpå. Det var varmare på land enn uti, så eg trengte ikkje stresse kleda på meg. Heldigvis båla vi også. :=)

Både Kurt Wallander og eg syns til tider at det er hardt å vere på topp. Då er det godt med ein god sofa i partyteltet. Kva er vel betre enn å sove litt i frisk luft? 

Litt klatring i tre må også til. Det overlot eg sjølvsagt til den yngre garde. Sjølv følte eg ikkje for å klatre. Hmmm…..Merkeleg…..

Plastball er aldri kult, men i helga var det visst akkurat det som gjaldt. Eg trur ballen var med overalt. Dei to lærballane som er der, blei liggande ubrukt. Området, naturmessig, er rett og slett upåklageleg. Så på dei tidspunkta det var sol og oppledt, var det utetid som gjaldt. (For vèret var det ikkje lett å bli klok på. Snø, sol, regn, sol, snø……varmt, kaldt……….)

Med ein stor sofa (med masse ledig plass) er det klart at oppå mora er beste plass å vere. <3 p="">
Maling av egg og steinar var ein av hobbyane som blei prøvd ut i helga. Det er eigentleg ein fin hobby. Først måtte vi sjølvsagt på stranda for å leite etter dei rette steinane og skjella. Han skulle absolutt ha ein, og berre ein, type skjell. 

Å spikke med kniv er gøy det også. Her har minstemann spikka seg ein "blyant" som han etterpå har mala. Den blei både stor og fin. 
Det beste var vel eigentleg at medan han spikka, mala osv…….. kunne eg legge meg for meg sjølv her inne i teltet og kose meg med Wallander-romanen. (Eg blei ferdiglest, så no skal eg byrje på neste bok i kveld.) Det går med sirka ei bok i uka. Det er passe mengde, for ein skal ikkje lese for mykje heller. 

Så helga har forsåvidt vore innhaldsrik. Noko anna vil vere å lyge. Badinga var berre eit artig tilskot, sjølv om eg mest gjorde av di ingen skulle få sjansen til å seie at eg er ei pingle! 

Ellers så har eg oppdaga at George Clooney berre er ungdomen i forhold til kva eg trudde. Han er født i 1961……noko som tilseier at han i år er sånn høveleg rundt rekna berre 53 år.
Det er synd å seie det, men eg blei reint skuffa her eg sit. Mannen ser då vitterleg litt eldre ut…… Ikkje det at det er om å vere eldst, men eg skulle sjekke kor mange år det er mellom han og den nye forloveden han har fått, og når han ikkje er eldre, blir ikkje talet så høgt. Ergo kan eg ikkje harselere med det heller. 
Jaja….. Det er no bra at han har funne ei som bryr seg om han. Det er jo ikkje lenge sidan han ytra det at ingen held ut med han. Så attstår det å sjå……. Kjem ho til å halde ut? 
(Kanskje vi skal sette pengar på det?? ) 

Jaja, ei helg utan tv og delvis utan radio er berre lekkert. Radioen står som regel på, men av ein eller anna grunn har den ikkje vore det akkurat denne helga. Det er faktisk deileg å vere litt unna omverda innimellom. 
Mange klarar ikkje å slappe av viss dei ikkje har noko spesielt å gjere. Difor trur eg at alle har godt av å keie seg litt. Eller…… Viss ein klarar å kople av utan å tenke at ein keier seg……ja då er mykje løyst. Ei helg der du i utgongspunktet ikkje treng  å gjere så mykje er supert. Sjølv har eg gjort mykje, men ikkje av di eg har måtta. Det berre blei slik. Om eg speler fotball, eller leser ei god bok, speler inga rolle. Det er avslapping, begge deler, på kvar sin måte. 

No er klokka litt over elleve. Eg skal "leike" meg litt meir før eg tar kveld. Så "ses" vi i morgon. Uansett……..Ha ei god natt! 
Hasta mañana!

IWALY!!


1 kommentar:

  1. Eg gløymte sjølvsagt å nemne ekorna som hadde tatt fuglehuset Steffen snekra for eit par-tre år sidan til hus. Heile tre ekorn leika seg i området og dei hadde fylt torv og greier i fuglehuset og vips blei det eit ekornhus.
    Akkurat det syns eg jo er litt søtt!! :=))))

    SvarSlett