lørdag 31. juli 2010

Kva gjer det med kjærleiken??

Neste ukes KK kom i posten allereie i går. Eigentleg så passa det perfekt, for eg var åleine heime og det var eit påskudd for å ta pause frå pianospelinga......
Det kan sjå ut som om dei er ferdige med denne runden når det kjem til temaet menn. Kanskje like greit det, for kor fornuftig innhold ein kan lage ut av at dei intervjuar 3 menn kvar gong som representantar for heile hurven.......Ja, det kan vel diskuterast.

Denne uka er det faktisk ein artikkel som treff meg (på den rette måten). Det er ikkje ein artikkel ein kan fleipe med på nokon måte. Hovudinnhaldet er for alvorleg til det. Det handlar rett og slett om kva skjer eigentleg med ekteskapet om den eine får slag?
Eg vil tru det er ei vanskeleg problemstilling............
Når ein giftar seg, så seier ein i gode og vonde dagar. Problemet er vel at mange gløymer at dei vonde faktisk kan komme!

Om den eine får slag i ein så stor grad at det inneberer at du aldri meir kan gjere alt du kunne før. Sjølv dei små tinga blir vanskeleg...... Kva skjer då med kjærleiken?
Det reiser jo eindel grunnleggande spørsmål, blant anna kva kjærleik er. Hvis den du elsker plutseleg ikkje kan gjere noko av det ho gjorde før, er ho då fortsatt den samme? Er kjærleiken fortsatt den samme?
Livet byr på mange utfordringar og det er faktisk ein reell sjanse for at mange hamner i nettopp dette uføret.

I KK har dei møtt ein familie som blei ramma av nettopp slag. Ei ellers så frisk og raskt tobornsmamma fekk plutseleg slag og resten av livet sitt øydelagt. Seks månader på sjukehus for så å dra på rehabiliteringssenter. Mannen som ikkje var vant til å lage middag og å stelle heime måtte no plutseleg ta seg av alt. Det var mykje som skulle følgast opp. Det er ikkje berre berre i ein vaksen alder å skulle måtte omstille seg så mykje.....
Kva med dei to døtrene deira? Dei har nok ofte vore redd og lurt på korleis deira og mora si framtid vil bli. For dei var det jo snakk om supermora!
I tillegg til å måtte trøste to born, måtte han trøste seg sjølv. Han hadde jo mista den energiske, aktive og effektive kona si som han hadde lagt mange planer med. Nå må alle planane skippast.
Eg vil tru at ei slik hending vil føre til at ein får motstridande følelsar. På ei side vil ein gjere alt ein kan for å hjelpe, på den andre sida kan ein vere sint av di den ramma ikkje lenger kan hjelpe dei andre andre. Det er nok ikkje så lett, nei.

Det er eingong slik at gjennom ei krise så tvinges du til å tenke gjennom eindel aspekter av livet som du ellers ikkje ville ha ofra ein tanke.
Om du giftar deg med "Lise" berre for å ha eit namn, kan ein spørre seg om kven er eigentleg "Lise". Kven er ho eigentleg no når ho ikkje er seg sjølv? Ho er plutseleg ein heilt annan person. Ho kan ikkje løpe, lese, skrive, gjere husarbeid eller lage mat utan å søle...... Ganske sikkert frustrerande både for ho sjølv og dei rundt ho.

Kan ein klare å sjå forbi sjukdommen?? Sjå den verkelege personen som er bak maska? Er kjærleiken slik at den toler ei slik utfordring?
Mannen i KK's familie har fleire gonger fått spørsmål som om kva tid han skal forlate kjerringa. Kva svarer ein eigentleg til slikt??
Premissene for ekteskapet deira var klare (i gode og vonde dagar). Så er spørsmålet om det ikkje er andre premisser som ligger til grunn for forholdet no enn då ekteskapet blei inngått??!

Eg trur mange folk vel å leve i nuet. Dei gløymer å tenke på at dei faktisk kan bli ramma av f.eks slag. Difor har dei kanskje ikkje tenkt over om forholdet er sterkt nok til å takle det om det skjer. Mange oppdagar nok at dei ikkje er glad nok i mennesket dei lev med til at dei vil "passe på" det resten av livet. Det er det som skjer. Du får plutseleg ein person i huset som trengg hjelp til det meste. Frykteleg slitsomt er det!!! Eg skjønner godt at mange blir lei. Det er jo nettopp då hovudspørsmålet tvingar seg fram.......Kva er kjærleik og kva gjer dette med kjærleiken??
Taklar vi utfordringa?

Det står all respekt av alle dei som meistrar å få forholdet til å fungere. Det er ikkje vanskeleg å sjå kva konsekvensar det kan få for ein famile og difor kan ein lett seie at det står respekt av det. Den andre parten gjev opp mykje av hensyn til den andre. Det kan ofte vere eit stort offer.
Likevel er det også forståeleg at ikkje alle meistrar å takle det. Alle vi som lev er jo berre menneske. Vi er skapt ulike og har ulik plattform vi kjem i frå. Mykje av svaret ligg nok i kva grad av "moral" vi har lært heimeifrå. Mange blir av di dei meiner det er det rette av di dei har lært at ein ikkje sviktar når slikt skjer. Det går prestisje i det...... Om det ikkje er kjærleiken som ligg til grunn så trur eg akkurat det vil skape meir "hat" enn kva det kan gjere godt. Ein person som har hatt slag trenger ein som bryr seg av kjærleik og ikkje av plikt. Eg ville aldri ha bedt ein mann om å bli om eg ikkje var sikker på at han elska meg. Ein ting er sikkert: Ein strekk seg langt for dei ein verkeleg elskar. Det er ikkje utan grunn at dei fleste ville ha gått gjennom ild og vatn for sine eigne born......

Det er berre å håpe at ein sjølv aldri får oppleve å bli ramma av slikt. Ein har ingen garantiar.
Eg ville uansett ikkje svikta. Nettopp av di eg har (hadde) to foreldre som heller ikkje ville ha gjort det. Ein lærer det frå der ein kjem ifrå. Det attspeiles i korleis vi er som personar. Eg trur vi kan kalle det samvit.........

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar