søndag 18. juli 2010

Framande i hus.....

I dag, då vi var på tur heim frå hytta, stod det to ungdommar frå Tsjekkia og fraus i busskuret ved Sætran. Vi syntes så synd på dei at vi snudde og tilbaud dei skyss til Kjøpsvik.
Desse to var ordentlege "hitch-haikers" og hadde levd på denne måten i tre veker. No var dei på tur til Oslo. Ganske spenstig å haike og ligge i telt i desse dagar med så ustabilt vèr!
Jaja, uansett, det var ein slik ferie dei ønska, og dei om det:=)

I kveld håpa dei å kome seg til Fauske. Eg trur ikkje det er ofte at folk plukkar opp haikarar langs vegen......Så eg håpar dei er heldige.
Dei blei med oss til Kjøpsvik, og sidan det var over ein time til ferga skulle gå tok vi dei inn i varmen heime! Dei må nok ha truffe meg på ein riktig så god dag!! Det er ikkje kvar dag eg hadde turt å tatt framande, utanlandske mennesker inn i heimen min.......Eg veit ikkje, men dei verka heilt harmlause og var kjempetrivelege.
Eg køyrde dei ned til ferga, og samtidig sjekka eg om det var kjenningar som skulle sørover mot Fauske. Det var ingen, men ein kollega av meg skulle sørge for at dei kom seg opp til E6 slik at dei kunne haike derifrå. Så i dag føler eg at eg har gjort ei riktig så god gjerning!! :=) Dei kom seg i alle høve 70-80 km lengre sør enn dei var i utgangspunktet. Om dei ikkje får haik?? Ja, då ligg dei vel i eit telt langs E6 og prøver å få seg litt søvn til morgondagen.......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar