mandag 5. juli 2010

Er det bistanden som gjer oss fattig?

Av og til (eller ganske ofte), når eg les meiningsytringane til mange som skriv inn til "Si dei i VG", verkar det som om at det er mange som syns vi er fattig her til lands. Berre i dagens avis var det fleire innlegg som omhandla at bistandspolitikken gjer oss "fattig". (Om ikkje eg er elendig til å tolke, då?? Det kan jo skje det og.......).

Ein av dei heng seg opp i at når enkelte nordmenn må spare på straumen for å ha råd til den, treng ikkje asylantar å tenke på det. Det er tydlegvis urettferdig!! Vel, då kan eg informera om at asylantane heilt sikkert har andre ting å grunna hovudet sitt med. Veit ikkje om krig er nok ille samanlikna med litt straumsparing? Kva ville uroa meg mest? Staum, krig, straum, krig.....? Tja, vanskeleg å velje.........

Ekstremistar fins det i alle land. Sjølvsagt vil det også vere ektremistar blant asylsøkarane også. Det er ikkje slik at dei lever noko sikrare enn andre. Sjølv om mange reagerer på haldningane deira når nordmenn blir drept i Afghanistan, så må dei ikkje gløyme at ikkje alle er einige at Noreg skal blande seg inn i forholda der nede. Vi "pressar" oss på dei, og følgeleg vil det sjølvsagt vere fleire av dei som føler seg tråkka på (uavhengig av kva vi meiner er det rette å gjere). Ja, dei er her i Noreg. Ja, dei får stønad frå den norske stat. Ja, dei er ekstremistar og til slutt: Ja, dei hyllar det at norske soldatar blir drept. Vi lever i eit demokratisk samfunn kor ytringsfridomen råder! For den som ikkje veit kva det inneberer, så betyr det faktisk at vi ikkje treng å vere einige om alt. Takk for det!!
Eg og reagerer på framferda til enkelte ekstremistar, også dei som kjem frå utlandet, men eg veit og at for mange av dei er det årsaker som ligg til grunn for det dei gjer. Ei heller ser eg at nokon hiv seg rundt og skriv om dei norske ekstremoistane. Med ein gong det skjer noko der ein asylant er innblanda, ja, då er det mange som har meininger om det. Eg er ganske så sikker på at vi har minst like mange saker blant nordmenn og. Sjølv om media ikkje har det store fokuset på det, betyr det ikkje at det ikkje skjer. Eg vil påstå at mange av dei som brukar mesteparten av energien på dette emnet er rasistar, i alle høve til ein viss grad...... Kvifor ellers gidde å bruke fellesnemnaren for asylantane når det er ein liten prosentandel av dei som gjer det som det skrives om??
Eg har i alle høve ikkje merka noko negativt med dei asylantane som er i vår bygd. Dei er faktisk veldig mykje meir høfleg enn kva vi sjølv er. Dei er hjelpsame og greie! Så konklusjonen på akkurat det må vere at det fins ytterpunktar blant asylantane, men det betyr ikkje at den generelle asylant er eit problem.

Sjølvsagt skal ikkje kven som helst få opphalde seg her til lands. Ingen må forstå meg dithen, for det er ganske så langt frå mitt standpunkt. Der er berre at enkelte uttrykkjer seg så krasst.
Så var det overskrifta mi....... Der skreiv eg jo "Er det bistanden som gjer oss fattig?". Det har eg jo ikkje akkurat vore så mykje innpå til no. Poenget til no har vore å belyse at temaet ikkje er så einsidig som enkelte avisskrivarar skal ha det til. Eindel av bistanden Noreg gjev går til nettopp asylantar. Det ingen vektlegg er at all denne straumen av asylantar også fører til at folk (nordmenn) får arbeid bl.a. ved asylmottak. Dei pengane asylantane får utdelt går som regel til kjøp av varer frå dei lokale butikkane (noko som er positivt for handelsnæringane). Av lønningane til dei som arbeider ved mottaka kjem skattepengane dei respektive kommunane tilgode.
Det betyr at asylpolitikk er dyrt, men også inntektsgjevande.

Så har vi dei som meiner den norske stat brukar like ille metodar som Hitler i si tid overfor jødane. (At vi i dag gjer det vi kan for å jage jødane rundt....). Kven som har rett? Det er sikkert ingen som kan svare på det, men det er kanskje å gå litt for langt når ein samanliknar med ein mann som Hitler............

Når det gjeld at vi er fattig, reknar eg med at dei ikkje meinte å bruke fellesnemnaren der også. Dei siktar heilt sikkert til den prosentandelen det gjeld. Vel, Noreg kan gjere mykje for å hjelpe på det området, og det utan å kutte ut bistand. Kva med å prøve å fange opp potensielle "på skråplanet - ungdommar" før det går for langt og dei hamnar ut i elendet?? Kva med å prøve å få bukt med problemane før dei er blitt verkelege? Vanskeleg? Ja, i stor grad, men dog ikkje umogleg. Det fins sikkert metodar som kan fange opp fleire enn det som fanges opp i dag......
Eg syns det verkar litt rart om eit born kan vekse opp i ein rusheim, der narkotika flyt laust, i mange år utan at hverken bornehagen eller skulen klarer å fange det opp. Still større krav til dei som arbeider med borna fram til dei skal klare seg sjølv. Ikkje gje dei føresette mange sjansar til å rette opplivet. Ta borna bort frå elendet med eingong. Ha politiet i gatane og følg med utanfor skulane at det ikkje skjer langing på slike områder!
Dette er berre få eksmpel på tiltak, men det fins sikkert eit heilt hav av tiltak om ein berre tenker nok etter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar