torsdag 22. juli 2010

Borte bra men heime best:=)

Så har eg tilgang til internett att!!! Eg har eigentleg hatt det heile tida om eg berre hadde gidda å leite godt nok. Eg har jo mitt lille mobile breibånd, men med det vèret som er no er det så dårlege signaler at det var berre å gje opp med ein gong. Kanskje like godt det..........
Det har i alle høve vore deilig å vere på hytta eit par dagar og tatt livet totalt med ro!!
Min kjære hyttenabo ringte her om dagen og spurte om vi ikkje skulle komme på hytta så ungene fikk leke i lag. Det er alltid mykje gøyare for ungane våre å vere på hytta om det er nokon å leke med. Vi var ikkje tungbedd, så om morgonen heiv vi oss i bilen og dro:=)

Sjølve dagen var ganske fin! Sola titta fram og ein kunne sitte litt meir lettkledd på verandaen og spille litt gitar og synge. Riktig så koseleg syns eg det var. Det er berre at slik idyll det varer aldri evig...... Heilt sånn plutseleg var det berre å berge alt inn under tak. Vår Herre tømte seg verkeleg over oss, noko borna syns var like greit. Då fekk dei vere inne og spele Buzz.

Planen var eigentleg ein tidleg kveld og ein riktig så opplagt nestedag...... Joda, det er det samme som å tru på julenissen. Eg gjer det samme kvar gong. Kryssord og kabal er ikkje så lett å leggje frå seg. Har ein først starta med det........ Det blei nok litt utover midnatt før mine auge kunne kvile seg mot ei god hovudpute i ei stor og god seng.
Minstemann vaknar eigentleg til fine klokkeslett kvar dag, men dog ikkje i dag.... Straffa for å sitte oppe var at han vakna klokka åtte. Tidleg det for ein som er i feriemodus!
Ikkje nok med det.....Den planlagte turen på sletta blei regelrett stoppa av ufine lydar utanfor vindauget. Det tok ikkje lange tida før dei små grå klarte å kople at dei som lova oss opphaldsvèr i dag faktisk hadde tatt feil!! Dei kunne faktisk ikkje tatt meir feil. Det rett og slett bøtta ned. Jaja, då blei det i alle høve raskt avklara at det einaste som ville fungere i dag, var å ha innedag og inneaktvitetar.

Heldigvis aktiviserer born seg sjølv når dei er fleire:=) Det blei heldigvis ikkje noko problem med med at dei ikkje fekk ut energien sin.
Etter mykje kryssordløysing og gitarspeling blei eg heldigvis avløyst frå det einsarta "livet" denne dagen bydde på. Ettermiddagen gjekk til at vi vaksne spelte "Amerikaner" til ganske så varierte resultater. (Det er ganske gøy å spele kort). Sjølve hyttelivet blei avslutta med at vi fekk borna med på ein runde med "Olsen". Eit lett men likevel ok kortspel......(Eg vann ikkje).

Å køyre bil i eit slikt vèr har vel aldri vore hyggeleg. Vindaugsviskarane sprang maraton om kapp heile vegen.
For første gong har eg lege bak ein bil med campingvogn utan å bli hefta av det. Etter å ha sagt at eg er heime om 30 min (medan eg framleis satt på ferga), var det vel ikkje akkurat så optimalt å ligge bak ei slik vogn. Denne vogna svikta ikkje. For ei fart!!! Eg hadde neste problem med å halde følge med ho opp fjellsida. Ho laga definitivt ikkje noko kø, nei..... Takk for det.
Eg kom meg ikkje heim på ein halvtime, men det gjekk no likevel radig unna. Heldigvis at det var eindel tunnelar som skulle passerast, for då slapp vi dei våte vegane!
Eg kom meg heim, og eg kom meg til avtalt stad (sjølv om det berre var for ein liten halvtime). Gøy er det alltid!!

Min øyenstein hadde sjølvsagt ikkje komen seg i seng då eg kom heim att. Han satt enno med kveldsen. Etter å ha inntatt ei stor vaffel på ferga må eg ærleg innrømme at eg trudde at han berre ville ete litt kvelds. Neida, der satt han og spiste på den tredje store brødskiva....... For ei mor som gjennomskuar han lett, var det ei enkel sak å seie ifrå om at han ikkje fekk ete meir. Han hadde visst allereie varskudd faren om at han skulle spise heile ti skiver, men at han først måtte få berre tre sidan det ikkje var plass til fleire på tallerkenene. Særleg......Kven et ti brødskiver når dei er 6 år??? Hallo!?! Nei, det blei satt ein rask stoppar for at ein gut skulle få ete berre for at tida skulle gå. Det var nok lysta til å vere lengre oppe som sørga for hungeren.
Medan vi satt her ved bordet for litt sidan prøvde han seg på ny. "Mamma, æ e så sulten". Ikkje eingong då eg prøvde meg med at hvis han masa om meir mat, må eg ta han til sjukehuset for å få sjekka om han har makk i magen. Nesjdå........ Han sa berre "Ååå, æ har jo ikkje makk, men æ må jo få mat når eg er sulten!!" Eg ga ikkje etter...... Det blei heller senga:=)
Han er vel ikkje det første bornet som har prøvd seg på det "trikset":=)

I morgon er det helg att! Her i bygda betyr det blues på kroa og hotellet. Vi får håpe det er mange som tar seg turen ut desse kveldane når det skjer noko her........
Neste helg er det også tilstelning på hotellet. 100 år sidan Stetindtoppen blei entra krever sitt jubileum. Då blir det spelt opp til dans av seks lokale musikarar. Eg håper det blir masse folk!!
Om ein er riktig heldig, trur eg ein kan utfordre dei mannlege musikarane til å ha megaflotte danse-moves. Dei har det i seg berre nokon etterlyser det:=) Hehe....... Tru meg, eg veit!!!

"Øppna din dør, och sei at du vill ha meg...........".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar