tirsdag 6. juli 2010

Baronihagen er fortsatt flott!

I dag tok vi endeleg turen til Rosendal og baronihagen. Vèret har ikkje vore optimalt, men så lenge det er opphaldsvèr så skal vi vel ikkje klage.....
Eg blei litt skuffa då vi først kom dit. På grunn av àt det ikkje har vore så mykje sol den siste tida, har ikkje alle labyrintrosene fått høve til å opne seg opp og blomstre. Det vil vel kanskje ta ei uke eller to til før det skjer. Når det gjeld eit besøk til baronihagen, så er desse rosene halve opplevinga.

Eg trur ikkje det er mange stadane i Noreg dei kan skilte med så høge trær som dei kan i Rosendal og baronihagen. Om eg ikkje tek heilt feil så har eg aldri sett slike trær andre stader i det heile. Enorme er dei....... Steffen stod berre og måpa, lenge!
Ellers er det eit praktverk av ein hage som krinsar rundt sjølve "slottet". Det er jo eit bygg som er viden kjent og som er via plass til i histoiebøkene.
Sjølv har eg vore på eindel omvisningar i baroniet tidlegare. Derfor orka eg ikkje å hive meg med på siste runden som skulle starte like etter at vi dukka opp der inne. For turistar som vitjar baroniet kan det vere ein foremøn å ta turen inn i bygget. Berre det åleine er ei oppleving. Guidane som blir brukt er veldig flinke og fleirspråklege. Det er mykje å sjå inne.....

Uansett kva dei kan skilte med i sjølve baroniet, er det den enorme hagen som fasinerer meg mest. Det ville vore kult å sende minstemann opp i eit av trea, berre for å få tatt eit spektakulert bilete. Berre så synd eg ikkje kom på akkurat det medan eg var der. Jaja......

I løpet av tida der inne var det ein som fekk litt for mykje energi i kroppen (til moras store irritasjon)!! Heldigvis var det ikkje langt mellom cellene nett då, så då var det lett å finne ein metode for å få ein riktig så roleg gut..... Han er sjølvsagt like lite fasinert av brunsneglane ((iberiasneglane) som eg. Vi syns begge dei er riktig så heslige. Derfor fann eg like så godt ut at eg kunne seie: "Hvis du ikkje er roleg resten av tida, kommer eg til å gje deg ein iberiasnegle i julegåve (i staden for det du ønsker deg)". Du kan tru det var ein som blei roleg. Litt lettare bekymra for at mora skulle vere tullete nok til å gjere nettopp det, gjorde sitt til at han ikkje torde noko anna.

Iberiasneglar, ja det er sneglar dei fleste føl avsky for. Han som trur at han er min betre halvdel, deler nok mi og Steffen si meining om dei. Ikkje heilt hundre prosent korrekt... Han er faktisk hakket verre. Det grensar somme gonger til det heilt utrolege. Om han veit vi har gått på ein sti eller veg der ein snegle er observert (det skjer jo på dei fleste vegane), så kan du vere sikker på at han sjekker bilen etter vi har gått ut av den (berre for å forsikre seg om at vi ikkje har dratt med oss gørr ifrå ein snegle). Som om vi ikkje merker det om vi trør på ein snegle??!!
Så dersom det er nokon som fryktar at vi skal spre desse skapningane til Nordland kan føle seg riktig så trygge. Ingen sjanse for det her i garden:=)

Ein ting er sikkert!! Det er minst like mykje å oppleve her heime i eige land som ein gjer om ein drar utanlands. Fleire burde faktisk lære sitt eige land å kjenne betre. Skulle det eingong bli aktuelt å ta seg ein køyretur sørover i landet, kan eg anbefale å ta turen innom Vestlandet via Hardangervidda. Det til trass for dei dårlege vegane.
Det er mykje vakker natur i Nord-Noreg, men det er det jaggu meg her sør også........ Hardanger om sommaren......Ja! Det er vakkert!! :=)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar