mandag 26. juli 2010

Fisketur i varmen:=)

Så var årets første fisketur her nordafor unnagjort. Det er måndag, ny veke, nye sjansar og vèret er bra. Etter å ha sitte i sola heile formiddagen var det godt å komme ut på havet sjølv om det ikkje var mykje til bris der heller.....
Då vi var på Vestlandet tidlegare i sommar, var det visst veldig dårleg med "haill". Eg skal ikkje uttale meg om kor godt "haillet" var denne gongen, men vi fekk i alle høve 24 seiar. (I tillegg til dei vi kasta ut att pga storleik og ein torsk). Trur vi seier oss nøgd med fangsten.
Sjølv om det var sei vi var ute etter, hadde vi også anna fangst med heim....... I huken ved Lappislauta blei det oppdaga ein svær kråkebolle i sjøen. Det blei eit svært prosjekt for å få den opp i båten. Det var ikkje djupare enn at åra rakk til botnen. Med ei åre i kvar si hand var det to som ivrig kjempa for å få den opp...... Ikkje så lett når båten sig unna. Det måtte fleire til, og på eit eller anna vis gjennom godt samarbeid så hamna bollen i båten (like heil og fin). Om det er nokon som har tenkt å koke den for å smake på innhaldet inni, ja, då kan eg trygt seie at eg aldri blir å smake!! Hallo? Berre tanken på det er heilt......

Heile to av oss holdt på å gå rett i havet, men vi slapp heldigvis unna det våte element. Verre var det med minsten om leika ved elva (på nytt) og datt...... Eg hadde ikkje med skifteklede denne gongen heller... Jaja.
No er vi komen heim, vi har vore på butikken og kjøpt oss rømme og fisken er komen på plata. Sei er langt frå det beste eg veit, men eg har lært såpass at eg veit det er nødvendig med fisk. Så då får vi tru det blir eit kongemåltid:=)

Helga har vore ganske innhaldsrik. Musikken eg har høyrt på varierer i så stor grad at det har eit vingespenn på det samme som ho Olga Marie som syng soloreklamen til dei flinke blueskarane som spelte litt for høgt(!). Begge deler var faktisk like gøy:=)
Ellers så har min ellers så høge moral på røyk/snus fått seg ein liten knekk!! Sjølvsagt tar eg full avstand frå begge deler.... Det var berre det at eg blei så "tatt på senga" av ei som kom med snusboks at eg mista vitet:=) Sjokket av at ho hadde snus (som eg aldri kunne ha sett for meg) sørga for at bondevitet forsvann og eg fekk "smake". Ikkje berre ein, men to gonger. Kor ille er ikkje det. (Det var sjølvsagt sånn svak damesnus som dei seier). Sjølv forstod eg ikkje kva dei snakka om då dei spurte om eg blei dårleg av det. Eg kjennte ingenting. Sikkert ikkje ei lur erfaring, med tanke på framtida....... Trur likevel det blir med den eine gongen!! Dei andre får ta seg av slikt.
Det einaste er at no når dei sel så svak snus, så er vel faren større for at fleire vil prøve og faktisk like det??? Trur det var lakrissmak på den eg prøvde. Skjønner då at mange går i fella.
Jaja, ei triveleg helg er over (triveleg sjølv om eg sneik meg tidleg heim begge kveldane) og dagane har vore megaflotte.

Det som er sikkert og visst er at det er mange fine stader i Kjøpsvik og omegn-området. I går var vi mellom Hundholmen og Kjelkvika for å kaste stein i havet. Det var utroleg fint, og Steffen fekk vassa litt i tillegg. Kaldt, ja, men dog skøy. Det var ein slik ro der at det blei ei veldig bra oppleving. Ikkje vind i det heile, og småseien var energisk i havoverflata heile tida. Berre så synd at kameraet låg att heime.........
Når det gjeld flyndrekasting så er ikkje det akkurat det lettaste ein lærer små born:=) Det kjem vel etterkvart!

For tida held eg på med ein song som eg kanskje skal tore å ta med meg til bandet. Den er ikkje heilt ferdig enno, men eg får no sjå..... Det kunne jo vere litt gøy det!

You are always on my mind......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar