mandag 26. juli 2010

Ops....Måndag og KK på nytt!!

Eg var litt bortreist då eg sat og skreiv i stad. Ikkje kobla eg på at det er måndag, ingen hadde tatt inn posten og sløve meg hugsa vel ikkje på at det er KK-dag. Då posten endeleg lå der på bordet og bladet stakk fram frå bunken..........Så då blir det to innlegg idag.

Eg var spent på ukas tema. "Ikkje tid, ikkje lyst, sa du?" Eg ana jo fort kva temaet var. Ikkje lett å mistolke , nei:=).
Så kom eg litt i klemme.......for, er det eit tema eg tør skrive om her???? Det er jo kanskje litt på kanten å drøfte sexliv her, men så kom eg til meg sjølv att. Det ville blitt ein påtatt beskjedenhet frå meg, og det blir jo berre dumt. Hehe.. Er ein frittalande til vanleg, ja, då er jo dette ingenting.......

So here it comes: Utgangspunktet (vil eg tru) har dei tatt ut ifrå at det er mange som slit i forholda sine pga mangel på ei av dei største føremonene ved å vere nettopp i eit forhold. Merk: Eg sa ikkje nødvendigvis den største føremonen, for det er mange fine ting med forhold...(Dette av di eg ikkje vil trø nokon på foten). Men eg går ut ifrå dei fleste også syns at sex er viktig!
Mange vel av ulike årsaker å skrive inn spørsmål til "ekspertar" om problema sine, for så att å få svar på dei gjennom ekspertsida til ukeblada.
For meg verkar fleire av spørsmåla ein les med kvart ganske tåpeleg, men eg har vel ingen rett til å dømme nokon. Desse spørsmåla er sikkert veldig viktig for dei det gjeld. Fleire gonger kan ein verkeleg bli nysgjerrig på kva ekspertane kan finne på å svare på enkelte spørsmål.

I følge ei undersøking, som dei har gjort ein eller annan gang, er det slik at jo lengre ein har vore i eit forhold jo mindre sex har ein. Så spørs det om vi alle er A4-mennesker då??
Tydlegvis er det menna som klagar mest på hyppigheita. Dei klagar på at kjærrnga vil for sjeldan. Det er til og med oppretta eit eige ord for dette: sexklemma. Jaja, kan jo sikkert vere bra for mange å vite at det er mange med sexklemme.
Å forvente at begge skal ha like mykje lyst på sex heile tida er det samme som å forvente at begge skal ha lyst på samme mengde mat til einkvar tid.

Forskjellen på menn og kvinner (ifølge artikkelen - ikkje meg) er at menn vil ha sex for å få forholdet til å fungere, medan kvinnfolk vil at forholdet skal fungere før de vil ha sex. Eg skal på ingen måte utdype om eg er einig i det eller ikkje. Det eg kan seie er at eg trur nok kvinner er ganske ulike på det området. Det passer nok på mange, men dog ikkje alle!

Å bruke argument som "er sliten" og "har ikkje tid" er det samme som å si at ein ikkje har lyst. Det ein har lyst til tar ein seg tid til.
For mange har problemet dukka opp avdi dei er blitt for vant til kvarandre og at spenningen er borte. Ein mann treng nødvendigvis ikkje bli tent berre avdi kjærringa sprader naken forbi.....
Ei kjem med kommentaren om at ho og mannen har funne ei bra løysing på problemet. Dei har ein fast dag i uka dei sett av til slikt, og det fungerer godt. Sjølv ser eg ikkje at det kan fungere i lengden. Ein kan vel ikkje bli tent på kommando?? "Kom, det er onsdag. No skal vi ha sex, så sørg for å bli tent!" Nei, då er det godt vi er ulike. Eg syns i alle høve det høyrest frykteleg uromantisk ut...... But, but...that's me:=)

Det som er sikkert er i alle fall at pliktsex er skadeleg i lengden. Det trur eg nok at eg kan seie meg einig i (sjølv om det aldri har vore eit problem..) Hehe....
Sex uten tenning er forresten direkte skadeleg. Eg reknar med det er damene dei siktar til då. For eg ser ikkje heilt for meg at det går an å gjennomføre sex utan at mannen er tent. Det er vel direkte umogleg?? Med kvinnfolk er det nok annleis, sidan det i slike tilfeller vil kunne gje dei smerter eller ubehag. Det er vel ingen tent med. (Tent betyr her tjent). Kanskje er det for mange slike runder som har blitt gjennomført i mange forhold, og som då er årsaka til at lysten har forsvunne heilt?? Ikkje veit eg.

Ein kan i alle høve ikkje krangle om kven som har skulda. Det blir for dumt! Det er ingen vits i det. Som regel ligger feilen hos begge to.
I tillegg kan ein skille mellom to typar sex. Sex som tappar energi og sex som gjev energi. Det er betre å ha sex som gjev energi eingong i blant i stedet for å tenke på kor ofte ein har sex.
Eit godt sexliv sitter i hovudet!

Tja.....Kva årsaker som ligger bak at mange nesten ikkje har sex lengre kan vere mange. Eg trur lista der kan bli veldig lang. Fleire kan ha fått fysiske plager med åra, impotens osv..... Slike ting er det viktig at ein har respekt for!! Det er også då ein verkeleg kan sjå kva andre kvalitetar som finnes i eit forhold. Då ser ein at sex slett ikkje er det viktigaste. Er forholdet sterkt nok, blir det ingen problem av det....
I tillegg trur eg det er mange par som rett og slett berre har "vokst frå" kvarandre. Dei er blitt bestevenner og ikkje kjærester. Mange gonger er det sikkert ikkje lett å oppdage at slikt skjer før det faktisk har skjedd. Då må ein velgje om ein ønsker å fortsette med å ha det slik (leve ilag som bestevenner) eller om dei skal skilje lag. Det er nok ikkje eit enkelt valg for nokon, det.
Mange held ihop av hensyn til born og familen ellers. Nokon sikkert av andre grunnar også. Enkelte gjer det av di dei er redd for at "det ytre" slår sprekker. Kva vil folk seie? Så held dei ilag for einkvar pris berre av di dei syns det er flaut/skjemmandes om folk veit dei ikkje har lukkast...... Eg syns eigentleg det er litt vanskeleg å ha ei meining om det. Eg trur at dersom eg ytrar noko negativt om det så vil nok nokon føle seg tråkka på. Kanskje nettopp av di det stemmer perfekt på dei. Det er det siste eg vil! Ein skal ha respekt for andre!!
Likevel.......det er vanskeleg å ikkje meine noko som helst. Skal eg vere heilt ærleg syns eg det er litt trist dersom ein held ihop berre pga kva folk ellers vil komme til å seie. Kva med seg sjølv?? Har ein ikkje rett til å ha eit bra liv, anten som åleine eller med den nye kvinna/mannen ein har truffe? Dersom begge er einige om at det ikkje lenger er eit kjærleiksforhold som ligg til grunn for at dei er saman, kva gjer det vel då om ein vel å gå vidare med livet sitt? Det er vel ingenting som er så ille som at ein set seg sjølv heilt til sides av hensyn til folkesnakk........
Det med hensyn til famile kan jo i og for seg vere greitt. Det er ikkje lett å splitte opp om det er born involvert. Slik er det berre........ Likevel meiner eg at det kan vere det beste i enkelte tilfeller. Om ein må forholde seg til krangling heile tida, ja, då trur eg det skadar meir enn det smakar.
Ei vanskeleg problemstilling, men veldig vanleg i dagens samfunn. Dei fleste menneska hamnar uansett opp som ein del av ein statistikk uansett kva dei vel. Det er nok ingen som slepp unna.

No var det ikkje partnerbrudd som var temaet (eg har nok skrive meg litt bort frå temaet). Temaet var jo sex og berre det.....Hehe. Jaja......Ikkje første gongen det!

Det einaste spørsmålet i bladet eg ikkje har vore innom er om det kan bli for mye sex. Det stod eigentleg ingenting vesentleg under det, og eg trur eg skal halde meg langt unna eigne svar i forhold til det!!! :=)
Sjølv om ein har litt innafjording i seg får det vel gå ei grense ein stad!

Konklusjonen er vel aller helst at alle par må sjølv finne ut kva som fungerer best for dei osv.... Det er slett ikkje hos alle par at det er eit problem at sexen uteblir. Nokon er vel berre likeglad:=)
Ein treng rett og slett ikkje skjønne alt i denne verda. (Sa eg det???).
Nei, eg veit kor eg har meg sjølv, så får det vere nok!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar