mandag 12. juli 2010

It's over....

Så var fotballshowet endeleg over. Back to normal life again! Eg er vel nøgd med at Spania vann i går. Nederland er hakket litt for tøff til at eg syns dei forten å vinne. Aldri før har eg sett ein kamp der det har vore så mange utdelte kort til dei på bana. Slikt blir det mange stopp i spelet av.....Ikkje bra!

No er det slutt på hysteriske rop, varierande kommentatorar, sinte menn som er misnøgde med resultata undervegs (dei trur eg det er mange av) og ikkje minst er det mange heimar som kan gå tilbake til normalen.

Det fins nok av dei som lar "heile" livet styrast av kampresultat. Dei tar det ut over "alle" andre. Eg, for min del, syns ikkje noko særleg om slike...... Berre tenkt på dei som har sjefar som seier ja til det meste, berre av di favorittlaget deira har vunne ein kamp i helga! Det er om å vite kva tid ein skal be om noko.....:=)



Ei ny helg er over, eg er heime, vèret overlev vi, det blir øving og eg har ferie. Alt er berre flott! :=)

Laurdag feira vi 60-årslag i fjorden med mange og trivelege fjordingar(!). Slike samankomstar bør vi ha oftare. Det er ganske triveleg!!



Gutane brukte store deler av formiddagen i går på å fiske frå kaia. Det blei ein suksess for dei små. Dei fekk først eindel sei før den riktig store fangsten kom. Eg såg at Elias stod der og sleit med stanga si og då eg kom bort til han såg eg kvifor. Det var den store torsken. Eg skjønna fort at snøret ville slite seg om vi prøvde å få han opp på kaia. Eg tok stanga for å få fisken rundt kaia medan Elias sprang inn til faren og ropte: "Pappa, pappa, kom! Æ har fått en fisk som e like stor som han Vetle, minst 20 kilo!!! ". Tror kanskje Ron skjønna at det var å overdrive litt, men snar ut var han.......

Vi fekk torsken på land, og ja, han var stor. Det var ein lukkeleg fiskar som pryda bileta som blei tatt!! Fisken var nok ikkje 20 kilo. Elias fekk sjansen til å tippe vekta på nytt etter at fisken kom på land. Han tippa på 4 kilo. Han fekk rett. Den var rett i overkant av fire, så vi må seie oss nøgde med innsatsen:=)
Torsken blei stolt frakta rundt på Grunnvoll slik at dei andre og fekk sjå. Årets (til no) største fisk var eit faktum, så får vi håpe dei får laks i den andre fjorden når dn tid kjem!!

See you:=)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar