lørdag 31. juli 2010

Tid for kos.

Så fekk eg endeleg "hjertet" mitt heim att. Det er rart med det........ Når han er så liten, er det så lett å sakne han. Han er minst like kosesjuk som eg brukar å vere, så det passar bra. Så no er eg nøgd!!! :=)
Han har i alle høve mykje artig å fortelle. No nettopp fortalte han at det var så mykje knott medan dei høgde ved at faren var svart i panna. Til og med heile dusjen blei svart då han spytta....... Ja, då må det ha vore mykje knott. Knott smeker jo godt då?? Han er heilt inni situasjonen og prater med ein heilt overgjett stemme.

Det er regn, men likefullt ein fin dag. Av og til kan det vere godt å gå tur i regnvèr. Sjølv om eg definitivt er trøytt i dag......
Ein trøytt dag kjem som regel av ei årsak. Denne gongen er det jo etter å ha hatt det skøy i lag med "mainnan" i går kveld.

Pause......

Min kjære sønn har erfart at det er ikkje berre berre å vere gut. Han veit allereie no kva som ventar han når han blir stor, og eg trur ikkje han likar tanken på det:=)
Han har ein onkel som bur sørpå, og han kom til Kjøpsvik i går. I dag var han og besøkte han nede i "gammelhuset". Han var ikkje mindre heldig enn at han plutseleg var 50 kr rikare. Det var ein nøgd gut som dro på butikken for å kjøpe laurdagsgodterier.
Det er her aberet kjem inn. Han hadde jo sjølvsagt lyst å ete dei med ein gong. I bilen spurte han meg om det var greit at han åt dei. Som den bitcha eg er, svarte eg sjølvsagt nei. Etter å ha fått beskjed av meg at det først skulle inntakast ordentleg mat først, fann han ut at han kunne jo spørre faren. Det ville vere lurt.........
Han hadde heilt rett. Faren sa ja. Så då snudde han seg berre glisande mot meg og sa: "HA! Æ fekk nu lov hos han pappa. Så det så:=)".
Eg var snar med å seie at så lenge eg sa nei før faren sa ja, var det mitt svar som gjaldt........og hadde det vore faren som hadde sagt ja før eg sa nei, ja, då hadde eg uansett brukt rollen som hovudsjef. Då hadde det vore mitt svar som gjaldt uansett!!
Han blei heilt stille ei stund før han sa "Men han pappa e åsså sjæf!"
Det kunne eg ikkje nekte for, men eg sa berre at det er slik at han er nestsjef og eg hovudsjef. Slik er det hos alle. Det er alltid kvinnfolka som er sjef i alle hus! Det kom berre eit lite "Hmmm!" frå han.
Eg klarte sjølvsagt ikkje å dy meg, så då sa eg likesågodt at når han blir stor og får seg kjerring, så blir det ho som blir sjef. Det var nettopp det han ikkje likte. Han tenkte veldig mykje på det før han utbraut "Men då får jo æ aldri bestem nåkka. Kor kjedelig! Urettferdig!!!" Han nemnte at han kanskje berre må la vere å få seg kjerring........... Så med vitet om at han som gut aldri kan få vere hovudsjef, ja, då er han ikkje sikker på kva han vil:=) Hehe......

Det er ikkje lenge sidan han spurte "Mamma, når æ blir stor og får mæ kjærring....Kan vi då få bo her ilamme dæ og han pappa?" Eg måtte jo svare ærleg, så eg sa at når han blir eldre så må han finne sin eigen heim å bu i. Lite nøgd med svaret mora kom med, svara han berre "Jaja, då får æ nu bærre hør med ho søster eller ho dadda om æ kan bo dær!!"
Det er ikkje greit å vere seks år og ikkje forstå kva livet vil innebere når han blir eldre. Jaja....vi andre får oss no nokre gode rundar med latter!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar