torsdag 8. juli 2010

Sola følger oss!

Då vi vakna i morges, var det eit deilig vèr. Dette deilige vèret har rett og slett fulgt etter oss i heile dag. Flotte greier!! Eg prøver å godsnakke med vèrguden i håp om at vi skal vere velsigna med godt vèr resten av ferien. Håper ingen motarbeider det!!!!!

No når det er godvèr er det også merkbart meire turistar på vegen. Det er både på godt og på vondt. Det er jo bra at vi har mange turistar, men når enkelte av dei snegler seg avgårde ein heil fjellovergang.....Ja, då kjenner eg at det vrir seg i magen!
Eigentleg hadde eg gløymt kor dårleg vegen er, men no når vi er komen inn på sjølvaste E6 så er det heldigvis så ille.
Vi er midt oppå Dovrefjell, men vi ser ingen moskusar....... Eg er fullt klar over at dei er lengre inn på fjellet, men det hadde berre vore så kult å få sett dei (om ikkje for min eigen skuld, så for Steffen si skuld).
Det er litt seint på døgeret no så då trur eg neppe vi tar oss ein tur i Dovregubbens hall. Det får bli ved neste høve..... Det er ikkje så svimlandes mykje å sjå der uansett.

Mange stader på vår veg i dag har det vore mykje sauar i omløp på vegbanen. Det er blitt meg fortalt at årsaka til det er at dei held seg i næleiken av bilane av di dei då blir mindre plaga av flåger! (Fluer). Smarte sauer med andre ord!! :=)

Vi har sett eindel hytter langs E6 (på fjellovergangane). Det er mange hytter som ligg veldig fint til og er nydelg utforma. Trur likevel eg ville ha vegra meg for å ha hatt ei hytte langs Noregs største ferdselsåre......... Ikkje berre med tanke på at dei fleste får innsyn til meir enn dei treng, men også med tanke på at det fins bander som raider hytter når dei finn det for godt. Hytter langs hovudvegen må jo då vere meir utsatt enn andre??!!
Ellers er det utroleg mykje fin natur å sjå. Eg blir heilt fasinert når eg ser meg rundt. Dette er eit eldorado for turmennesker.
Snart passerer vi Snøhetta, fjellet som kom på andre plass under kåringa av Noregs nasjonalfjell. Det ligger fint til, ja:=) (Stetind er uansett vakrare!).

Det er fint med ferie, og det har vore knallfint å vere heime ein tur. Det er no eingong slik at ein må attende til sitt vanlege liv att, sjølv om det er trist både for små og store.
Det at minstemann har vore så flink i bilen gjer at dette garantert blir gjenteke ved eit seinare høve!

No skal eg berre nyte at sola trålar rett mot meg seine kvelden. Sør-Trøndelags grense er passert og eg skal nyte resten av kvelden (sjølv i ein bil går det an :=)....).

We can pick up from where we started.....Listen now..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar