torsdag 29. juli 2010

Mimrar!!!

Jepp, eg mimrar!! Hanne Storlid sine sangtonar til "I dreamed a dream" kjem ut av tv-høytalarane. Det var tider det! Eg kjenner eg saknar den tida. Alt dreide seg for det meste om musikk...... Lange dagar med mykje øving resulterte i ei flott oppsetting av Les Miserables. Skryt fekk vi så det monna etter i media. Det var berre ein stor opptur det heile.
Desto gøyare er det då ha det heile på opptak. Det er berre å sette cd'n i dvd-spelaren og så..........

Det er ikkje bra å vere for kjepphøg over eigne prestasjonar, men akkurat dette er eg veldig stolt av! Eg syns ikkje det gjer noko om ein ein sjeldan gong tar den fram og tenker "Dette er eg ein veldig stor del av". Det kjennest ganske bra å vite:=)

".......they're making love to one already dead". Moralen er eigentleg ganske høg i stykket. Når ein har sett seg veldig godt inn i stykket, på den måten eg (og dei andre) har gjort......Ja, tru meg, det er lett å få gåsehud til mykje av det. Vi kjenner den innerste "sjela" av stykket. Det er eit heilt fantastisk stykke som er laga av ein superdyktig reggisør.
Når eg høyrer ein av balladane (anten på radio eller andre stader) reagerer eg annleis enn dei fleste på den. Eg kjenner jo historia til orda bak songen. Sterke ord!!! Det har faktisk skjedd at eg har tatt til tårene. Så gripande finn eg det....... Spesielt til "A little fall of rain". Eg kan aldri bli lei den songen.

Uansett, det er ikkje sjølve musikalen eg eigentleg er oppteken av no, men sjølve mimringa av tida vi jobba med den. Det er mange eg saknar!!
Hanne og Inge med "Come to me". Vakkert!! Eg datt litt ut no....Måtte berre høyre dei synge ferdig:=)
Inge og Egil Magne sin utrolege innsats i kampduetten. Så utroleg vanskeleg, men likevel eit høgt nivå på gjennomføringa.

Vel, det eg hugsar best er dei vonde armane etter alt var ferdig. All øvinga resulterte sjølvsagt i senebetennelse i begge armane. Då er det ikkje noko særleg å sitte der under forestilling og spille utan pauser innimellom. Trur ikkje det er mange sekundar det er lyddfritt frå pianoet.

Det blei rett og slett for stor avstand mellom det ein dro frå og det ein kom til. Plutseleg blei alt så stille. Ti år seinare sit eg enno her der det blei så stille. Andre ting blei viktigare i livet mitt. Kanskje la ein bort litt for mykje av seg sjølv i prosessen. Det vil eg vel aldri få svar på. Sjølv om ein har det bra, kan eg ikkje la vere å undre på kor eg hadde vore i den musikalske verda om eg hadde fortsatt der eg "glapp". Trur kanskje musikklærarane eg hadde rekna med at eg ville ha større ambisjonar. All den innsatsen, berre for å la det vere som ei lita boble av livet (som ein kan sjå attende på). I dag kan eg ikkje seie at eg er god nok (langt frå), men den gong var nivået bra. Eg var faktisk den første som kom inn på mellomfag musikk då det blei oppretta på høgskulen, berre for å takke nei. I dag ønsker eg at eg hadde vore tøffare og ikkje hadde vore så redd for å skulle prestere der i tillegg til arbeidet her.
Eg veit ein ting! Eg har bestemt meg for at eg vil ha musikk som ein større del av livet mitt enn det er no. Det innebærer at eg skal innstille meg på meir øving. Eg skal finne att den delen av meg som blei lagt på hylla for ti år sidan.
Sjølv om ein bur der ein bur, betyr ikkje det at ein ikkje kan ha mål å jobbe mot. Det er der hovudproblemet mitt låg/ligger. Eg var så vant til at oppdraga stod i kø og venta, at når alt var over så skjønnte eg ikkje at eg måtte lage mine eigne mål. Ikkje dei måla andre skapte for meg, men mine eigne! Ein treng ikkje berre øve for at andre skal høyre. Ein kan øve for sin eigen del. Øve åleine av di ein har ambisjonar om å bli betre.
Vel, det er vel det eg må gjere då...... Eg må byrje å øve meir. Eg må rydde plass til det. Eg må sørge for at eg får åleinetid heime til øving.
Hvis eg ikkje gjer noko med det, vil det bestandig ligge der og ikkje slippe taket. Eg veit kven eg er, og eg vil ha større del av meg på det området fram.
Det er kun eg sjølv som kan gjere noko med det........
Kanskje finn eg noko eg vil skrive hovudoppgåve om......Ikkje det at eg har store planar om ta meir utdanning. Det kunne likevel vore gøy.

Eg er jo så heldig at eg er ein del av ei gruppe her med berre mannfolk utanom meg:=) Det siste klagar eg ikkje over. Det er stort sett berre artige øvingar vi har..... Men der også fell eg litt gjennom. Eg får noia berre det blir nemnt at eg skal spele instrumentalsolo. Eg kjenner eg blir heilt sveitt. Kva eg er redd for? Eg kan leite opp fleire opptak der eg verkeleg tar av i spelinga. Det var aldri eit problem før. No har eg fått ei eller anna sperre for det. Då blir det berre mislykka forsøk over nokre tonar. Trur kanskje eg må jobbe med psyken min der. Det er jo eigentleg berre ein bagatell. Litt dumt å ta improvisajonskurs om ein vel å stenge det ute når ein treng det.
Ein er så tøff i kjeften ellers......Så skal ein så liten filleting som ein liten solo "freake" meg ut.

Kva er eigentleg vitsen med å mimre, berre for å konstatere at nivået har sunke drastisk?
Det er så mange gode minner som dukkar opp her eg sit og ser på musikalen, men den gjer meg og merksam på kven eg er no.....
Eg er åleine heime, så då er det berre å starte på med øving allereie i morgon tidleg!!
Eg ser fram til i morgon....av fleire grunnar:=)

"One more day all om my own. One more day with him not caring". Kristin har den rette desperasjonen i stemmen...... Det kjem alltid ein ny dag!

You don't have to wear black to look good. You look good anyway......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar