tirsdag 1. april 2014

10 000 meter!!

Hahahha….. Eg kjenner eg må flire litt. Eg sit høgt oppe i lufta, sånn rundt rekna 10 000 meter og eg har faktisk akkurat snakka heim "for real". Skype er ein fin ting!
Det er greit at dei tilbyr internett her i luftrommet, men eg trudde verkeleg ikkje at det var såpass stabilt at eg kunne ringe heim, og samtidig ha videosamtale. Kult!
Nettet er litt treigt, og då er det naturleg å tenke at å skype går i alle fall ikkje an. No har eg prøvd det også……:=) (Første reaksjonen eg fekk då eg sa at eg sit oppe i lufta var at eg berre prøvde meg på ein første april-spøk. Den gong ei. Eg har faktisk ikkje funne på eit einaste sprell i dag, så det betyr at eg har vore veldig flink.

I morges, då eg vakna, tenkte eg at det jaggu meg er synd vi ikkje får oss ein heil dag i Tel Aviv når vi først er der. Sola lyste over den digre byen og temperaturen var bra. Hotellet kunne ikkje ha hatt ei betre plassering. Å sitte og spise frukosten med utsikt over Middelhavet er ikkje så forakte!
Så har du enno ikkje bestilt deg ferietur i år, er Tel Aviv verdt eit forsøk. Der får du det meste. Det er noko for einkvar smak. Strandliv (syden) og storbylivet på ein og same gong. Du velger sjølv om du vil prioritere det eine eller det andre, eller rett og slett begge deler. Det er heilt opp til deg. Moglegheitene ligg der til rette for alle.
Så kan du jo ta deg ein dagstur eller to til Jerusalem, Dødehavet osv osv………Eg garanterer at du vil få ei oppleving du vil hugse resten av di tid.

Som eg skreiv, sit eg no i flyet som er høgt oppe i lufta. Eg er på veg mot Bodø, Nordland, og eg gler meg mest til å kome heim. Det har vore ein lang dag!
Og når eg no tenker meg om, så har eg faktisk gjort eit lite sprell. Eit seriøst eit sådan. :=) Hehehe…… Vi stor utanfor flyplassen i Tel Aviv og så sat det ei kvinne på eit søppelspann med ei venninne ved sida av seg. Ho som sat opna ein sigarettpakke og slapp berre plastikken rett ned på bakken. (Og JA med rompa på søpla!!) Vi var fleire som såg det og så sa eg berre at eg hadde lyst til å gjere ho litt forlegen. Dei andre skjønna kva eg meinte og var heilt med på idèen. Så eg gjekk bort til dei, og utan eit ord bøyde eg meg ned til skoen til eine dama og plukka opp plastikken, heiv den i søpla og gjekk.
Ho som hadde sluppe det på bakken blei så flau som berre juling. "Oh, my God,……." og så kom det ein masse ord ut av munnen hennar om kor flaut det var. Thihihihih……. Vi flirte litt for oss sjølv då vi gjekk inn.
Såååååå……. Vi måtte vise passet rett før sikkerheitskontrollen. Kven andre enn nett den berta var det som stod der for å sjekke passa og slapp folk inn til sikkerheitskontrollen?! Jepp…..Det var ho!
Eg kjente eg blei sveitt i hovudnerva! I Israel er det super strengt. Eg hadde allereie måtta vist anna legitimasjon enn berre passet fleire gonger av di dei ikkje trudde heilt at det var meg det er bilete av i passet. Eg ville alller helst ikkje at ho skulle få den gleda…
Heldigvis var dei to stykk, så eg gjekk glatt til den andre vakta, blinka med auget og slapp rett inn. :=)

Då vi kom til Danmark, før tida faktisk, blei det rimeleg hektisk. Den flyplassen der, altså. Den er ikkje laga turistvenleg i det heile. Då vi først hadde gått langt om lenge, måtte vi gjennom ein kontroll der også. Så måtte vi gå i ein evigheit lenger enn lengst for å kome til gaten. Vi blei både sveitt og varm på den turen, heile hurven. Kor mange meter som blei unnagjort, veit eg ikkje, men det tok i alle fall ein halv time å gå. Akkurat det er lang tid og stressande når du har femti minuttar til flyet skal gå frå du forlater det første flyet. Først litt gange, så kontroll (pluss passkontroll litt etterpå) og så ein evig gange….. Flyet måtte nok vente litt på dei siste…….. Vi kom oss ombord og vi hamna til slutt i Noreg. No er vi som sagt på veg mot nord og om ikkje så alt for lenge kan vi sette oss i bilen og køyre heimover.
Siste delen av ruta må eg reise åleine, men det overlever eg. Trøytt er eg nok når eg kjem heim på morgonkvisten, men då blir det ekstra godt å krype under ei god og varm dyne og berre nyte det å kunne sove litt lengre ein dag (vel vitande om at det blir lange arbeidsdagar med tentamensretting heile neste uke).

No skal eg prøve å få meg ein liten halvtime på auget. Det er slett ikkje sikkert at det går, men eg får prøve. Viss ikkje blir det 23 timar med våkenheit i strekk, og difor kan det vere lurt å i alle fall få duppa pittelitt i det minste.
Eg håper det er "fine vegar", så går det vel radig unna. Eg forstått det slik at det er blitt litt meir kvitt på marka nordafor no enn då eg dro derifrå……..

Ei fantastisk reise er over for denne gong. Eg sit att med ufatteleg mykje inntrykk og er så takknemleg som berre det for at eg har fått vere med på dette.
Det har vore mykje arbeid også, for det var jo difor vi dro til Israel, men det har vore mykje anna også.
Sjølv om det har vore lange dagar der vi har stått opp i otta, er det ikkje noko eg vil ha vore forutan.No vurderer eg det å reise attende dit på eigenhand, eller med følge, men i eigen regi.

Plutseleg seier piloten at det berre er 20 minuttar att til landing. Hmmm….det er litt før tida det. Jaja, det skal ein no ikkje klage på! Ha ein fortsatt fin kveld!!

Hasta luego!

IWALY!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar