søndag 27. april 2014

Gotland…..

Ja, så var ein heime att frå ein super tur til Gotland. Den tidlegare fabrikkdirktøren vår og kjerringa hans har verkeleg gjort sitt for at vi skulle få ein tur vi kjem til å hugse.
Likevel, ein må vel starte med byrjinga.

Kl kvart på åtte fredags morgon "braka" det laus. Kanskje ikkje riktig uttrykk å bruke, men det var i alle fall då vi la avgarde i bil mot Kiruna. Vi skulle fly til Arlanda og derifrå til Visby.
Ein ting er sikkert…..Flyturen til Arlanda kjem eg aldri til å gløyme. (Forsåvidt ikkje utover mot Gotland heller.)
Enkelte ting ser ein berre på film!! ELLER om ein er på tur med den gjengen eg var ilag med. Akkurat den samansetninga av folk har sørga for mang ein latter opp gjenom tidene, og denne helga var sjølvsagt ikkje noko unntak.
Flyvertinna…..for å starte med henne. Ho hadde fått med seg at vi var musikantar på tur. I ettertid har vi ei formeining om at ho må ha trudd at vi var eit kor. Uansett, det som skjedde var at ho over høgtalarane på flyet annonserte at vi var ombord og la opp til allsong. (Dette var rett før landing.) Så starta ho sjølv å synge i mikrofonen. When you´re smiling…….. Vi song sjølvsagt med det vi kunne og når det var tekst vi ikkje hugsa, song ho åleine. Sjølvsagt til vill jubel etterpå.
Snakk om flyvertinne!! Det er ikkje mange som hadde turt å gjere det ho gjorde. Det var rett og slett heilt rått! Så ho skaffa seg nokre klemmar frå oss på tur ut av flyet.

Så var det å kome seg gjennom sikkerheitskontrollen på Arlanda. På innsida fann vi oss ein "kafé" kor vi sjølvsagt ikkje var heilt åleine. I og med at det er rette gjengen, var det ikkje akkurat så stille.
Stakkars mannen som prøvde å arbeide via pc´n sin…..han måtte berre gje tapt og lukke den att. Han flirte sånn at det gjekk ikkje an å få gjort noko som helst.
Han spurte sjølvsagt kva vi skulle, og svarte var at vi skulle feire ei gammal tante som blei 95 år. (Ei gammal dame med såååå mange tanteborn liksom…….. Yeah, right!) Vi avslørte sjølvsgat at det var snakk om ein fabrikk det var snakk om og så fekk mannen påspandert seg ei øl. Akkurat det var han ganske nøgd med.

Då vi skulle gå ombord, kom det eit kvinnfokl og spurte Er det noen her som skal til Visby?  Vi måtte komme til gaten. Der viste det seg at det stort sett berre var vi som skulle utover. Vi pluss tre til. Hahahaha…… Flyet var så lite at det ikkje var plass til fleire, så vi hadde faktisk vårt eiga privafly til ture over sjøen.
Stakkars den flyvertinna som var ombord i det flyet. (Eit lite propellfly.)
Ho var bra nervøs der ho stod og hadde sikkerheitsopplysning med redningsvest osv foran oss. Det er nok ikkje berre berre å ha det foran denne gjengen når ho ikkje hadde andre ho kunne sjå på ombord i flyet. Det var jo berre oss, og enkelte var har det jo litt i kjeften. (Ho tok det heldigvis bra….)

Som du sjølv ser……Flyet er ikkje stort! Akkurat passe for ein gjeng som oss. 

No har det seg sånn at klokka er rimeleg mykje. I alle fall er eg ganske så trøytt etter turen. 
Difor blir det med flyturen i kveldens innslag. 
Det betyr at eg forset med turen i morgon, og då skal eg også legge ut nokre bileter frå der vi var. Vi var høgt opp ei lufta i løpet av laurdagen, så då tok vi sjølvsagt eindel bilete når vi først hadde super utsikt. 

Så då tar eg kveld no, og så fortset eg med reisa og opphaldet i morgon! Tru meg, det var mykje skøy som hendte! 
Ha ein fortsatt fin kveld og sov godt! 

Hasta mañana!

SD!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar