mandag 7. april 2014

For ein herleg dag det har vore!! Sol frå knall blå himmel er rett og slett berre digg. Berre så synd at det er prøveeksamensdagar og at ein då ikkje får lufta seg noko som helst i denne sola før utpå ettermiddagen. Difor er det jo stas at klokka er stilla ein time fram slik at vi får nyte dagen litt ekstra lenge. Eg er klar over at fleire ikkje syns noko om denne stillinga av klokka, men akkurat i dag slo det positivt inn.(Vel vitande om at ein etterpå må sveitte litt over eindel oppgåver før ein får ta heilt kveld.)

I følge ei annonse på nettet har vi historisk lite testosteron. Hahahaha..... Dårleg triks for å få salget av varen sin til å gå opp. Likevel, det er sikkert fleire som går rett på limpinnen og bestiller seg produktet. Som om at verda plutseleg skal stoppe opp av di det ikkje kjem nye tilskot til ho...... JADA! Så lenge det fins menn, fins det meir så nok av det her såkalla testosteronet i omløp. Ingen fare for noko anna. Enkelte kunne gjerne hatt litt mindre av det, til og med..... :=))

Opsibopsi……..Eg er visst så fokusert her at eg har heilt gløymt av at eg bakar brød. Dei var ferdig for tre kvarter sidan, så det blir god skorpe det! Thihihi…. Jaja, det er ikkje første gongen at eg svimlar slik, og det er kanskje ikkje rart med tanke på at eg har sett på "Det tredje øyet" og så blei det litt spanande og vips……jomfrua gløymte at det er noko som i det heile tatt heiter brød.

Er det greit at andre ammar bornet ditt? Tja, tjo, njei….kva skal ein svare til det? Min umiddelbare tanke er definitivt nei, men om eg tenker meg litt om….ja då kan eg vere tilbøyeleg til å tenke at "mat er mat". Om enn litt motvillig……

I dag fins det eindel puppetabuar, men likevel færre enn tidlegare. Før kunne ein jo ikkje amme offentleg utan at det blei oppstyr av det. Akkurat på det området er det blitt litt likare. No er det ikkje så veldig mange som reagerer så kraftig på at det sit ei mor og ammar.
Sjølv om det er blitt betre, fins det også andre puppetabuar. Det som skapar mest reaksjonar er vel mest sannsynleg et spørsmålet eg stilte, "Er det greit at andre ammar bornet ditt?".
Eg er rimeleg sikker på at det er veldig delte meiningar om dette rundt om i landet (eller verda for del).

Viss eit born er utrøysteleg og svolten….. Skulle vi då nekte det mat? Nekte det mat om vi visste at det var mat i umiddelbar nærleik, berre at maten var i ei anna kvinne sin pupp, eller feittklump for dei som meiner det.
Ved å tenke slik at ein nektar eit svolten born mat, stikker det litt i meg. Då får det heile ei litt anna vinkling enn om ein berre lot vere å tenke på den biten og berre sjå for seg bornet til puppen til "feil mor".
Kva er det i så fall som gjer at vi ikkje syns noko om det, dersom det er slik at vi ikkje gjer det? Kva er det som blir utfordra i oss? Kan det kallast sjalusi, eller er det berre det at det er rart?
Om du spør meg, vil eg sannsynlegvis svare at det er eit vanskeleg spørsmål. Kjempevanskeleg av di det er lett å møte seg sjølv i døra. I døra av di ein skal forsvare dei moralske aspekta i det uansett om ein seier ja eller nei. Kva er viktigast? Bornet eller mora……?

Kvifor er det eigentleg litt tabu å snakke om eit slikt tema?
Vel, kanskje eg må arrestere meg sjølv litt der……. Eg vil då vel aldri la meg stoppe av at enkelte syns det er tabu å snakke om det. Er det interessant nok, ja då seier eg det eg vil og så får heller andre synes det er tabu eller ikkje. Det er eigentleg ikkje noko eg tenker over i det daglege, berre no når eg skriv om det. Plutseleg slår tanken meg at det faktisk kan vere eit tema som er tabubelagt hos mange. Berre ikkje hos meg… Eg ser ikkje i det heile at dette er noko som treng å vere tabubelagt. I alle fall ikkje i 2014.
Tabu eller ikkje….. Eg køyrer på!

Vi har alle saman ulike haldningar til forskjellige tema. Akkurat det er berre sunt. Tru kor kjedeleg det hadde vor viss noko anna hadde vore tilfelle?!
Enkelte meiner faktisk at det er perverst at ein ammar offentleg. Då tør eg ikkje tenke på kor perverst dei må meine det er når ein ammar ei anna mor sitt born.
Andre syns ikkje det er perverst, men syns likevel det er utenkeleg å låne bort puppen sin til andre enn sine eigne. På lik linje som andre syns det er rart å låne bort bornet sitt til andre sine matspreiarar.
(Ein pupp kan verkeleg spreie mat!! Det veit eikvar mor. Eit lite klyp i puppen og mjølka spruter utover. Det kan det joforsåvidt bli nokre artige episodar av, utan at eg skal avsøre om eg snakkar ut frå eigne erfaringer. Dei som kjenner meg veit at eg likar å gjere "djævelskap", og så kan du jo sjølv avgjere kva du trur.) :=))

Viss vi set det heile litt på spissen, så kan vi sette ein pupp og ei ku opp mot kvarandre. Kva er det som gjer at det er greit at born får melk frå ei ku, men ikkje eit anna menneske. Kven har den verste utsjånaden, verste lukta, skitnaste kroppen…osv……..Kua eller kvinna? I´m just asking……..
Borna våre er jo ikkje akkurat nokre kalvar, så kvifor er det liksom greit å dele pupp med ein kalv og ikkje ein "kompis"?
(Berre så det er sagt……… Å bytte om på det og la ein kalv suge ein menneskepupp……. Der seier denne knetta STOPP! )

Det er jo slik at dersom du har puppene dine ekstremt fulle av melk, kan du levere melk til sjukehuset som sørger for at born som verkeleg trenger det får det. Mødre som av ein eller annan grunn ikkje får amma, men så sårt treng at bornet får den næringa dei treng. Eg trur ikkje dei mødrene ser på det som ekkelt. Dei er aller helst takknemmelege for at det fins nokon som deler av godene sine.
Likevel, det blir kanskje eit lite sidespor frå hovudtemaet. Å få melk på den måten er nok ikkje det same som å direkte amme eit born.

Vel, det er delte meininger om temaet og eg veit sanneleg ikkje kor langt vi er komen om femti år frå no. Meiningane er kanskje like delte då som no…….?
Uansett, denne jomfrua skal ikkje få fylt brystene sine med noko næringsrikt innhald i form av mjølk, så problemstillinga vil nok aldri gjere seg gjeldande for meg.

Ha ein fortsatt fin kveld!! Hasta luego!

IWALY!!!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar