søndag 6. april 2014

Det har vore hyttehelg og den har stort sett gått med til kvalitetsting som kubb på sletta, kortspel, skattejakt og grilling. Med andre ord hadde eg eigentleg ikkje så ufatteleg lyst til å dra heim i dag og ønska mest at det skulle vere berre laurdag.
Vi dro heim tidleg så eg skulle rekke å få litt tantetid med to av gutta som har vore her i bygda i helga. Vi fekk nokre fine timar ilag og deler av tida gjekk med til musisering.
Her er søskenborna i fullt driv på trommer og song. Resten av "bandet" kjem ut av høgtalarane i form av singback. Ei artig stundfor meg og dei små. Dette kan vel også klassifiserastt som kvalitetstid!! 

I morgon er det måndag og uka før påske. Ute er det lite som vitnar om at det er tida for det no. Å tru at det blir mykje skigåing i påska er det same som å tru på julenissen (eller påskeharen er kanskje meir rett å seie i denne tida). Jaja, vi skal vel klare å finne andre aktivitetar å helde på med. Det handlar berre om å vere kreativ. 

Påske……. Eg kjem nok til å tenke på Jerusalem i løpet av påska. Det var jo der "det" skjedde, ifølge historia, og etter å ha vore der sjølv og "tatt" på stemninga som ein får ved å vere i kyrkja der……. Det gjer noko med ein. Det var verkeleg spesielt…….

Då eg reiste heim med ferga tidlegare i dag, kjøpte eg papirutgåva av VG. Spent på kva som var dei ulike temaene i dag, bladde eg først raskt igjennom ho. 
Det som fanga interessa mi først var ei overskrift som sa "Kim§ knallharde lover". Vi snakkar då Nord-Korea! Joda, eg er fullstendig klar over at det er eit strengt regime der, men etter å ha lese denne artikkelen, tja……kva skal eg seie? Det er nesten som om at eg ikkje tar det som står der seriøst (vel vitande om at det mest sannsynleg stemmer i stor grad). 
Han der Kim kan ikkje vere heilt normal! Noko teitare form for maktutøving skal ein leite lenge etter. Og ein ting er sikkert og visst…… Kan eg ikkje reise til det landet med ei dongeribukse på, ja då reiser eg ikkje dit. Ikkje av di eg på "død og liv" må ha på meg ei dongeribukse, men rett og slett av prinsippet! Eg vil då vitterleg reise i det eg føler for sjølv utan at ein fjomp av ein leiar skal fortelje meg noko anna. 
Joda, ein skal vise respekt for andre kulturar, men ein stad går det ei grense. Det er noko anna å reise til Jerusalem og dekke låra og skuldrane sine der det er nødvendig og det at ein ikkje skal velge kva type langbukse ein skal ha på seg. 

Eg vil aldri klare å reise til Nord-Korea utan å bli lovbrytar. Det er vansklegare å halde seg lovlydig enn å gjere noko gale. Når alt som skal til er å brette avisa feil, ……….. 
Norske statsborgarar ville aldri ha gått med på at dei skulle måtte gå rundt med ein pin på brystet med biletet av statsministeren vår. (Heldigvis er dei ikkje så PR-kåte at dei forlanger det.) 
Kvinnfolk kan velje mellom 18 hårfrisyrer…. Tja, akkurat det er vel ikkje så ille. Menn kan velje mellom ti. (Eg lurar på kva som skjer om ein mann er skalla??! HAhahaha………Eller er det èin av dei ti?!)
Servitørar og resepsjonistar må ta kirugiske inngrep. Dei må fikse litt på seg for å sjå meir vestleg ut. Stakkars Kim……… Joda, det er sjølvsagt folket det er synd i, men det no noko stakkarsleg over det å ha sånne teite reglar og ikkje minst vere den som står bak slike. 

Er du så uheldig at du hamnar i fengsel, ja då må du verkeleg stå på slik at du blir ferdig med samtlege av dei oppgåvene du blir pålagt der. Om du ikkje blir det, blir det daudsstraff på deg, og kven vil ha det? (Kanskje dei som hamnar i eit fengsel i eit slikt land……) 
Du kan faktisk bli henretta om du står i ei klynge med eit par-tre andre. Så som eg skreiv lengre oppe på sida, er det lettare å bryte lova enn ikkje. 
Det verste er kanskje det at ein ikkje berre straffar personar som har gjort noko gale, men heile familiar og slektningar. Familiestraff kalles det. Det er også difor det er lite vanleg at ein tar sjølvmord i Nord-Korea. Dei veit at om dei gjer det, blir resten av familien straffa for det. 
Kvifor?? Joda, av di Kim vil ha det slik. "The crazy man, himself". 

Som det står under biletet i avisa……"Kim ser deg". Jaujau…….Han blir som ein skitunge i mine auge og eg veit ikkje heilt kva eg skal tenke om det heile. Finnes det liksom slikt i 2014? Og korleis kan det eigentleg gjere det? Kvifor er det ingen som gjer noko med det? Menneskerettigheitene blir det jo kjempa så hardt for på mange områder, så kvifor er ingen tøff nok til å hjelpe folket der og sørge for at det blir ei maktforandring "down there"? 
Det fins vel heilt sikkert gode årsaker for det. Det er jo ikkje noko nytt at Nord-Korea har eit regime som ikkje heilt appellerer til resten av verda. Det har det forsåvdt aldri gjort. 
Eit høyst aktuelt tema i dag, så absolutt! 
Det er ikkje lenge sidan eg las ein artikkel om at du ikkje har lov til å ha med deg mobil inn i landet. At du blir frateken telefonen din om du blir oppdaga….. Om det stemmer, eller ikkje, veit ikkje eg, men stemmer det, er det alt anna enn bra. 

Britisk mommentator mener nordmenn bør si unnskyld. Vikingene var som Nazi-Tysklands SS-divisjoner. Hallo??? Der datt denne frøkna ut eit lite augeblikk. Vikingetida? Er ikkje det veldig langt attende i tid? Er det eg som har misforstått alt då vi lærte om vikingetida og kva tid i historia den tida høyrer til? 
Viss eg skal be om orsaking for noko vikingane gjorde, jaja, då er det noko i denne verda som ikkje stemmer. Det vere seg om det er snakk om massemord eller ikkje. Kva godt skal det gjere om eg ber om orsaking for kva andre gjorde for eit hav av tid sidan? Så lenge sidan at eg ikkje var ein del av Guds plan med verda eingong. 
Korleis skal verda gå framover om vi skal halde fast i fortida som går så langt attende som vikingetida? Kor mange generasjonar vil eigentleg sånn rundt rekna 1000 år seie? 
Joda, vi kan godt lære om kva som skjedde og vi kan gjerne lære at vi har forfedre som gjorde mykje galt. Likevel, eg kjem ikkje til å beklage det som skjedde den gongen viss nokon forventar det. Det er ingen som får noko betre liv av den grunn. Ikkje ein gong eg……for eg vil ikkje få noko betre samvit av å gjere det. Nei, tusen år gammal "tullferd" er ikkje noko som tynger skuldrane mine. Sorry, men slik er det berre. Ikkje trur eg at du heller ikkje får sove av di vi har nokre "villingar" til forfedre. 

Nei, denne knetta skal ta og slutte av. Eg skal sjå over litt skulearbeid før eg legg meg. Så då attstår det berre å ønske deg ei fantastisk god natt! Sov godt!! :=)
Hasta luego!

IWALY!!!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar