fredag 4. april 2014



Nei, når eg ikkje fekk tilbod om meir medgift enn ein stakkars dromedar, var det ikkje vanskeleg å velje heimlandet foran å bli verande. Hahahahaha……….. Eg var vel ikkje jomfrueleg nok! (Forstå det den som kan…..Thihihii…..)
Eg har lufta tanken om å dra til Israel og vere der eit år, men har nok ikkje heilt fått gehør for det enno. (Som om det blir å skje….)
Jaja, no er eg snart attende i rett dagsrymte (takk og lov), no er det helg og då skal eg prøve å få vere mest mogleg ute. Det er alltid fint å sette seg mål, sjølv om dei ikkje alltid blir etterfulgt. 
Å leve i nuet er vel det rette begrepet i så måte. Leve og leve, fru Blom…… Det kjem an på kva ein legg i det "å leve". Betyr det at ein får oppleve mest mogleg, eller betyr det at ein tar ting som dei kjem? Sjølv går eg for det siste. Er sofakroken litt for god, går det på bekostning av naturen, men målet er sjølvsagt å vere mykje ute.

Eg har akkurat vore innom Vg ein snartur. Der hadde dei dette biletet publisert. Det vil seie at eg har redigert det litt. Eg har laga svart og kvit ring rundt det for å skjule kven det er som er avbileta.
Eg går sterkt ut ifrå at dei fleste seg kva det er som er avbileta, men skulle det vere nokon som tvilar, ja så er det ein mage. Ein "10-pack"-mage!! 
Veldig, veldig mange strevar noko grueleg for å få det vi kallar for "six-pack". Dei som klarar det har ein god del trening (og rett trening) bak seg. Denne mannen som er på desse to bileta er frå Sverige (utan at det betyr noko) og har knallhard innsats bak seg for å få denne veltrente magen/kroppen. 
Så kjem spørsmålet mitt…….. Er dette fint?? Alle desse bulkane på magen………

Kva er det som gjer at det er så mange som er så opptatt av nett dei musklane vi hari mageområdet? Eg tenker då ikkje på "normal" trening. Å vere slank rundt midjen og ha ein bra kropp treng ikkje nødvendigvis henge saman med at ein har "six-pack" og aller minst med ein 10-pack. 
10-pack har eg forsåvidt aldri høyrt om før. Eg visste ikkje at det gjekk an før eg såg desse bileta. 
Ein ting som i alle fall er sikkert………Denne magen egnar seg ikkje som noko kvilepute. Å legge hovudet på desse klumpane kan aldri vere behageleg?! 

Om eg hadde møtt på denne mannen på ei sydenstrand, tja då kan det nok hende at eg måtte streve for å dra augene mine til meg. Eg hadde heilt garantert stirra (jomfrueleg som eg er). Likevel, stirringa hadde ikkje komen av di eg ville syntes han var det vi kallar for "hot", men av di det er noko "unormalt" og eg mest sannsynleg ville bli forbausa over at det fins menn med ein slik mage. Eg syns ikkje det er særleg sexy. 
Med fare for å fornærme enkelte som meiner dei er guds nådegåve når det kjem til kropp, men ein muskuløs kropp er ikkje alltid det same som deileg. 
Eg er stygt redd for at skulle eg vere så "heldig" at ein slik mann skulle flørte med meg (så heldig er eg ikkje…..ahhahahaha…….), ja då ville eg snudd meg rundt med nasen i sky med vissheita om at her er det ein som er meir opptatt av kropp enn alt anna. Og ikkje for å vere fordømmande, men eg ville kome til å tenke at han er overfladisk. (Sorry, no sat eg visst alle med "fine" muskelmagar i same bås……Slett ikkje meininga, men om du gidd prøve å misfortså meg rett, ja då ser du vel sikkert poenget også.) 

Nei, det er helg og no blir det avslapping på høgt plan.  Ha ei god helg!! 
Hasta luego!

IWALY!!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar