mandag 28. april 2014

When you´re smiling…...

Visby……Gotland. For dei som ikkje har fått det med seg, har eg vore med musikken til Gotland i helga. Utroleg fint å sjå frå lufta. Då vi skulle inn for landing, hadde vi utsikt over heile øya o det var eit vakkert skue. Sol frå skyfri himmel var det som møtte oss. Gjett om det var balsam for sjela til kvar og ein av oss nordbuarar?!
Ein urpiteliten "flyplats" med heile tre utgonger, trur eg, (til trass for at eg eigentleg berre såg to sjølv). Jaja, det betyr jo då at det gjekk radig å få bagasjen, og det beste var at alle fekk alt og alle instrument var heile. (Takk og lov for det…)

Då vi kom ut av døra til flyplassen, måtte vi vente litt. Enkelte litt meir utolmodig enn andre……… Hadde dei gløymt oss av? OG ikkje minst kvifor er (var) det ingen av oss som hadde telefonnummer til nokon som helst der nede? HAhahaha…….. Om ein drar på ein slik tur, kan det jo vere greit å vite korleis ein kan få tak i vertane. Jaja, shit happens all the time. :=)
Vi blei henta og det blei ein riktig så triveleg busstur. Litt mimring og elles enkelte som var i retthumøret og serverte den eine artigheita etter den andre. (Mimring av di vi var her i 2003 også.)
Ein ting er sikkert……Enkelte eig ikkje stadssans i det heile. Åååå, her var det vi bodd sistgongen! Eller Ser dåkker, her e havet og vi bodd jo rett hær borte. 
Var det hær vi bodd?? Eine meir usikker enn den andre. Det einaste som /ervar sikkert er at vi budde i alle fall ikkje der. Vi var ikkje i nærleiken eingong.
Denne jomfrua tenkte i alle fall "at det går an"…… For det går ikkje an å ta feil av eit "aude" område og området vi budde i. Vi budde jo rett ved sida av hovudhamna der hurtigbåten ligg til kai. Der vi køyrde var det ikkje ei kai i augesyn eit einaste sekund. (Om det er alderen som tar dei, eller anna, skal vere usagt.) :=)

40 minuttar i buss gjekk rimeleg fort. Buss til Länna gård. Gjennom deler av fabrikkområdet. Vi blei innkvartert der (no kan ikkje eg tale for alle andre, men i alle all meg sjølv) og eg ville ikkje ha bytta det mot det finaste hotelet eingong. Vi budde på ein stad med sjarm og sjel. Første del blei vel påbyrja i 1698 og meire kom i løpet av 1700-talet. Heilt supert.



Om kvelden grilla vi, noko som var kjempekoseleg! Vertskapet hadde invitert med nokre musikervener som spelte opp for oss. Kontrabass, gitarar og trekkspel. (Och stemmer självklart.)
Slikt blir det stemning av. 
Dagen starta tidleg, så det var vel eigentleg ikkje så rart at vi "braut opp" høveleg tidleg. 

Laurdagen var det konsert på torget. Publikum var i alle aldrar. Ikkje det at torget var fullt, men det var no nok mange sjeler til at det blei ei riktig så koseleg stund. 
"It´s my life" er låta som i alle fall brente seg fast på harddisken til ein av "publiken". For på kvelden, då vi skulle underhalde på jubileumsfesten der, kom same karen og spurte om vi ikkje kunne ta den kule låta "It´s my life". 
Så litt spor klarte vi i alle fall å sette på føremiddagen. 

Etter konserten var det omvisning på Cementa, fabrikken på Slite. Der fekk vi gå opp på tårntaket….. Det kallar vi å få utsikt. Eg var i første gruppe som for opp og siste som for ned. 


Det kjem litt meir røyk ut av pipa der enn her heime heime…..




Husa midt i biletet (rett bak fabrikken) er Länna gård, så vi budde ikkje langt unna. 

Dei har "brudd" på Gotland også. Kalkstein må til for å lage god sement.  

Sjølv om det var litt interessant å bli vist rundt på fabrikken, var det no aller helst dei Norcem-ansatte som hadde størst utbytte av det. Dei skjønna jo det meste som det blei prata om. Likevel, det gjekk berre superduper så lenge vi innimellom fekk litt solstrålar i andletet medan vi ferda oss rundt der inne. 
I eit svakt augeblink tok eg faktisk bilete av den eine omnen. Det var grueleg varmt der og det var litt kult akkurat der og då med flammene. Men hallo…..???!!! Det er jo noko som feilar om eg trur at eg nokon som helst gong i framtida blir å sette meg ned og studere akkurat det biletet. Kva er det som er så spesielt med eit bilete av ein sementomn? Jomfru Knutsen og eit slikt bilete. For ein kombinasjon. Med andre ord har det svikta litt under topplokket der og då. Kanskje eg lar biletet ligge på telefonen nokre dagar, sånn berre for å overbevise meg sjølv om at det var litt kult. Jauda…..seier eg berre!

Jaja, sånn går no dagane. Berre det at vi måtte fylle dagen der nede med litt meir innhald enn ein konsert og fabrikkbesøk. 
Fabrikken har ein eigen treningshall/gymsal (whatever,……..) i tilknytning til fabrikken. Der skulle dei ha jubilantfesten/jubileumsfesten. Der skulle vi underhalde i ein time for 350 gjestar. 
Det gjekk berre kjempefint. Eg vil tru at ABBA var eit av dei numra som fenga mest, med tanke på "klientellet". 

Klokka sju braka det laus i hallen. Då starta opplegget for fullt, og eg må seie at dei veit korleis det skal gjerast. Alt var planlagt ned til minste detalj. Ingenting var overlatt til det tilfeldige og eg vil anta at det meste skjedde på det sekundet det skulle skje. 
Så i løpet av kvelden fekk vi sjå knakande god underhaldning av fabrikksjefen sjølv (joda…..han kan vrikke på rompa, han også, og synge). Det er rart kor mykje litt kostyme kan endre ein person. I det augeblikket vi skjønna kven det var som stod der på scena og underhaldt, ja då tok det av. 
Då "La det swinge" blei framført, reiste vi oss og sang i lag alle saman. (Eg trur vi nordmenn er hakket meir frampå enn svenkane, så konfransieren var nok glad for at vi var der. Vi skapa litt stemning med andre ord. 
Uansett……. Å sjå sjefen sjølv og dei andre leiarane ved fabrikken i aksjon på scena…….DET var verdt meir enn om dei hadde leid inn profesjonelle folk til å underhalde. 
Så no ser eg for meg fabrikksjefen her heime, administrasjonssjefen, vedlikehaldssjefen, produksjonssjefen…….you name it…..i full mondur ved neste jubileum her heime. Sjå for dåke alle dei i fengande rytmar og dans/song på scena. Gjerne iført hatt og stokk!! Hahahahahaha…….. Eg trur eg døyr på meg sjølv! Fabrikksjefen kan ta songen "Can´t take my eyes of you…..", administrasjonssjefen kan vrikke litt og synge ei tøff reggae-låt! Or what?? Hahahaha…… Det spørs berre kven det er som skal tvinge dei opp og fram! Thihihihihi…….. Det vil i såfall bli ein suksess utan like…..don´t you think? :=)

Maten var planlagt ned til minste detalj, den også. Når til og med EG som aaaldri før har spist surkål, presterte å ete heile bunten med kål som fulgte med……Ja, då var vel maten god, då?!!! 




Eg var no så grueleg tidleg oppe om morgonane, så då var det fint å gå og trø for seg sjølv litt rundt om.  Dette er berre frå høgda rett over der vi budde. 
Eg må innrømme at eg hadde eit lite blikk mot bakken veldig ofte. Etter å ha lese om den store orme-boomen som er sørafor heime i Noreg, er det klart at denne smånervøse jomfrua blei lettare skeptisk til å gå der og trø i graset for meg sjølv. (Eg veit ikkje eingong om det eksisterer slangar på Gotland…..Det falt meg aldri inn å spørre….) 
Det er irriterande at ei teit avis som VG skal påverke sånn berre ved hjelp av ei klynde heslege stålormar!! Jaja……. Det var no ingen orm som beit meg på mi vandring, så då skal ein vel berre vere lukkeleg og glad. 

Eg kan trygt seie at eg var trøytt då eg kom heim i går kveld. Ikkje av di eg var så grueleg sein i seng laurdagskvelden. Eg trur aller helst eg var ein av dei to-tre første som fann senga. Eg hadde vel i bakhovudet at det ikkje er særleg kult å reise heile dagen om ein ikkje får noko svevn først. 
Eg vil anta at folk ga seg til ulike tider, naturleg nok………Min sundag blei i alle fall heilt fin. Eg var mest berre trøytt. 
Å legge seg tidleg er ikkje einsbetydande med at ein sov så mange timane. Det er lett for å bli vekt av andre på ein slik tur, og det kan vel tenkes at det skjedde denne gongen også. Då blir ein lett litt for vaken og då er det ikkje berre å få sove att etterpå. 
Desto betre sov eg då eg kom heim! Eg er sikker på at om du hadde prøvd å rista meg i natt, ja då ville eg neppe ha reagert. Borte vekk, kallar ein det! 

Det heiter så fint "Borte bra, men heime best". Det er nok slik det er. Eg syns vi har hatt ein fantastisk tur med eit flott vertskap. Likevel var det godt å ligg epå eiga pute i natt. Eg er ei minnerik helg "rikare" blant dei små grå og ville ikkje ha vore turen forutan. Så takk til Morken som gjorde det mogleg for oss å kome. Det settes pris på! 

Einaste nedturen var at det var stengt i Abisko då vi var på tur heim att. Eg såg for meg at eg skulle kome heim med "eit tonn" Capri sonne til ein liten kar som venta spent på mora. Eg måtte nok skuffe han der. 

Nei, det er straks kveld her i huset. Midnatt er ikkje så langt unna……….Døgeret skulle gjerne ha hatt 25 timar. Eg ville ikkje ha krangla på det! 
Jaja….. Ha ein fortsatt fin kveld om du er ein av dei som likar å sitte oppe utover natta. Er du på tur i seng……så ha ei god natt! 

Hasta luego! 

IWALY!!!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar