tirsdag 8. april 2014

Kjempehull åpnet seg midt i Oslo-vei. Alt er relativt…..Kva betyr midt i, liksom? I dette tilfellet er det  snakk om i eit hjørne og rett foran ein garasjeport.
Ikkje veit eg, men eg syns no overskrifta er litt villeiande. Eg såg sjølvsagt for meg ein traffikert veg då eg las det.

Innrømmer å ha kokt mannen. Hahahaha…….. Vel, det er nok ikkje noko å flire av, men hallo?? Les no overskrifta og sei at den ikkje er litt komisk!?
Ein pengekrangel var alt som skulle til for at slikt kunne skje. Jaja……..Ei crazy verd!

I går las eg på  Facebook om ei mamma som hadde vore på handballkamp utan å fått med seg at dattera spelte. I dag var det ei av sakene som var omtala i Fremover.
Heile saka er berre trist, det syns eg verkeleg, men det som er enno meir trist er at dei gjer dette mot denne mammaen. Denne mora skjønner garantert at det er ho det skrives om, og kva vil dette gjere med ho? Det blir berre så teit og umodent gjort.

Hadde dette vore ei enkeltsåande sak der denne mora ver eit enkelttilfelle, ja, då kunne eg vere tilbøyeleg til å seie at dette er på sin plass, men slik er det ikkje.
Alle som har deltatt, som tilskodar, på ei eller anna turnering rundt omkring har sett dette. Dette er slett ikkje noko nytt. Det er rett og slett eit heilt vanleg fenomen som har oppstått. Trist, men ikkje uvanleg.
Det gjeld nok veldig mange vaksne (og born!).

For dei som ikkje har fått med seg kva saka gjeld, er det snakk om at ei mor var med dottera på handballturnering. Då dattera var ferdig med ein kamp, spurte mora om ho ikkje skulle spille snart. Dattera svarte at ho akkurat var ferdig. (Mora hadde brukt tida på å prate i mobilen i stadenfor å sjå på ungen sin. Ungen blei sjølvsagt lei seg.)
Eg syns ikkje det er greit at ein gjer slikt, men det er slik samfunnet har utvikla seg til å bli. Vi har sett det mange gonger.

Poenget mitt i det heile er at det er galskap at ein person kan henge ut eit anna menneske på denne måten og at media grip fatt i det og gjer det same. Når dette faktisk er noko som er ganske "normalt", vil eg påstå at det er eit veldig legitimt tema å ta opp, men ikkje i form av å trakkasere eitt enkeltindivid som gjorde denne tabben. Ein burde ta det opp som eit tema utan å trekke inn ei enkelt hending.
"Håper du ser dette og skjemmes………" Eg er ikkje hundre prosent sikker på om det var ordrett slik det stod, men det var i alle fall bodskapen bak det.
Sjølv syns eg det er forkasteleg at foresatte ikkje bryr seg meir enn at mobilen må vere hovudmidtpunktet i livet til eikvar tid. Ein kamp er viktig for eit born og som forelder bør ein vise interesse for kampen når ein først er tilstades. La bornet få føle den annerkjenninga som følger med smilet den foresatte sender.
Det er trist at det er slik, og eg forstår at dei som ikkje er slik reagerer på det. Eg reagerer på det sjølv!!
Det er likevel meir trist at eit menneske blir uthengt på Facebook og i ei avis for noko ein burde gjord til ei generell sak.

Det kan hende at mange vil vere ueinige med meg og at dei syns at det er på sin plass at denne mora får føle på dette….. Då spør eg: Er du sjølv feilfri og eitt hundre prosent tilstades for ditt eige born konstant? Gjer du aldri feil? Vil du synes det er heilt OK at andre heng deg ut i avisa om dei ikkje syns om noko du gjer? 

Denne mannen som starta dette kunne ha sagt kva han meiner direkte til dette kvinnfolket. Då hadde han vist seg meir rakrygga. Eigentleg syns eg berre saka har utvikla seg til å bli ei "mobbesak".
Ei sak som verkeleg er "up to date" har blitt til eit angrip på eitt einaste kvinnfolk istadenfor ei heil gruppe "syndarar". Ei stor gruppe…………
Hadde ein ikkje skrive ord som "du" og "din" osv……..Hadde kanskje saka vore annleis, men denne saka har gått direkte på ho (henvendt til ho).

Ei lita utblåsing frå ei som er i alle fall ikkje er feilfri. Eg ser på kampen om sonen min speler, men eg gjer garantert mykje anna "feil".
Uansett, ha ein fortsatt fin kveld og sov godt til natta!

Hasta luego!

IWALY!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar