torsdag 3. april 2014

Torsdag 3.april.

Mai er den måneden hvor det skjer desidert flest voldtekter. De aller fleste er festrelaterte. Ni av alle overgriperne i fjor var kvinner. No var eg litt kjapp i vendinga og hadde tenkt å skrive "Snakk om å ikkje vere vaken. Viss ikkje dette er dårleg norskspråk, ja då veit vitterleg ikkje eg. Ni av alle overgriperne i fjor var kvinner ...…. Hallo?! Kva planet er journalisten på? "
Så er det faktisk slik at det er meg sjølv eg må stille spørsmålet til! Det er eg sjølv som slett ikkje er heilt på stasjon. 
Først trudde eg at det dreia seg om alle overgrepa som skjedde og at ni av ti av dei som blir utsett for valdtekt er kvinner. Det er jo ikkje akkurat noko hemmeleg bak det at det er menn som syndar mest på det området. 
Eg vakna heldigvis etterkvart. I alle fall urpittelitt, og nok til at eg fekk med meg at det ikkje dreiar seg om det eg først tenkte og at journalisten berga seg der. Det blir ingen fine superlativer osv…..

Det siste året har det vore ni overgriperar på kvinnesida. I alle fall om vi skal tru på rapporten som kom ut i februar. Som om at eg kjøper den om at det er berre ni….. 
Det heile baserer seg nok på det antalet som blir anmeldt. Då er det lett å anta (i alle fall gjer EG det) at det er fleire som ikkje blir anmeldt. 
Eg vil tru at det er fleire menn som ikkje anmelder slikt enn det er som faktisk gjer det. Kva veit vel eg? Likevel…….Kor flaut er det ikkje for ein mann å innrømme at han har blit valdteken av ei kvinne? 
No skal ikkje eg påberope meg den kunnskapen at eg veit korleis ein mann tenker på dette området, men mannen som det sterkaste kjønn……….Det er nærliggande å tru at han vil synes det er flaut. Kan hende at eg tar grueleg feil. 

Statistikken viser at ein av ti kvinnfolk har blitt valdteken. Då seier eg berre "For eit høgt tal!!" Ein av ti?! Det er mange det……….. 
Så spørs det…..I kva samanheng har det skjedd. Har dei gått ute langs gata og blitt overfalt, har dei vore på fest og kledd seg "usmakeleg", har dei drukke seg så sanselaus at dei ikkje greier å seie nei, eller vaknar dei berre på morgonkvisten og ikkje veit at dei har hatt sex anna enn at dei faktisk kjenner at det har skjedd, men ikkje hugser det. 
Alternativa er mange, og det er nok ganske mange fleire enn dei eg lista opp her. 
Kva er det som gjer at så mange blir lovløyse i forhold til dette temaet? 

At nett mai er valdtektsmånad nummer ein er neppe vanskeleg å skjønne. Det er jo den store russefeiringsmånaden. Fest og moro står høgt på planen for mange tusen ungdommar. Reglane blir berre galnare og galnare. Blant strykemerkene du kan ha på klerne dine står det noko som på ein måte legitimerer valdtekt. Blant anna oppmodar dei til bruk av valdtektsdop. 
At alkohol har ein del av skulda denne månaden er det vel ingen som tvilar særleg på. 
At Oslo er den byen som er hardast råka er heller ikkje så vanskeleg å forstå. Noko anna ville vel aller helst ha vore rart. 

No er det april, og det er ikke lenge att til årets russekull skal ut og feste. Det er vel dei aller færraste som vel å gjere som eg……..vere edru heile russetida. Natt til første mai brakar det nok laus. Så er det fleire jenter (eller gutar for den del) som blir ein del av statistikken. Kanskje den statistikken som dei skal vise til neste år. Eg håpar dei fleste veit å ta sine forholdsreglar. I dagens samfunn er det noko som burde vere lett. At det fins overgriparar er noko "alle" veit. Difor kan det vere ein smart ting å gjere og halde seg samla med andre til eikvar tid. Sørge for at ein aldri går åleine, hverken full eller edru. 

Jaja, det fins kvinnelege overgriparar også. Jomfru Knutsen som sendte dei små grå ut i tankeverksemd før ho hadde fått satt seg inn i innhaldet i artikkelen. Ho har i alle fall skjønna at det kan vere lurt  å ta seg tida. 

Augene går på kryss og tvers på akkord med all anna hjerneverksemd. Det er så absolutt tida for å finne fram til soverommet og den gode dyna. Viss ingen kjem med fyrstikker til å halde augelokka opp ganske straks, er eg redd eg må kapitulere. (Eg trur eg gjer det uansett.)

Jaja….Hasta luego!

IWALY!!!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar