onsdag 2. april 2014

Onsdag 2.april…..

…….. og 1.april blei forbigått utan at eg prøvde å lure nokon som helst. I år hamna dagen i det minste på ein skuledag, men i og med at eg ikkje var heime, klaffa det ikkje med å lure hverken elevar eller kollegaene mine. Dagen gjekk og eg holdt meg til å lese kva alle andre har/hadde gjort. Enkelte meir krative enn andre, sjølvsagt.

Eg har vore utan nyheiter frå moderlandet i ganske lang tid no, og etter å nett å ha vore innom eit par av hovudstadsavisene, kan eg trygt seie at eg ikkje har sakna det. Det er nesten sånn at eg tenker "at eg gidd" når eg opnar nettsidene. Det er liksom ingenting som er særleg revolusjonerande. Det er nesten som om att eg har lest det meste før.
Det einaste eg ofra litt tankeverksemd på medan eg las, var at Krf vil prevensjonere 16-åringar med hormonspiral. Det er sjølvsagt eit ledd i det å få ned aborttala, men likevel. Det kan virke som om at dei ikkje er heilt klar over kva dei held på med. Hormonspiral er vel strengt tatt ikkje å anbefale før etter at ein har født eit born. Eg kan ikkje tenke meg til at det er noko ein 16-åring bør sørge for å få. Då må det no finnes mange andre alternativ som er mykje betre, sjølv om ein hormonspiral faktisk sørger for at du slepp å tenke på å beskytte deg i det heile. Du er beskytta dei neste fem åra om du får den rett satt inn. I og for seg ganske greit, men likevel ikkje å anbefale ein 16-åring.

Det evige prevensjonsfokuset Krf har, gjer at det kan framstå som at dei syns det er heilt greit å ha sex i hytt og pine. Sjølv om vi lever i 2014, bør eit parti som Krf gå foran som eit godt eksemepel og heller spreie kva dei eigentleg meiner.
Tidlegare var det fleire som påstod at ved å bruke prevensjon, hindrar du eit liv å bli til. Så det er ganske stor endring som har skjedd. Frå å meine at prevensjon ikkje skal brukast av di det hindrar liv, til  i dag å kjempe for flire gratisalternativ for ungdom.

Misforstå meg rett! Eg seier ikkje at EG er imot at ungdom skal bruke prevensjon. Eg reagerer på at Knut-Arild Hareide no frontar eit syn som eigentleg går imot mykje av det som er blitt sagt for ei tid attende. Krf er bygd på dei kristne verdiane og bør kanskje då halde seg til dei.
At han foreslår seksualundervisning heilt ned i åttande klasse, høyres jo supert ut. Berre litt dumt for han som viser at han ikkje følger med i tida. I dag har dei faktisk slik "undervisning" mykje lengre ned enn i åttande klasse. Ergo kan det vere ein idè å lese læreplanverka før ein offentleg går ut og foreslår endringar.
Penis og vagina er ord ein fjerdeklassing kjenner til……….. Blomster og bier blir introdusert litt etter litt.
Filmane statens helsetilsyn laga for 20 år sidan om seksualkunnskap, var laga for 11-åringar. I 2014 passar dei sikkert for ein 9-åring.

Det verste med det heile blir dobbeltmoralen som dukkar op i saka. De kjempar for at legar skal ha reservasjonsrett til å henvise til abort. Samtidig ønsker dei at ungdom skal få bruke hormonspiral.
Så spørs det…….Kva er det som er dobbeltmoralen i det?
Jo, det er enkelt og greit slik at det er snakk om at legar også må få kunne reservere seg mot å sette inn spiral også. Ved å sette inn ein spiral, går dei på "akkord" med seg sjølv i forhold til det dei trur på. Med andre ord at dei "hindrar liv å bli til". (Som eg skreiv lengre oppe.)
Dei vil ha gratis prevensjon og samtidig la legane få nekte å plassere denne prevensjonen.
Eg trur dei treng ein tur på kammerset for å finne ut kva dei skal stå for og kva dei eigentleg ønsker for ungdomen. Kor skal grensa deira gå for kampen mot aborttala?
Vil dei ha ned tala, må dei vise det på ein litt anna måte enn dette. Det første dei må sørge for er haldningsskapande arbeid. Kan dei gjennom haldningsskapande arbeid sørge for at eitt eller fleire menneske ikkje blir gravid eller tar abort, så burde det vere nok til at det er verdt det.
La ungdommen få prevensjon viss det er det partiet meiner er rett, men sørg ikkje samtidig for å arbeide MOT ungdommen ved å presse på reservasjonarettar.

Eg er rimeleg trøytt akkurat no. Eg var heime litt før fem i morges og då eg skulle legge meg, høyrde eg berre "Ååååå, mamma!!" Gjett om det var ein som låg og venta på mora. Han har sikkert berre halvsove heile natta. Det var berre å krype inntil og legge seg for å sove. Sove ei kort stund……for eg stod opp i lag med han og så la eg meg for ei kort stund til, men eg var grueleg tidleg oppe likevel. Klokka ni, om eg ikkje tar heilt feil.
Då er det strengt tatt lov å vere trøytt no! Så eg er på tur i seng om få straksar.

Ha ein fortsatt fin kveld. :=))))

Hasta luego!

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar