tirsdag 29. april 2014

Eg sit her og nyter at det er heilt stille rundt meg. Eg er "åleine" heime og skal ikkje gjere noko som helst anna enn å å sjå Greys i tillegg til å vere her inne i kveld. Stova og kjøkkenet er shinam brøda er til steiking og kleda er komen opp på stativet. Ergo har eg gjort meg fortent til ein stille kveld i fred og ro for meg sjølv og berre nyte at det er stille. Det kan vere godt det også. Det trur eg dei fleste syns.
Minstemann er også nøgd, for han får ligge i storsenga og sove.

Kenya gir menn lov til å ta flere koner. Det er faktisk vedtatt i dag! Hmm…… Hadde du spurt meg om korleis eg trur framtida ville ha blitt når det gjeld akkurat dette temaet, ville eg ha sagt at eg trur det vil bli færre stader i verda der fleirkoneri skal vere lovleg. Eg ville sagt at eg trur at fleire og fleire vil sjå det "gale" i det og bli meir tilnærma "systemet" vårt. Så feil kan ein då altså ta. I dag har menn i Kenya grunn til å feire. :=)

Om det å ha så mange kjerringer er det same som lykke, er ei heilt anna sak. Stakkars menn som skal forhalde seg til så mange "bitches". Hahahaha……… Dei er kanskje ikkje like ille som oss nordbuarar i Kenya?! Who knows…..? Eg syns eg ser for meg at eg skulle delt mann med ein tre, fire andre kvinner. Det kunne jo blitt "skøy".

Først var det meininga at når det kjem til polygami (fleirkoneri), skulle den første kona få bestemme om mannen skulle få lov til å ta fleire kjerringer. No blei det punktet fjerna og mannen står heilt fritt til å bestemme alt sjølv.
Viss ikkje dette er kvinneundertrykking, ja så veit ikkje eg. Det er i alle fall eit steg attende, spør du meg.
Akkurat det meiner eg av di det fritar kvinnene ein rett dei har hatt og gjeve mannen meir makt over kvinnene enn dei allereie har.
Her til lands ville det aldri gått. Eg syns eg ser for meg at det fins menn som i det heile tatt tør nemne tanken på at dte bør innførast. Han blir vel knebla lenge før han får komen med ytringa.

Eg såg akkurat eit bilete av russ i Oslo og at det har vore fleire støyklagar på dei. Det fekk meg til å tenke litt på russ og feiring. For saka er det at ein kan stille seg spørsmålet "Kva tid er det at ein faktisk er russ?". Russtida startar i utgongspunktet 1.mai og varer fram til 17.mai. Det er det som er tradisjonen. Likevel er det blitt slik at enkelte startar russefeiringa allereie når skuleåret startar. Dei ser på seg sjølv som russ allereie frå det tidspunktet.
No tenker eg ikkje på det at russen lagar russerevy. Det er liksom litt på sida. Det er i utgongspunktet ikkje eindel av feiringa. Dei kunne ha kalla det for noko anna enn russerevy, men namnet passar godt i og med at det er avgongselevar som har revy.

Det er enno ikkje blitt mai, men likevel har russen tatt heilt av fleire gonger. Dei siste ukene har det vore fleire avisoppslag om russ som har gått langt over streken. Å binde fast ei jente og kaste egg på henne, er berre ei sak. Det fins mange av dei. Eggkasting er berre bornematen i forhold til dei verste sakene. Det kalles visstnok russeknutar. I alle fall noko av det.
Så kva tid gekk det galt? Kva tid blei haldninga til russen slik at det handlar om slike ting? Er det ikkje meininga at ein skal feire at ein er ferdig med skulegongen og at ein aldri meir skal vere elev?
Det kan virke som om at det er om å finne nye og verre knutar kvart år. All fornuften dei har hatt tidlegare blir berre borte sånn heilt av seg sjølv.
Eigentleg burde ikkje russefeiringa ha vore før etter eksamen. For kor teit er det ikkje at det skal vere festing i så mange uker i strekk rett før eksamen. Ikkje akkurat optimalt. Jaja……….

Svettelukt. Kroppslukt. Kven er det som likar å stå bak ein "svetting" i køen på supermarkedet? Berre kjenne eimen treffe nasen og vite at det enno er ei stund til det blir din tur.
Eg er sikker på at du ein eller annan gong har opplevd det. Kanskje ikkje på butikken, men likevel ein eller annan stad. Sjølv skjedde det då vi skulle gjennom sikkerheitskontrollen på Gotland no på sundag. Eg hamna sjølvsagt rett bak ein slik mann.
Eg var kjapp med å passerere han då eg var på innsida. Det var om å vere foran istadenfor bak.

Vi menneske er ulike, og vi er ulike på kva syn vi har på kroppshygiene. Enkelte meiner et er nok å dusje ein gong i uka (hjelp!!!!), medan andre må dusje kvar einaste dag.
Sjølv er eg ein av dei som må dusje kvar einaste dag. Eg trur ikkje eg nokon gong har dukka opp på arbeid utan at eg er nydusja.
Med kvar dag har eg sjølvsagt utelatt hyttelivet og liknande. Då seier det seg sjølv at det ikkje lar seg gjere å vere nydusja året rundt om ein er på hyttetur. Det er uansett kvardagen eg siktar til………
Om kroppen har så godt av å bli vaska så ofte, er ei anna sak. Det er mange meininger om det også. Eg har fleire gonger lest artiklar som omhandlar nett det temaet, men eg bryr meg katta om kva som står der.

Når ei svettelukt blir så ille at du nesten "brekker" deg, er det på tide å seie ifrå! (Sjølv om dei færraste gjer det.) Og kva med dei som dusjar for så å ta på seg same skjorta som var på før dusjen. Nett det har "vi" mnage dømer på.
Sjølv brukar eg å seie det om eg kjenner ei grueleg svettelukt på klasserommet eller enno verre lukt på gongen der skorne til all ungommen står.
"Enkelte av dåkker børdusje før dåkker kommer på skolen i mårra, og sørg for å ha ny skjorte." Det har eg sagt feire gonger. Viss dei ikkje kjenner lukta sjølv, er det jo viktig at nokon seier ifrå.

Kva klede bør ein gå i dersom ein svettar mykje? Joda……. Ikkje så lett å svare på, men likevel lett å svare på kva ein ikkje går med. Saka er nemleg slik den at enkelte svettat så mykje at det blir ein stor og fuktig flekk (som ikkje er til å ungå at augene ser) under armane. Og tru meg……Det er ikkje noko nydeleg syn.
Difor kan det vere greit å velge skjorter som ikkje nødvendigvis treng å vise så klart at du svettar. For det re ingenting som er så irriterande som når ein får stirra på ein underarm avdi ein diger, heslig svetittering stikk ut under ringen. Og er du så uheldig at den det gjeld i tillegg løftar opp armen/armane……

Nei, dei får berre vere sveitt dei som ønsker det. Det er i alle fall ikkje det beste sjekketrikset, men om sjekking ikkje er målet,så gjer det jo slett ingenting.
No skal eg ta kveld, lettare skuffa over episoden med Greys. Bortkasta tid, spør du meg.
Eg reknar med at eg sovner rimeleg kjapt, for leg er ganske trøytt. Med det vèret som er no, er det vel ikkje anna å vente.
Uansett……Ha ei god natt. Sov godt!

Hasta luego!

IWALY!!!!

mandag 28. april 2014

When you´re smiling…...

Visby……Gotland. For dei som ikkje har fått det med seg, har eg vore med musikken til Gotland i helga. Utroleg fint å sjå frå lufta. Då vi skulle inn for landing, hadde vi utsikt over heile øya o det var eit vakkert skue. Sol frå skyfri himmel var det som møtte oss. Gjett om det var balsam for sjela til kvar og ein av oss nordbuarar?!
Ein urpiteliten "flyplats" med heile tre utgonger, trur eg, (til trass for at eg eigentleg berre såg to sjølv). Jaja, det betyr jo då at det gjekk radig å få bagasjen, og det beste var at alle fekk alt og alle instrument var heile. (Takk og lov for det…)

Då vi kom ut av døra til flyplassen, måtte vi vente litt. Enkelte litt meir utolmodig enn andre……… Hadde dei gløymt oss av? OG ikkje minst kvifor er (var) det ingen av oss som hadde telefonnummer til nokon som helst der nede? HAhahaha…….. Om ein drar på ein slik tur, kan det jo vere greit å vite korleis ein kan få tak i vertane. Jaja, shit happens all the time. :=)
Vi blei henta og det blei ein riktig så triveleg busstur. Litt mimring og elles enkelte som var i retthumøret og serverte den eine artigheita etter den andre. (Mimring av di vi var her i 2003 også.)
Ein ting er sikkert……Enkelte eig ikkje stadssans i det heile. Åååå, her var det vi bodd sistgongen! Eller Ser dåkker, her e havet og vi bodd jo rett hær borte. 
Var det hær vi bodd?? Eine meir usikker enn den andre. Det einaste som /ervar sikkert er at vi budde i alle fall ikkje der. Vi var ikkje i nærleiken eingong.
Denne jomfrua tenkte i alle fall "at det går an"…… For det går ikkje an å ta feil av eit "aude" område og området vi budde i. Vi budde jo rett ved sida av hovudhamna der hurtigbåten ligg til kai. Der vi køyrde var det ikkje ei kai i augesyn eit einaste sekund. (Om det er alderen som tar dei, eller anna, skal vere usagt.) :=)

40 minuttar i buss gjekk rimeleg fort. Buss til Länna gård. Gjennom deler av fabrikkområdet. Vi blei innkvartert der (no kan ikkje eg tale for alle andre, men i alle all meg sjølv) og eg ville ikkje ha bytta det mot det finaste hotelet eingong. Vi budde på ein stad med sjarm og sjel. Første del blei vel påbyrja i 1698 og meire kom i løpet av 1700-talet. Heilt supert.



Om kvelden grilla vi, noko som var kjempekoseleg! Vertskapet hadde invitert med nokre musikervener som spelte opp for oss. Kontrabass, gitarar og trekkspel. (Och stemmer självklart.)
Slikt blir det stemning av. 
Dagen starta tidleg, så det var vel eigentleg ikkje så rart at vi "braut opp" høveleg tidleg. 

Laurdagen var det konsert på torget. Publikum var i alle aldrar. Ikkje det at torget var fullt, men det var no nok mange sjeler til at det blei ei riktig så koseleg stund. 
"It´s my life" er låta som i alle fall brente seg fast på harddisken til ein av "publiken". For på kvelden, då vi skulle underhalde på jubileumsfesten der, kom same karen og spurte om vi ikkje kunne ta den kule låta "It´s my life". 
Så litt spor klarte vi i alle fall å sette på føremiddagen. 

Etter konserten var det omvisning på Cementa, fabrikken på Slite. Der fekk vi gå opp på tårntaket….. Det kallar vi å få utsikt. Eg var i første gruppe som for opp og siste som for ned. 


Det kjem litt meir røyk ut av pipa der enn her heime heime…..




Husa midt i biletet (rett bak fabrikken) er Länna gård, så vi budde ikkje langt unna. 

Dei har "brudd" på Gotland også. Kalkstein må til for å lage god sement.  

Sjølv om det var litt interessant å bli vist rundt på fabrikken, var det no aller helst dei Norcem-ansatte som hadde størst utbytte av det. Dei skjønna jo det meste som det blei prata om. Likevel, det gjekk berre superduper så lenge vi innimellom fekk litt solstrålar i andletet medan vi ferda oss rundt der inne. 
I eit svakt augeblink tok eg faktisk bilete av den eine omnen. Det var grueleg varmt der og det var litt kult akkurat der og då med flammene. Men hallo…..???!!! Det er jo noko som feilar om eg trur at eg nokon som helst gong i framtida blir å sette meg ned og studere akkurat det biletet. Kva er det som er så spesielt med eit bilete av ein sementomn? Jomfru Knutsen og eit slikt bilete. For ein kombinasjon. Med andre ord har det svikta litt under topplokket der og då. Kanskje eg lar biletet ligge på telefonen nokre dagar, sånn berre for å overbevise meg sjølv om at det var litt kult. Jauda…..seier eg berre!

Jaja, sånn går no dagane. Berre det at vi måtte fylle dagen der nede med litt meir innhald enn ein konsert og fabrikkbesøk. 
Fabrikken har ein eigen treningshall/gymsal (whatever,……..) i tilknytning til fabrikken. Der skulle dei ha jubilantfesten/jubileumsfesten. Der skulle vi underhalde i ein time for 350 gjestar. 
Det gjekk berre kjempefint. Eg vil tru at ABBA var eit av dei numra som fenga mest, med tanke på "klientellet". 

Klokka sju braka det laus i hallen. Då starta opplegget for fullt, og eg må seie at dei veit korleis det skal gjerast. Alt var planlagt ned til minste detalj. Ingenting var overlatt til det tilfeldige og eg vil anta at det meste skjedde på det sekundet det skulle skje. 
Så i løpet av kvelden fekk vi sjå knakande god underhaldning av fabrikksjefen sjølv (joda…..han kan vrikke på rompa, han også, og synge). Det er rart kor mykje litt kostyme kan endre ein person. I det augeblikket vi skjønna kven det var som stod der på scena og underhaldt, ja då tok det av. 
Då "La det swinge" blei framført, reiste vi oss og sang i lag alle saman. (Eg trur vi nordmenn er hakket meir frampå enn svenkane, så konfransieren var nok glad for at vi var der. Vi skapa litt stemning med andre ord. 
Uansett……. Å sjå sjefen sjølv og dei andre leiarane ved fabrikken i aksjon på scena…….DET var verdt meir enn om dei hadde leid inn profesjonelle folk til å underhalde. 
Så no ser eg for meg fabrikksjefen her heime, administrasjonssjefen, vedlikehaldssjefen, produksjonssjefen…….you name it…..i full mondur ved neste jubileum her heime. Sjå for dåke alle dei i fengande rytmar og dans/song på scena. Gjerne iført hatt og stokk!! Hahahahahaha…….. Eg trur eg døyr på meg sjølv! Fabrikksjefen kan ta songen "Can´t take my eyes of you…..", administrasjonssjefen kan vrikke litt og synge ei tøff reggae-låt! Or what?? Hahahaha…… Det spørs berre kven det er som skal tvinge dei opp og fram! Thihihihihi…….. Det vil i såfall bli ein suksess utan like…..don´t you think? :=)

Maten var planlagt ned til minste detalj, den også. Når til og med EG som aaaldri før har spist surkål, presterte å ete heile bunten med kål som fulgte med……Ja, då var vel maten god, då?!!! 




Eg var no så grueleg tidleg oppe om morgonane, så då var det fint å gå og trø for seg sjølv litt rundt om.  Dette er berre frå høgda rett over der vi budde. 
Eg må innrømme at eg hadde eit lite blikk mot bakken veldig ofte. Etter å ha lese om den store orme-boomen som er sørafor heime i Noreg, er det klart at denne smånervøse jomfrua blei lettare skeptisk til å gå der og trø i graset for meg sjølv. (Eg veit ikkje eingong om det eksisterer slangar på Gotland…..Det falt meg aldri inn å spørre….) 
Det er irriterande at ei teit avis som VG skal påverke sånn berre ved hjelp av ei klynde heslege stålormar!! Jaja……. Det var no ingen orm som beit meg på mi vandring, så då skal ein vel berre vere lukkeleg og glad. 

Eg kan trygt seie at eg var trøytt då eg kom heim i går kveld. Ikkje av di eg var så grueleg sein i seng laurdagskvelden. Eg trur aller helst eg var ein av dei to-tre første som fann senga. Eg hadde vel i bakhovudet at det ikkje er særleg kult å reise heile dagen om ein ikkje får noko svevn først. 
Eg vil anta at folk ga seg til ulike tider, naturleg nok………Min sundag blei i alle fall heilt fin. Eg var mest berre trøytt. 
Å legge seg tidleg er ikkje einsbetydande med at ein sov så mange timane. Det er lett for å bli vekt av andre på ein slik tur, og det kan vel tenkes at det skjedde denne gongen også. Då blir ein lett litt for vaken og då er det ikkje berre å få sove att etterpå. 
Desto betre sov eg då eg kom heim! Eg er sikker på at om du hadde prøvd å rista meg i natt, ja då ville eg neppe ha reagert. Borte vekk, kallar ein det! 

Det heiter så fint "Borte bra, men heime best". Det er nok slik det er. Eg syns vi har hatt ein fantastisk tur med eit flott vertskap. Likevel var det godt å ligg epå eiga pute i natt. Eg er ei minnerik helg "rikare" blant dei små grå og ville ikkje ha vore turen forutan. Så takk til Morken som gjorde det mogleg for oss å kome. Det settes pris på! 

Einaste nedturen var at det var stengt i Abisko då vi var på tur heim att. Eg såg for meg at eg skulle kome heim med "eit tonn" Capri sonne til ein liten kar som venta spent på mora. Eg måtte nok skuffe han der. 

Nei, det er straks kveld her i huset. Midnatt er ikkje så langt unna……….Døgeret skulle gjerne ha hatt 25 timar. Eg ville ikkje ha krangla på det! 
Jaja….. Ha ein fortsatt fin kveld om du er ein av dei som likar å sitte oppe utover natta. Er du på tur i seng……så ha ei god natt! 

Hasta luego! 

IWALY!!!



søndag 27. april 2014

Gotland…..

Ja, så var ein heime att frå ein super tur til Gotland. Den tidlegare fabrikkdirktøren vår og kjerringa hans har verkeleg gjort sitt for at vi skulle få ein tur vi kjem til å hugse.
Likevel, ein må vel starte med byrjinga.

Kl kvart på åtte fredags morgon "braka" det laus. Kanskje ikkje riktig uttrykk å bruke, men det var i alle fall då vi la avgarde i bil mot Kiruna. Vi skulle fly til Arlanda og derifrå til Visby.
Ein ting er sikkert…..Flyturen til Arlanda kjem eg aldri til å gløyme. (Forsåvidt ikkje utover mot Gotland heller.)
Enkelte ting ser ein berre på film!! ELLER om ein er på tur med den gjengen eg var ilag med. Akkurat den samansetninga av folk har sørga for mang ein latter opp gjenom tidene, og denne helga var sjølvsagt ikkje noko unntak.
Flyvertinna…..for å starte med henne. Ho hadde fått med seg at vi var musikantar på tur. I ettertid har vi ei formeining om at ho må ha trudd at vi var eit kor. Uansett, det som skjedde var at ho over høgtalarane på flyet annonserte at vi var ombord og la opp til allsong. (Dette var rett før landing.) Så starta ho sjølv å synge i mikrofonen. When you´re smiling…….. Vi song sjølvsagt med det vi kunne og når det var tekst vi ikkje hugsa, song ho åleine. Sjølvsagt til vill jubel etterpå.
Snakk om flyvertinne!! Det er ikkje mange som hadde turt å gjere det ho gjorde. Det var rett og slett heilt rått! Så ho skaffa seg nokre klemmar frå oss på tur ut av flyet.

Så var det å kome seg gjennom sikkerheitskontrollen på Arlanda. På innsida fann vi oss ein "kafé" kor vi sjølvsagt ikkje var heilt åleine. I og med at det er rette gjengen, var det ikkje akkurat så stille.
Stakkars mannen som prøvde å arbeide via pc´n sin…..han måtte berre gje tapt og lukke den att. Han flirte sånn at det gjekk ikkje an å få gjort noko som helst.
Han spurte sjølvsagt kva vi skulle, og svarte var at vi skulle feire ei gammal tante som blei 95 år. (Ei gammal dame med såååå mange tanteborn liksom…….. Yeah, right!) Vi avslørte sjølvsgat at det var snakk om ein fabrikk det var snakk om og så fekk mannen påspandert seg ei øl. Akkurat det var han ganske nøgd med.

Då vi skulle gå ombord, kom det eit kvinnfokl og spurte Er det noen her som skal til Visby?  Vi måtte komme til gaten. Der viste det seg at det stort sett berre var vi som skulle utover. Vi pluss tre til. Hahahaha…… Flyet var så lite at det ikkje var plass til fleire, så vi hadde faktisk vårt eiga privafly til ture over sjøen.
Stakkars den flyvertinna som var ombord i det flyet. (Eit lite propellfly.)
Ho var bra nervøs der ho stod og hadde sikkerheitsopplysning med redningsvest osv foran oss. Det er nok ikkje berre berre å ha det foran denne gjengen når ho ikkje hadde andre ho kunne sjå på ombord i flyet. Det var jo berre oss, og enkelte var har det jo litt i kjeften. (Ho tok det heldigvis bra….)

Som du sjølv ser……Flyet er ikkje stort! Akkurat passe for ein gjeng som oss. 

No har det seg sånn at klokka er rimeleg mykje. I alle fall er eg ganske så trøytt etter turen. 
Difor blir det med flyturen i kveldens innslag. 
Det betyr at eg forset med turen i morgon, og då skal eg også legge ut nokre bileter frå der vi var. Vi var høgt opp ei lufta i løpet av laurdagen, så då tok vi sjølvsagt eindel bilete når vi først hadde super utsikt. 

Så då tar eg kveld no, og så fortset eg med reisa og opphaldet i morgon! Tru meg, det var mykje skøy som hendte! 
Ha ein fortsatt fin kveld og sov godt! 

Hasta mañana!

SD!



torsdag 24. april 2014

I dag har det rett og slett vore ein strålande dag. Sol og stille på havet…….. Det første eg gjorde etter at eg var ferdig på arbeid for dagen, var at eg dro rett ned i båten og tok turen innover fjorden.
Som du kan sjå på biletet under, var det fantastisk fint på havet i dag!








Då vi skulle ut att, hadde eg ikkje mykje lyst til det, men det er trass alt berre ein heilt vanleg torsdag. Det blir nok ikkje lenge til eg drar inn att for å ta graset.

Eg sat akkurat og las litt på VG sine nettsider.  Eg skulle eigentleg ikkje skrive noko frå den verda der, men så såg eg plutseleg dette biletet og fekk "dyrisk" vondt inni meg. Dette biletet dukka opp med teksten: Hunder angrep ettåring for ett år siden. Han har fortsatt vondt i hodet og sover dårlig om natten. 

                                                                                     Foto: Erik Hagen.
Om du ser på biletet, skjønner du fort kvifor eg fekk den kjensla som eg umiddelbart fekk. Sjå berre på det bakhovudet!! Sukk……….. Det vrir seg i magen. 
At det i det heile tatt kunne skje, er rett og slett uverkeleg. Det fins klare reglar i Noreg for hundeeigarar når det kjem til å halde dei forsvarleg. Viss ein hundeeigar held seg til reglane, vil slikt som dette ikkje skje. Å la rotweilere gå laus i hagen sin er ikkje forsvarleg. Sjølv om dei er innanfor gjerdet, er det ikkje forsvarleg om gjerdet ikkje er høgare enn at dei klarar å hoppe over det. (Noko som var tilfelle i denne saka.) 

Viss eg hadde hatt ein eittåring og to svære hundar hadde kasta han opp i lufta som ei filledukke……… 
Sjå hovudet!! Viss ikkje han får varige mén etter det, på eitt eller anna vis, skjønner ikkje eg.
Det verste er at slikt kan skje og dei skuldige får ei ussel lita straff som seier litt pengar og nokre få dagar i fengsel. 
Kva skal guten med dei 163.000 kronene som erstatninga var på? Joda, det er flott at han får pengane, men kva beløp er det snakk om etter ein sånn skade? Er ikkje det han taper på handlinga verdt meir enn det? 

Brot på hovudskallen…….. Det er alvorlege greier, det. Det verste er at dei to hundane har kvar sin eigar. Den eine tar ansvaret, medan den andre berre fråskriv seg det heile. Han nektar å få skulda for noko hunden hans har gjort. At han ikkje har holdt dei forsvarleg nok, bryr han seg visstnok døyten om. 
Då seier eg at han ikkje burde få lov til å vere hundeeigar. 

Berre eit par uker før dette skjedde, beit dei også ein niåring. Såvidt eg veit, skal alle hundar som skader menneske ved å bite avlivast. Likevel fekk dei sjansen på ny etter to uker. Denne gongen var dei heldig at det ikkje blei snakk om rovmord! Hadde det ikkje vore for at mora og vennen hennar kjempa mot hundane for å få fatt i gutungen, hadde han garantert ikkje levd i dag. 
Triste greier………

No skal denne knetta ta kveld. Eg skal opp tidleg i morgon, og då kan det vere greit å vere kvil. (Tidleg og tidleg………….I alle fall tidleg i mitt hovud!! HAhaha….) 
Så ha ei strålande natt! Sov godt! 

Hasta luego!

IWALY!!






Ormeeksplosjon!! Det har vore fint vèr sørafor og følgeleg er det eit eldorado for ormar i desse dagar! Kanskje det er eit tydeleg teikn på at ein ikkje skal legge ferien dit i sommar? I alle fall………Eg hatar slangar! At ein som unge gjekk og bar på dei der heslege stålormane (som forresten eigentleg er øgler), betyr ikkje at ein i dag syns at ormar er så vanvittig kult.
Sjølv om den hersens huggormen har fått eit ufortent dårleg rykte, blir eg ikkje meir venleg innstilt til "han". Det hjelper ikkje om dei seier at han ikkje biter om han ikkje føler seg trua.

Eg har nett sett eit bilete av ei klynge med fem buormar. Buormar som lev i beste velgåande den dag i dag. Biletet er tatt i påska, så det er rimeleg ferskt. Det er sjølvsagt ikkje noko "fint" bilete å studere, for ein får meir ei sånn der "æsj-kjennsle" når ein ser på det.

I skrivande stund, når eg først sit her og tenker på ormar, så ser eg plutseleg for meg at dei kryp opp etter føtene på meg. At dei er der og sirklar rundt meg i tide og utide. Tankane kan nok ha ein tendens til å løpe litt løpsk innimellom…….. Ei stakkars jomfru i naud…….
Viss eg nokon gong møter på ein huggorm åleine, ja, då trur eg at eg døyr av at hjartet kjem til å stanse. Ellers kan det jo hende at det er mangel på pust som gjer utslaget, for eg kjem garantert til å gløyme å puste om det skulle skje.
Sjølv om eg aldri før har møtt ein huggorm, enno så mykje eg har sprunge i vestlandsskogane, så trur eg det er fleire ormar der no enn tidlegare. Det verste er jo at ein ikkje kan gå trygt i eigen hage.
Huff……. Det må eg ikkje tenke…. for no ser eg for meg at den kjem opp på verandaen, og då er vegen inn i stova lett……. (Hmmm….Eg trur eg må ringe "heim" og seie at dei må sørge for å ha døra att til eikvar tid!!!!)

Nei, eg trur jomfrua må ta seg ei pille. Eg skulle aldri ha studert det der hersens biletet av dei fem buormane. No kjem eg vel til å drøyme om slangar i natt. Æsj!! Eg håper verkeleg at ikkje det stemmer.
Heldigvis er ikkje Nord-Noreg kjent for å vere så ormevenleg, men vi veit jo at ormane trivst heilt nord til Bodø.
I år er det slik at det har vore snømangel, men eg håper verkeleg at det har vore kaldt nok til at dei ikkje har lagt inn ein ekstra trimtur retning nord. Måtte telen vare heilt til i juni, neste år!
(Og kvifor er det slik at ormane er freda??????? Joda, e skjønner kvifor, men vil ikkje skjønne det likevel.)

Mer enn 120 har tent på seg selv i protest. Ja, der kan ein sjå for ei rar verd vi lever i!
Det er greit at ein vil gjere noko som blir lagt merke til om ein er djupt ueinig i noko, men eg er ganske sikker på at eg ville ha valgt ei anna form enn å tenne på meg sjølv for å få bodskapen fram.
Å påføre seg sjølv smerte fører ikkje noko godt med seg.

Det er sjølvsagt i desse dagar når herr Lama skal til Noreg at dette temaet dukkar opp. Dei som har tent på seg sjølv, har gjort det i protest mot den politikken Kina har overfor Tibet.
Dei ublide augene til Kina gjer det vanskeleg å møte han her til lands, men no har dei vel funne ei løysing på det.
Kina har fryst alle politiske forbindelser med Noreg, og Lama sitt besøk her gjer ikkje akkurat "saken" så mykje betre.
Eg meiner det er viktig å møte han av den enkle grunn at Kina ikkje skal få bestemme kva vi skal gjere eller ikkje. Det er ikkje dei som skal styre heile verda.
Kina "går" nok berre rundt og ventar på at Lama skal døy, for då får dei eitt problem mindre å forhalde seg til.

Jaja, uansett….. Å tenne på seg sjølv har vel inga hensikt? Eller er det eg som er alt for korttenkt? Å døy for noko ein trur på er ikkje eit nytt fenomen, men det betyr ikkje at det gjer det meir rett.
Eg trur nok eg aldri kjem til å forstå meg på desse sjølvpinerane. Eg kjem aldri tilå skjønne kvifor dei ikkje finn andre metodar for å vise sin protest. Kina bryr seg ikkje om det livet som går tapt, eller brannskadane som oppstår. Og så lenge dei ikkje bryr seg om det, kva er då hensikten? Kva er målet?

Nei, plutseleg er klokka passert midnatt. Då kan ikkje eg sitte her og komle med daten. Då må eg nok berre pakke saman og sove.
I morgon er det forhåpentlegvis ein ny fin dag, og då skal eg ta meg ein tur på havet etter arbeid. Det blir fint, så det er berre om at vèret blir sånn høveleg bra.
Ha ei god natt!

Hasta luego!

IWALY!!

tirsdag 22. april 2014

Landssvikarkiv kan bli åpnet…… Jaja, eg går sterkt ut ifrå at dei ikkje finn namnet mitt der. Hahaha….. Det ville ha vore noko! Ikkje det at det ville ha vore litt kult, men det ville ha vore litt kult. (Beste setningsoppbygginga "ever"!!)

No levde ikkje eg rett etter andre verdskrig, men det er nok av andre som gjorde det. Titusener blei rettsforfulgt, men pga av taushetsplikt, er ikkje namna "offentlege".
No er det gått 70 år, og sjølvsagt er det enkelte som er over middels nysgjerrige her i samfunnet og ønsker at dei skal offentleggjerast. Ikkje alle er einige i det.

Dette temaet er nok i klassen for vanskelege saker å snakke om. Det er nok det som gjer at det er fleire som har bedt om at når 70 år er gått, bør dei forlengje taushetsplikta. Det er kanskje noko i det. Dessutan…..kva er vitsen med å grave i gammal skit? (Og ja, eg er fullstendig klar over at nett det spørsmålet gjer ild til enkelte sitt bål……)

90 000 landssvikarsaker er mykje! Mange av dei blei henlagte. Dei som meiner at vi burde få innsyn, lurer nok sikkert på kvifor det skal vere så hemmeleg. Kven eller kva er det dei skal beskytte no så lenge etter?

Holocaust blir nemnt i denne saka. Eller……..I alle fall at Guri Hjeltnes, leiar ved Senter for studier av Holocaust…… Ho er med i ei nemnd som jobbar for full offentleggjering.
Er Holocaust ein del av dette, kan eg nesten skjønne at enkelte ikkje ønsker at arkivet skal opnast. Holocaust, ei "sak" som enno fleire påstår aldri skjedde. Det til trass for all kunnskapen vi sit med om det i dag. Kvifor fins det då enno enkelte som benektar det heile?
Heile verda "stod stille og såg på" uretten.
Eg vil tru at dersom dette arkivet blir opna og Holocaust er ein del av det……..Ja, då vil det bli mange bølgjer……på godt og vondt.
Eg vil tru at fleire av etterkommarane til landssvikarane lever enno, så av hensyn til dei kan det vere greit å vente med innsyn.
Eg trur eg ville fått problem om eg plutseleg skulle få vite at mine foreldre eller besteforeldre hadde vore med på å behandle andre menneske som dyr.

Vi skal ikkje fornekte historien. Den er for viktig for det, men det er unekteleg noko i det at ein kanskje bør vente litt til. 70 år er faktisk ikkje så lenge når det kjem til historie.

Eg byrja det heile med ein spøk…..Ein spøk om at mitt namn ikkje vil vere å finne i arkivet. Det var før eg eigentleg byrja å tenke på kva landssvika på den tida gjekk ut på. Før eg i det heile tenkte på krigen.

Dette koster bornet ditt. VG har faktisk ei sak om det. Kva kostar det å ha ein gut kontra det å ha ei jente?
Eg har ikkle lest heile saka, men eg såg sånn aller hurtigst på det i papirutgåva i går og så såg eg nettopp at VG + har det som ei av hovudsakene sine akkurat no.

Spør du meg, blir det ei heilt teit sak. Sette ein prislapp på borna? Eg syns vitterleg eg hugser at då var ikkje utgifter til bornehage tatt med. Det var faktisk ei heil liste med utgifter om ikkje låg til grunn for utrekninga. Ergo er ikkje tala dei viser til så veldig relevante.
Eg trur det var snakk om 1,32 millionar for ein son og 1,3 millionar for ei jente. Då er det snakk om frå bornet er født og fram til han/ho er 18 år.
Det er då eg seier "jeeeeeezes" og enno meir "jeeeeezes"!!! Kva for tal er dette? Og ikkje minst…….Kva for forskjell er det snakk om? For matematikkfaget er dei ikkje god i. Der er det store manglar hos dei som har jobba med dette.
Kva er forskjellen på 1,32 millionar og 1, 3 millionar? Ein million tre hundre og tjue tusen…….. Ein million tre hundre tusen……. I mitt hovud tilsvarar det 20 000 kr. Tja, 20 000 kr fordelt utover 18 år, kva blir det i året liksom? Er det ein sum å snakke om? Slik eg ser det, er det berre tal som viser at det koster sånn høveleg det same for begge kjønn.
I alle fall er ikkje dei 20 000 nok til at eg skulle finne på  å tenke tanken at eg håpar det blir ei jente om eg skulle bli gravid. (Sjansen for det er null…..men reint hypotetisk…)

Boutgifter og straum er ikkje tatt med. Geburtsdager og andre feiringer som bl a konfirmasjon er ikkje tatt med. Ferier og restaurantbesøk………You name it.
Korleis i alle dagar kan dei vite kva sluttbeløpet blir på om dei tar med desse momenta og korleis kan dei anslå om foreldre med døtre eller soner er dei som går oftast på restaurant, drar på dei dyraste feriane osv osv i det lange.
Så, så tåpeleg kan dei altså lage ei sak. Lage ei sak som er så uferdig som det går an å bli. Så tåpeleg at dei innleiar heile saka med at ein bør tenke seg om før ein hoppar til køys om spreier beina. Det kan fort bli dyrt!

Jaujau…. Det er godt det er kveld og leggetid, så kanskje denne knetta får sove av seg dei kritiske haldningane sine.
Eg har sotte med augene og hovudet over ein bunke engelskstilar heile kvelden, så det er fare for at dei små grå har tatt kvelden utan at eg har lagt merke til det. Det skjer, det også!
Uansett….. Ha ei fortreffeleg god natt! Straks er mitt hovud på favorittputa mi, og då er eg borte til i morgon. Natta….. :=)

Hasta luego!

IWALY!!!


mandag 21. april 2014

Påska mi!

Tysdag kveld entra vi dørstokken på hytta. I og med at det var såpass seint, blei det ikkje tid til anna enn å få "prekevert" alt "stasjet". Minstemann for sjølvsagt rett til nabohytta. Han syns ikkje at det å pakke ut er så altfor viktig, så det måtte no vel dei vaksne klare. Joda……..
Pakke ut og pynte litt.

Sjølv om det eigentleg er kvit og lilla som er påskefargane, er det nok gult dei fleste pyntar med. Eg var visst ikkje noko unntak der i år.


Desse tulipanane holdt seg utroleg flott heile påska. Dei er like fin i dag som for ei uke sidan. 


Påskeduk høyrer jo også med. Denne er laga av ei venninne av meg for eit par år sidan. Eg syns den er litt "artig" og fin. Sjølv er eg ikkje så flink med lappeteknikk, så denne er eg forsiktig med. Så kan ein heller behandle dei andre dukane sånn der "så som så". :=)    Det er rart med det når små og store samles………. 
     
Med born "i hus", dukkar det til tider opp litt påskepynt. Det er klart ein tar vare på slikt etterkvart som tida går. Her er eit lite utvalg av kva minstemann har laga anten på skule eller bornehage. (Han der store  og lyse er nok ikkje med i den klubben.) 
Så lenge dei ikkje på eitt eller anna vis vaknar til liv, får dei no stå der i fred gjennom denne høgtida. 

Då eg var på Grunnvoll sist helg, kom eg med eit lite "hjartesukk"……… Eg såg på nettet at det var enkelte av dei eg kjenner som hadde fått påskeegg (allereie då!!!), og då sa eg "Alle andre får påskeegg, berre ikkje eg……….". (Med påfølgande dådyrauge.) Alle kjenner vel til uttrykket "alle andre". 
Tysdagen kom og eg skulle legge meg. Sjølvsagt hadde eg gløymt av heile ytringa mi om påskeegg….. Eg åt kvelds, stella meg og gjekk på soverommet fo å legge meg. I halvørska dro eg dyna til sides, og kva anna enn eit egg låg der og venta på meg????!!!!! Hahahaha……. Lykke på jord! Eg fekk egg, eg også! Flaxlodd, truser, mini-Baileys, 4 sjokoladar, to pakkar tyggis og eit blad. (Bladet har visst sneke seg litt unna, ser eg……….) 
Flaxloddet vann eg ingenting på, men eg hadde jo håpet heilt fram til at eg skrapa det. 
(Eg trur eg skal byrje å seie at "alle andre får………" ofte frå no av. For visst påskeharen fekk det med seg, fins det sikkert andre harar resten av året!!


                             

Det fins ikkje dårleg vær, berre dårlege klær. (God blanding av målformene for å få det til å rime..) 
Så då var det berre å kle seg då! Hyttenaboen og eg tok oss ein tur utover mot Tysnes. Det regna, så det var alt anna enn optimalt, men det skeit så rett i. 
Det er så utroleg mange flotte strender utover (eller innover…….alt etter som). Den eine finare enn den andre……Her har vi funne oss ein stein på strand nummer fire. Bølgjane slår mot land, men det er ikkje akkurat surfe-djubde her, så vi traff ikkje på nokre surfarar. Så heldige var vi nok ikkje……. 
Ikkje det at eg trur at eventuelle surfarar hadde surfa i bar overkropp i denne temperaturen. 


Vi trimma oss ferdig og tusla oss heim att. Då vi såg at menna arbeidde med vegen, sneik vi oss berre stille forbi…….og håpa at dei ikkje skulle legge merke til oss og sette oss også i arbeid. (Likestilling bryr i oss ikkje om i slike situajonar.) 

Etter å ha vore "flink" og trimma…..kunne ein jo grille deileg god mat med godt samvit. Det som blei gått av, kom raskt attende……. 

Sjølv om det regna onsdagen, betyr det jo ikkje at det var slik heile tida. (Eller……joda, i alle fall mesteparten av tida.) 
Så torsdagen såg vi vårt snitt til å grille på sletta. Pølser på bål. Pølser og marsmalllows! Ein må jo lade opp til hovudretten. Denne dagen var det lammelår. 

Det blei med den eine båldagen. Pølser hadde vi nok av, men når ein aldri kunne vite kva årstid det faktisk var utfor dørene…………
Fredagen opplevde vi faktisk alle fire årstidene i løpet av fem minuttar. (Og det er ikkje tull eingong!)

Det blei trim fredagen også. Då var det Herøyfjellet som stod for tur. Det er ikkje så langt å gå til gapahuken der, men det er likevel fin trim. Det var berre så synd at det blåste og snødde sånn der oppe at vi kun var der eit lite kvarter. 

Såååååå……..kom sola. Sånn litt, i alle høve. Nok til at blomar kunne settast fram utan frykt for at dei ikkje skulle vere der om ein tok seg ein tur inn i/på sofaen. Det var berre å leite fram godstolen og sette seg i sola og lese krim. (Eg er straks ferdig med tredje boka i Wallander-serien………så der er nok fleire att enn det eg har lest til no.) Om eg ikkje tar heilt feil, heiter boka"Silkeridderne". 
Wallander er heilt greit å lese, men Wallander blir nok aldri like kjekk som Harry Hole. Det til trass for at det er mange like trekk ved dei begge to. Begge er politi, begge er glad i sorten (både kvinner og alkohol) ……….jaja………. 


Eg har sjølv vore born eingong, og såvidt eg hugser (og har blitt fortalt), var eg veldig glad i å klatre i tre. Det er det ein som har arva. Her er han i "hyttetreet" sitt. 



Det har vore mykje kos heile påska og litt arbeid. Det var eindel prøvar som måtte rettast, men det har blitt tatt litt etter litt. Noko av det har nok blitt utsatt til i dag, då motivasjonen for å gjere det sjølve påskedagane ikkje var heilt tilstades. Eg leita etter den, men den var visst betre enn eg i gøymsel. 

Neste gong eg kjem på hytta, kjem eg til ei rein og fin hytte. Ein bør vel ikkje bruke 1.påskedag til å arbeide, men med meg er det slik at dersom eg kjenner eg vil gjere noko, ja då må eg berre gjere det der og då. Eg har ikkje tolmod til å vente til seinare. Ergo blei det vaska både tak og vegger. Det er lite som slår lukta av nyvaska "hus". I tillegg er det supert å kome til ei strøken hytte. 

Noko av det beste med å vere på hytta, er at ein er fri for internett. Ein går ikkje og sjekkar mobilen for å sjå om nokon har skrive til deg. Ein tar pause frå resten av verda og berre slappar av. Einaste kommunikasjon med omverda er og anna sjeldan telefonsamtale…….men det er ganske sjeldan, det også. 

Vi var ikkje så heldig at vi såg nokre dyr denne påska. Som regel ser vi eitt eller anna dyr. Ekorn, hare, elg, rev osv…… No når det ikkje er snø, kan vi heller ikkje sjå spor som vanleg. 
Når det gjeld snø, skulle faktisk gutungen gå skirenn i går, men det blei nok avlyst. Den snøen som var for ei uke sidan, var nok borte lenge før gårdagen. 

Laurdags ettermiddag/kveld hadde vi den årlege påskequizen. I år var det vår hytte som vann, så det var lykke for ei stakket lita stund. 15 stykk samla på hytta. (Er det ikkje slik at der det er hjarterom er det husrom?? Hahahaha……. Så lende det er sitteplass til alle så går det meste bra.) 
Borna hadde sin eigen skattejakt like før hovudquizen. Der er det sjølvsagt premie til alle. (Viss dei finn skatten, vel å merke….) Det beste med det er at alle borna får fin trim. Dei blir så ivrige at dei spring mesteparten av vegen for å finne neste post. Æ veit kor det e!!!! Æ veit kor det e!!! Det er ingenting å seie på iveren. 

No er det måndag og eg skal straks på musikkøving. Eg håper dåke alle har hatt ei fin påskefeiring. Eg har i alle fall kosa meg. 
Ha ein fortsatt fin kveld! 

Hasta luego! 

IWALY!!


mandag 14. april 2014

Der var ein heime att etter ei langhelg i "Walters paradis". Det var deileg, som alltid, og eg satsar på at det ikkje er lenge til neste gong. No er båten sjøsatt for sesongen og då er det ikkje noko grunn til å ikkje dra inn både titt og ofte.

Her har vi akkurat kommen oss til og tatt turen ut for å få frisk luft. Ein kan ikkje sitte inne når det er så fint ute. Som du ser er det ikkje så ille på havet heller. 
Fleire sa i forkant at det kom til å vere "hardt" på havet, men eg svarte berre at han Walter kjem til å sørge for at det er stille på havet når eg skal inn. Så alle bølgene som var i forkant av turen inn, tja….dei var der i all efall ikkje då vi dro inn. 


Sundagen var det verkeleg fint!! Då var det sol mesteparten av dagen (eigentleg heile) og det var skikkeleg fint å vere i fjæra på kvelden. Temperaturmessig var det ganske bra, så med eit par ekstra lag jumprar, kunne vi la dei tjukke jakkene vere att inne. 
Så er det eingong slik at det er mykje rart å finne i fjæra, og denne turen var ikkje noko unntak. Berre så synd at mobilen gjekk tom for straum like etterpå at dette biletet blei tatt. Ergo blei det ikkje tatt bilete av noko fjærafunn………, men sjå kor fine fargar som er i fjæra…..

Tidlegare på dagen blei kake og brus inntatt på kaia. Det var rett og slett herleg avslappande. Stille på havet, sol og godsaker……..Det fins ikkje noko betre. 

Når ein først bur rett ved matfatet, kan ein ikkje la vere å fiske. Steik seifilèet blei servert, fiska av ein super gutunge som ikkje hadde noko imot å gjere mora det ærendet og fiske ho mat då ho ba om det. 
No skal det innrømmast at hverken mora eller sonen er dei som er mest glad i å ta fisken av kroken, men……… 
Å sløye fisk då eg var ti år, gjorde meg slett ingenting, men no…….


Her er det berre eg som har kommandert minstemann slik at eg kunne få meg eit fint motiv. Når vi har så fine omgjevnadar rundt oss……..

Å rydde høyrer jo også ofte til i dette livet. Denne helga var ikkje noko unntak på det området. Det brenn i alle høve veldig godt!! 

Å kome inn i fjorden er verkeleg bra for sjela. Eg får rett og slett slik ei ro i kroppen og det gagnar sikkert alle rundt meg. Det blir nesten som om at sjølv om ein arbeider eindel der inne, så føles det som ein berre har slappa av. Det er medisin i det arbeidet ein gjer også. 

Om kveldane gjekk det gjerne i kortspeling. Korspeling er faktisk gøy!! Vri åtter, femkamp og gris (og så skal eg slett ikkje nemne at eg blei gris minst èin gong). Heiter det ikkje "tap og vinn med same sinn"?! :=)

Så er det såklart ein som trur at mora er kjempesprek (det er ho jo sjølvsagt, men……….) "Mamma, kan ikkje du vær med og hopp strekk ilamme mæ?" Sukk……..Strikkhopping var kjempedigg, det, den gongen ein var tolv år og kunne hoppe høgare enn høgast. No er motivasjonen heller laber. Joda….. Eg var no med sånn urpitelitt, men det var andre enn eg som måtte stille opp meir enn eg. (Zikk zakk solo sukk……var slett ikkje overkommeleg, men der trengte ein heller ikkje vere så altfor spretten.) JAja…….

No er det straks midnatt og denne frøkena har tenkt å tilte seg under dyna. Kan jo vere greit å vakne kvil i morgon. Eg har tenkt å gjere litt rettearbeid og då kan det vere greit å ha hovudet med seg. 
Så då attstår det berre å seie god natt og sov godt! 

Hasta luego! 

IWALY!!



torsdag 10. april 2014

Denne ettermiddagen har blitt brukt til å sette ut båten for sesongen vi no går inn i. Ferdig vaska og botnsmurt fekk den årets første saltvannsdråpar på seg.
Det må vere eitt eller anna som ikkje er heilt som det skal i dag. For då vi skulle køyre båten ned til fjæra, var det ikkje førarsetet i bilen som blei okkupert først. Det var visst meininga at det var denne knetta som skulle køyre med båthengaren og båt på. Jaujau…… Det har eg aldri gjort før, så det var jo ei ny oppleving. Spesielt når ein måtte rygge heile "skiten" ned den siste biten. Men, men………Det gjekk berre "krute godt". (Eg trur eg er den fødte ryggar!!! Hahahaha…….)
Så………. Kva er det som ikkje er heilt som det skal i dag?
Joda, det er så enkelt som at ein mann lar ikkje kjerringa styre "skipet" sånn heilt utan vidare. Menn trur dei taklar slikt så mykje betre enn kvinner.
Då vi skulle opp for å hente sjekta, skjedde det same. Han blei visst ikkje skremt av første runde.

Her er båten kommen seg litt utpå og nymotoren kan testast. Motoren som var på i fjor, gjekk "gaiken" i haust, så då var det berre å investere i ny motor. Den gjekk som berre juling. Berre synd at det er noko som heiter at dei skal køyrast inn så så lenge først. 
Normalt brukar vi 14 minuttar til Grunnvoll, men før den er ferdig innkøyrt må vi vel berre belage oss på nokre ekstra minuttar. 

Sjekta som er bak båten er ikkje heilt til å stole på. Den har lege på land i hagen i fleire år, så den lekker rett og slett. Akkurat det blei prova i dag. Den rakk jo ikkje ver borti vatnet før det "fossa" inn. Så i morgon er vel mesteparten av sjekta under vatn. Kanskje like greit, for då trutnar den nok raskare. Det spørs kven som får oppdraget med å ause den………. Er eg heldig, (men sikkert ikkje) er det ein som tenker slik han ikkje tenkte då båten skulle fraktast. "Dette er ikkje noko for kvinnfolk.
Sann mine ord……Eg har ikkje tenkt å krangle på den biten. 
(Normalt toler eg ikkje høyre at kvinnfolk ikkje kan, men akkurat denne biten skal eg teie stilt om.) 

Er du i slekt med ein eidsvollsmann? Hahahha…… Eg måtte jo berre prøve! 
Ein kan skrive inn namnet sitt og fødestad/år. Om det viser seg at du "er" i slekt med ein eidsvollsmann, vil du få det opp på skjermen. 
Eg har prøvd med både meg sjølv, mor mi, far min…..osv….og kan trygt konstatere at eg nok ikkje er i nærleiken av å dei rette genene. 
Det er mykje teit ein hiv seg med på! Jadda!! 

Får 50 orgasmer hver dag - kan ikke ha sex. OI! Det høyrtes rett og slett slitsamt ut! Tvilar på at nokon vil vere i hennar sko. (Sjølv om enkelte menn vil hevde at det må vere lykke…………)
Når ein er 22 år, er ein sjukdom som kalles "vedvarande seksuell opphisselse" ikkje det ein ønsker å ha.  Spesielt når legen gjer sexnekt. I alle fall til dei får kontroll på det heile. (Det kan jo ta si tid med tanke på at ho har hatt sidan seksårsalderen.) Så det er heldig for ho at ho har ein forståelsesfull kjæraste. 
Det spørs berre kor lenge han aksepterer at det er slik…….. 
For hennar del håper eg det går berre bra, men det er ikkje alle som ville blitt i ein slik setting. Sånn er det berre……
Men gud betre…….. 50 stykk i døgeret. Det er 350 gonger i uka, det! Ein januarmånad vil ho då ha rundt rekna 1550 orgasmar. 
Jaja…… Det er visst mykje folk skal slite med. 

Jeg tatoverte meg selv i fylla.  Eit godt eksempel på kva du ikkje skal gjere i fylla. Som han sjølv seier……Det ser heilt rævva ut." At han gjort det på eigenhand, taler ikkje akkurat til hans føremon. 
Han burde kanskje ikkje drikke om han får sånne lyster i prosentlivets fest. 
Sjølv kjenner eg ein som vakna og hadde fått ei tatovering han ikkje visste om. Den var ei heller særleg vellykka. 
Hadde den i det minste sett bra ut, men å forklare ein tatovør i fylla kva du vil ha……. Resultatet kan lett bli anna enn det som var planen. Sånn kan det gå!

"Paradise"-Mats har ikke hatt sex på halvannet år. Hmm…..så det er det som skal til for å hamne i media?! Dei har verkeleg mykje å skrive om. 

Vel, eg har visst ikkje så mykje å skrive om eg heller. Ikkje har eg tatovert meg i fylla, ikkje har eg deltatt i "Oaradise Hotel", ikkje har eg vore gift med ein kjendis…………..osv osv…….Så med andre ord ikkje noko spanande. 
Kvelden har gått med til musisering i kjellaren, gitar og song. Det  gjekk stort sett i "Just give me a reason" og "Hello". 
"Hello" er jo eigentleg ein kjempefin song, men det er liksom ikkje ein song ein går og nynnar på til stadigheit. 
No skal eg straks ta kveld (og der laug eg……..for eg veit eg ikkje kjem meg i seng på lenge enno. Jaja, målet er der!!) 
Ha ein fortsatt fin torsdags kveld og ha ei god natt!

Le hitra´ot!

IWALY!!




onsdag 9. april 2014

Jaja, det er mykje ein skal lese……. Mazda må faktisk tilbakekalle 42 000 bilar av di det er fare for edderkoppar! Hydrokarbonane som er i bensinen er visst digg for edderkoppar og av ein eller annan grunn klarer dei lett å ta seg inn i "dunken" på Mazda 6, Sedan. Sedan faktisk…….. Eg kan ikkje i min villaste fantasi sjå for meg korleis denne bilen ser ut, men eg har no i alle høve ikkje Mazda sjølv, så då treng eg vel berre å forhalde meg roleg i dette tilfellet.

Kven er det som ønsker ein bil der edderkoppar lev sitt glade liv og spinner og legg egg til den store gullmedaljen? Det skal visstnokblokkere luftstraumen, og for dei som er litt smartar enår det kjem til bilar enn det eg er, ja så betyr det at det er brannfare. (Eller noko i den dur.)

Kva er ein god og verdig omsorg? Eit spørsmål som eigentleg er lett å svare på……. Eg snakkar då om born med spesielle behov, og kanskje då born med ei eller anna form for autisme.
God og verdig omsorg for desse borna er rett og slett så enkelt som at dei får det dei har krav på! Det er ikkje verre enn det.
Kvifor er det då slik i dagens samfunn at alt skal avhenge av kor i landet du bur? Det burde ikkje ha noko å seie om du bur i Oslo, Bergen, Tromsø eller "you name it…".
Det er slett ikkje slik at alle som treng ekstra midlar/hjelp får det dei har krav på.

Enkelte bydelar i Oslo (for å ta eit døme) har sakshandsamarar som ber speialisthelsetenesten om å ikkje  anbelfale tenester som er dyre. Dersom dei likevel vel å gjere det, skjer det at dei ser bort i frå desse anbefalingane. Trist, men sant.
I det augeblikket den kommunikasjonen skjer om at dei bør prøve å unngå slike anbefalingar, ja då har dei faktisk satt ein pris på dei borna det gjeld. Uverdig…….

Det er noko som heiter "Lov om pasientrettigheiter". Der står det klart og tydeleg kva dei har krav på. Då er vel saka grei?
Så heldig er "vi" ikkje. Ikkje så lenge det er noko som heiter økonomi og at det fins enkelte som ikkje har samvitskvaler i forhold til slikt. Eit born er berre eit tal for dei og så lenge ikkje dei må vere eindel av bornets kvardag, ja så går det heller ikkje inn på dei.

Desse borna fortener kvalitet! Dei fortener å ha pedagogar med seg i bornehagen og skulen. Dei fortener ein støttekontakt. Dei fortener at familien får avlastning i dei heimane det faktisk er nødvendig. Born med autisme må følgjast opp i meir grad enn ein som ikkje har autisme. Det krevst meir (veldig ofte, men sjølvsagt ikkje i alle tilfella).
Og det er heilt klart at jo større "innsats" kommunane legg i det å følgje opp eit born med autisme, jo betre vil bornet klare seg på eigenhand når det blir eldre. Misforstå meg rett når eg seier "eigenhand". Det er sjølvsagt mange som må ha oppfølging heile livet, men enkelte vil klare seg fint sjølv også dersom dei blir fulgt opp frå starten av.
Å få noko ein har krav på, burde ikkje vere ein kamp. Systemet skulle vore enklare. Heldigvis fins det kommunar som faktisk er flink på dette området, men det er likevel mange i andre enden også.

Sanninga er at born med autisme har mykje meir potensiale i seg enn det vi trur. Det er det mange internasjonale undersøkingar som bakkar opp under.
Dessutan, viss økonomi ligg til grunn, så er det jo mykje pengar å spare på å følgje opp eit born. Då blir han eller ho mykje billegare i drift som vaksen. Men å tenke langsiktig har vel ikkje alltid vore den sterkaste sida overalt. Forebyggande arbeid kalles det.

Personleg synest eg at "staten" skulle hatt ansvaret for at det var midlar til alle born med ein diagnose. Det skulle ikkje ha vore opp til kvar enkelt kommune å bestemme om dei skal følgje lova eller ei. Alle borna skulle ha hatt lik sjanse til "verdig omsorg", uavhengig kor bornet bur.

Det er ikkje lov til å sette ein prislapp på eit born! Det er borna som er framtida vår. Det må vi ikkje gløyme.

Det er onsdag og eg kjenner at eg skal ta og finne dyna mi. (Det kan nesten virke som om at ho har gøymt seg ein annan stad enn i senga….. :=) Men det er vel nett der eg finn ho.)
Eg kjenner at eg er litt trøyttare enn normalt, så då er det vel ei vèrendring i sikte. (For det hadde jo vore for mykje forlangt å få det vèret vi har hatt dei siste dagane i påska……)Jaja….
Ha ei god natt!!

Hasta mañana!

IWALY!!!

tirsdag 8. april 2014

Kjempehull åpnet seg midt i Oslo-vei. Alt er relativt…..Kva betyr midt i, liksom? I dette tilfellet er det  snakk om i eit hjørne og rett foran ein garasjeport.
Ikkje veit eg, men eg syns no overskrifta er litt villeiande. Eg såg sjølvsagt for meg ein traffikert veg då eg las det.

Innrømmer å ha kokt mannen. Hahahaha…….. Vel, det er nok ikkje noko å flire av, men hallo?? Les no overskrifta og sei at den ikkje er litt komisk!?
Ein pengekrangel var alt som skulle til for at slikt kunne skje. Jaja……..Ei crazy verd!

I går las eg på  Facebook om ei mamma som hadde vore på handballkamp utan å fått med seg at dattera spelte. I dag var det ei av sakene som var omtala i Fremover.
Heile saka er berre trist, det syns eg verkeleg, men det som er enno meir trist er at dei gjer dette mot denne mammaen. Denne mora skjønner garantert at det er ho det skrives om, og kva vil dette gjere med ho? Det blir berre så teit og umodent gjort.

Hadde dette vore ei enkeltsåande sak der denne mora ver eit enkelttilfelle, ja, då kunne eg vere tilbøyeleg til å seie at dette er på sin plass, men slik er det ikkje.
Alle som har deltatt, som tilskodar, på ei eller anna turnering rundt omkring har sett dette. Dette er slett ikkje noko nytt. Det er rett og slett eit heilt vanleg fenomen som har oppstått. Trist, men ikkje uvanleg.
Det gjeld nok veldig mange vaksne (og born!).

For dei som ikkje har fått med seg kva saka gjeld, er det snakk om at ei mor var med dottera på handballturnering. Då dattera var ferdig med ein kamp, spurte mora om ho ikkje skulle spille snart. Dattera svarte at ho akkurat var ferdig. (Mora hadde brukt tida på å prate i mobilen i stadenfor å sjå på ungen sin. Ungen blei sjølvsagt lei seg.)
Eg syns ikkje det er greit at ein gjer slikt, men det er slik samfunnet har utvikla seg til å bli. Vi har sett det mange gonger.

Poenget mitt i det heile er at det er galskap at ein person kan henge ut eit anna menneske på denne måten og at media grip fatt i det og gjer det same. Når dette faktisk er noko som er ganske "normalt", vil eg påstå at det er eit veldig legitimt tema å ta opp, men ikkje i form av å trakkasere eitt enkeltindivid som gjorde denne tabben. Ein burde ta det opp som eit tema utan å trekke inn ei enkelt hending.
"Håper du ser dette og skjemmes………" Eg er ikkje hundre prosent sikker på om det var ordrett slik det stod, men det var i alle fall bodskapen bak det.
Sjølv syns eg det er forkasteleg at foresatte ikkje bryr seg meir enn at mobilen må vere hovudmidtpunktet i livet til eikvar tid. Ein kamp er viktig for eit born og som forelder bør ein vise interesse for kampen når ein først er tilstades. La bornet få føle den annerkjenninga som følger med smilet den foresatte sender.
Det er trist at det er slik, og eg forstår at dei som ikkje er slik reagerer på det. Eg reagerer på det sjølv!!
Det er likevel meir trist at eit menneske blir uthengt på Facebook og i ei avis for noko ein burde gjord til ei generell sak.

Det kan hende at mange vil vere ueinige med meg og at dei syns at det er på sin plass at denne mora får føle på dette….. Då spør eg: Er du sjølv feilfri og eitt hundre prosent tilstades for ditt eige born konstant? Gjer du aldri feil? Vil du synes det er heilt OK at andre heng deg ut i avisa om dei ikkje syns om noko du gjer? 

Denne mannen som starta dette kunne ha sagt kva han meiner direkte til dette kvinnfolket. Då hadde han vist seg meir rakrygga. Eigentleg syns eg berre saka har utvikla seg til å bli ei "mobbesak".
Ei sak som verkeleg er "up to date" har blitt til eit angrip på eitt einaste kvinnfolk istadenfor ei heil gruppe "syndarar". Ei stor gruppe…………
Hadde ein ikkje skrive ord som "du" og "din" osv……..Hadde kanskje saka vore annleis, men denne saka har gått direkte på ho (henvendt til ho).

Ei lita utblåsing frå ei som er i alle fall ikkje er feilfri. Eg ser på kampen om sonen min speler, men eg gjer garantert mykje anna "feil".
Uansett, ha ein fortsatt fin kveld og sov godt til natta!

Hasta luego!

IWALY!!!

mandag 7. april 2014

For ein herleg dag det har vore!! Sol frå knall blå himmel er rett og slett berre digg. Berre så synd at det er prøveeksamensdagar og at ein då ikkje får lufta seg noko som helst i denne sola før utpå ettermiddagen. Difor er det jo stas at klokka er stilla ein time fram slik at vi får nyte dagen litt ekstra lenge. Eg er klar over at fleire ikkje syns noko om denne stillinga av klokka, men akkurat i dag slo det positivt inn.(Vel vitande om at ein etterpå må sveitte litt over eindel oppgåver før ein får ta heilt kveld.)

I følge ei annonse på nettet har vi historisk lite testosteron. Hahahaha..... Dårleg triks for å få salget av varen sin til å gå opp. Likevel, det er sikkert fleire som går rett på limpinnen og bestiller seg produktet. Som om at verda plutseleg skal stoppe opp av di det ikkje kjem nye tilskot til ho...... JADA! Så lenge det fins menn, fins det meir så nok av det her såkalla testosteronet i omløp. Ingen fare for noko anna. Enkelte kunne gjerne hatt litt mindre av det, til og med..... :=))

Opsibopsi……..Eg er visst så fokusert her at eg har heilt gløymt av at eg bakar brød. Dei var ferdig for tre kvarter sidan, så det blir god skorpe det! Thihihi…. Jaja, det er ikkje første gongen at eg svimlar slik, og det er kanskje ikkje rart med tanke på at eg har sett på "Det tredje øyet" og så blei det litt spanande og vips……jomfrua gløymte at det er noko som i det heile tatt heiter brød.

Er det greit at andre ammar bornet ditt? Tja, tjo, njei….kva skal ein svare til det? Min umiddelbare tanke er definitivt nei, men om eg tenker meg litt om….ja då kan eg vere tilbøyeleg til å tenke at "mat er mat". Om enn litt motvillig……

I dag fins det eindel puppetabuar, men likevel færre enn tidlegare. Før kunne ein jo ikkje amme offentleg utan at det blei oppstyr av det. Akkurat på det området er det blitt litt likare. No er det ikkje så veldig mange som reagerer så kraftig på at det sit ei mor og ammar.
Sjølv om det er blitt betre, fins det også andre puppetabuar. Det som skapar mest reaksjonar er vel mest sannsynleg et spørsmålet eg stilte, "Er det greit at andre ammar bornet ditt?".
Eg er rimeleg sikker på at det er veldig delte meiningar om dette rundt om i landet (eller verda for del).

Viss eit born er utrøysteleg og svolten….. Skulle vi då nekte det mat? Nekte det mat om vi visste at det var mat i umiddelbar nærleik, berre at maten var i ei anna kvinne sin pupp, eller feittklump for dei som meiner det.
Ved å tenke slik at ein nektar eit svolten born mat, stikker det litt i meg. Då får det heile ei litt anna vinkling enn om ein berre lot vere å tenke på den biten og berre sjå for seg bornet til puppen til "feil mor".
Kva er det i så fall som gjer at vi ikkje syns noko om det, dersom det er slik at vi ikkje gjer det? Kva er det som blir utfordra i oss? Kan det kallast sjalusi, eller er det berre det at det er rart?
Om du spør meg, vil eg sannsynlegvis svare at det er eit vanskeleg spørsmål. Kjempevanskeleg av di det er lett å møte seg sjølv i døra. I døra av di ein skal forsvare dei moralske aspekta i det uansett om ein seier ja eller nei. Kva er viktigast? Bornet eller mora……?

Kvifor er det eigentleg litt tabu å snakke om eit slikt tema?
Vel, kanskje eg må arrestere meg sjølv litt der……. Eg vil då vel aldri la meg stoppe av at enkelte syns det er tabu å snakke om det. Er det interessant nok, ja då seier eg det eg vil og så får heller andre synes det er tabu eller ikkje. Det er eigentleg ikkje noko eg tenker over i det daglege, berre no når eg skriv om det. Plutseleg slår tanken meg at det faktisk kan vere eit tema som er tabubelagt hos mange. Berre ikkje hos meg… Eg ser ikkje i det heile at dette er noko som treng å vere tabubelagt. I alle fall ikkje i 2014.
Tabu eller ikkje….. Eg køyrer på!

Vi har alle saman ulike haldningar til forskjellige tema. Akkurat det er berre sunt. Tru kor kjedeleg det hadde vor viss noko anna hadde vore tilfelle?!
Enkelte meiner faktisk at det er perverst at ein ammar offentleg. Då tør eg ikkje tenke på kor perverst dei må meine det er når ein ammar ei anna mor sitt born.
Andre syns ikkje det er perverst, men syns likevel det er utenkeleg å låne bort puppen sin til andre enn sine eigne. På lik linje som andre syns det er rart å låne bort bornet sitt til andre sine matspreiarar.
(Ein pupp kan verkeleg spreie mat!! Det veit eikvar mor. Eit lite klyp i puppen og mjølka spruter utover. Det kan det joforsåvidt bli nokre artige episodar av, utan at eg skal avsøre om eg snakkar ut frå eigne erfaringer. Dei som kjenner meg veit at eg likar å gjere "djævelskap", og så kan du jo sjølv avgjere kva du trur.) :=))

Viss vi set det heile litt på spissen, så kan vi sette ein pupp og ei ku opp mot kvarandre. Kva er det som gjer at det er greit at born får melk frå ei ku, men ikkje eit anna menneske. Kven har den verste utsjånaden, verste lukta, skitnaste kroppen…osv……..Kua eller kvinna? I´m just asking……..
Borna våre er jo ikkje akkurat nokre kalvar, så kvifor er det liksom greit å dele pupp med ein kalv og ikkje ein "kompis"?
(Berre så det er sagt……… Å bytte om på det og la ein kalv suge ein menneskepupp……. Der seier denne knetta STOPP! )

Det er jo slik at dersom du har puppene dine ekstremt fulle av melk, kan du levere melk til sjukehuset som sørger for at born som verkeleg trenger det får det. Mødre som av ein eller annan grunn ikkje får amma, men så sårt treng at bornet får den næringa dei treng. Eg trur ikkje dei mødrene ser på det som ekkelt. Dei er aller helst takknemmelege for at det fins nokon som deler av godene sine.
Likevel, det blir kanskje eit lite sidespor frå hovudtemaet. Å få melk på den måten er nok ikkje det same som å direkte amme eit born.

Vel, det er delte meininger om temaet og eg veit sanneleg ikkje kor langt vi er komen om femti år frå no. Meiningane er kanskje like delte då som no…….?
Uansett, denne jomfrua skal ikkje få fylt brystene sine med noko næringsrikt innhald i form av mjølk, så problemstillinga vil nok aldri gjere seg gjeldande for meg.

Ha ein fortsatt fin kveld!! Hasta luego!

IWALY!!!