torsdag 8. desember 2011

Tidligare i kveld hadde son min besøk av ei venninne. Han nemnte plutseleg at han sakna ei tidlegare venninne som flytta på seinsommaren. Då sa ho som var her "Æ har ingen venna æ!" Det blei heilt stille før han sa "Lika du å vær med mæ?" Så svarte ho ja på det, då....... "Jammen, nu ska æ førtell dæ ka venna e førr nåkka. Venna e de som du lika å vær i lamme. Hvis du lika å vær i lamme mæ, så e jo æ vennen din!"
Eg syns det var litt søtt.......

Eit nytt prov på at Beathe kan vere svimmel dukka plutseleg opp....... Kvestet av propell - går igjen. Det første eg tenkte når det stod "går igjen", var at det var snakk om ei som går att ("gjenferd"). Her er det snakk om å vere "innafjording de luxe!!" Eg måtte sjølvsagt opne saka før eg skjønte at det var snakk om at det var drift i føtene att....... Blond, blond, blond......... Say no more!!

Hahahaha......Jeeeezzzzes!!!! Eg har nett sett på tv. Eg trur eg døyr. Jomfru Knutsen har visst vore i aksjon. Dei har flima meg og klassen i klassesituasjon i forbindelse med skulejubileumet. Heile innslaget byrja jo sjølvsagt med meg. Hmm..... Eg veit ikkje kvifor, men eg har aldri vore heilt fortruleg med stemmen min når det tas opp. Det er jo ikkje slik eg høyrer den i hovudet mitt når eg snakkar. Jaja, endå godt eg ikkje sa så mykje. Det er ikkje så kult når dei kjem uanmeldt og skal filme.

Nei, god natt og sov godt!!

Hasta manana!

MY 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar