torsdag 8. desember 2011

Korleis kan vi bli kvitt bokmålet?

Eg har nett lest ein tekst av Are Kalvø med denne overskrifta. Are Kalvø er jo kjent for å vere ein humorist og han brukar ofte ironi og humor i tekstane sine. Denne teksten er ikkje noko unntak, men eg må seie eg syns det var fornøyeleg å lese denne overskrifta. Eg skjønna fort at dette var ein tekst eg berre måtte lese.

Om ein studerer språkhistoria nøye, vil ein oppdage at det har vore mange nynorske sigrar. Kalvø peiker på desse, men mot slutten leitar han opp momenter som ikkje heilt går inn i språkhistoria, men likevel gjer at teksten blir "fornøyeleg".

1813: Vi har alle høyrt om Ivar Aasen. Dette er året der han blir født. Ivar hadde ein tendens til å kjede seg, så i mangel på noko betre grunnla han eit språk. (Vel, det står ikkje akkurat det, men eg tolkar jo ting som eg vil.....).

1868: Det Norske Samlaget startar kampen for å få vitsebøker på nynorsk. (Vitsar er jo sjølvsagt best på nynorsk!!)

1877: Arne Garborg er redaktør for avisa Fedraheimen. No oppstår kampen for nynorsken i avisene. Det kan sjå ut som om at dei aldri går lei. Det er så gøy å vere ueinig at den dag i dag kranglar "dei".

1885: Språket blir jamnstilla med dansk! Er det ein ting vi veit, er det kva veg det har gått med dansken etterpå......

1899: No førekjem universitetsforelesningar på nynorsk.  Akademikarane hiv seg med i kampen. Her skal det stilast høgt.

1906: No byrjer alle som trur at landet vårt heiter Norge å skjelve. Noregs Mållag blir skipa. Noregs......

1912: Tja, Titanic gjekk vel ned det året?? Like interessant er det at Det Norske Teateret blei oppretta. Sjå for dåke at austlendingane  nesten klarar å uttale "ikkje". Det var sikkert ei ekstra oppleving å gå på teater i dei dagar......

1929: No heiter det nynorsk og ikkje landsmål som det gjorde før. Nynorsk høyres så mykje meir ungt og sprekt ut. Det gamalmodige og trauste blei bytta ut........ Det fungerer som regel i dei fleste samanhengane.

1955: Bokmålsbrukarane i NRK skjelv....så til dei grader. Kringkastingsringen blei stifta.

1985: Til og med oslofolk betaler for å høyre nynorsk framført av folk som ikkje kan det.

2003: Odd Norstoga toppar VG-lista. Tenk det!! Ein artist som stort sett berre har tekstar som mange her til lands ikkje skjønner bæret av..... Det har vel aldri skjedd før?! (No har ikkje eg kommentert kva eg sjølv syns om han Odd N., berre så det er sagt).

Så ein kan lett sjå at det er mange merkeår med jamne mellomrom for nynorsken. Dei har rett og slett vunne mange slag. Sjølv om dei for mange er ukjente......... :=)

Så var det dei meir "useriøse" momenta då....

1967: Her gjer halvfylla seg gjeldande (som så mange gonger elles). Ein riksmålsbrukar (bokmål) "slurvar" og brukar a-ending under eit julebord i Oslo!! Så det provar at også utelivet var i ferd med å bli overteken av nynorsken.

1973: Nyheitene på kvelden....... Opplesatren nyttar meir enn 50% a-endingar i dei tilfella han kunne velje! Dette må då sjåast i lys med at nynosken verkeleg får eit vendepunkt i medias historie??! Dette er jo ei hending som blir markert kvart einaste år på ein nyheitsopplesarfestival som arrangeres av Nyheitsopplesarmållaget. Fine ord.....

1997: Ein ung mann bestilte kaffe latte på sognemål. Ingen reagerte unaturleg på det. Det må nesten bety at nynorsken er i ferd med å ta over den urbane kafèkulturen! Viss eg ikkje tar heilt feil, er ideen om eit urbanmållag under utgreiing (om dei ikkje allereie er danna?).

Vi har flerie lag i den nynorske familien. Nynorsk klammelag, Kløyvaklubben, OIOIOIOIOIOIOIOI-LAGET (jobbar for meire o- og i-endingar), Berre innom-laget, Nynorsk skrivarlag, Julebordmannalaget og  edruskapsmållaget. Den siste gruppa deler for øvrig ut edruskapsmållagsprisen årleg til ein nynorskbrukar som har vore edru i året som har gått.

Kvart år er det fleire markeringar til føremon for nynorsken, og difor burde no bokmålsfolka skjønne at dei er i mindretal. Det er aldri bokmålsjubileum...... Dei har ingenting! Så nynorsken har overtatt alt. Utelivet, kaffe latten, media, VG-lista...........

Snart er vi endeleg eit fritt land!! Hahahahaha.........

MY

2 kommentarer: