lørdag 10. desember 2011

Forbyr lærere og elever å være ""venner" på facebook. Tja, det har eg ikkje problem med å forstå..... Sjølv seier eg nei til alle elevane som sender venneforespørsel. Då skriv eg heller ei melding og seier at dei kan sende meg spørsmål om det når dei er ferdig med skulegangen.

Det er Mandal kommune som no har innført ein regel om dette blant dei ansatte. Regelen gjeld hovudsakleg berre borneskulane, men sjølv meiner eg at det godt kunne gjeldt ungdomsskulane også. Det er sikkert mange delte meininger om det, og det er ikkje sikkert det er så mange som er einig med meg??! Kanskje.....
Årsaka til at Mandal kommune har innført desse reglane er eigentleg ganske grei. Eigentleg burde dei gjelde heile landet. Facebook har 13-års aldersgrense, og om det då er borneskuleelevar som har facebookprofilar, tyder det på at dei lagar seg falske profilar. Det er ikkje lovleg! Det er falske profilar av den enkle grunn at dei lyg på alderen for å få oppretta profilen. Då burde heller ikkje lærarar leggje dei til som vener, spesielt med tanke på at dei er klar over alderen til borna og at det er ulovleg.

At eg meiner vi som lærarar ikkje bør ha elevar på lista vår, betyr ikkje at eg kjem med noko oppfordring til nokon som helst. Kvar enkelt får stå for sine eigne meinigar og mi meining kjem fram her.
Eg trur ikkje borna har så godt av å bli sluppen inn i "den vaksne" facebookverda. Det er mykje som skrives der, som ikkje born bør sjå.

Årets beste låter. Nr 1 er visst "Rolling in the deep" med Adele. Eg trur kanskje vi brukar den i ein klasse?!! Den er fin, men årets finaste?? Neppe..... Nr.2 Frank Ocean - "Novacane" (Den har eg ikkje høyrt om eingong....). Nr.3 "Someone like you" med Adele. DEN er fin!! Den brukar vi også i ein klasse.
Hadde det ikkje vore av di elevane likar desse Adele-songane, hadde eg vel aldri høyrt om dei..... Jaja. Etter å ha sett kva song som er på fjerde og femte plass, skjønnar eg at eg "veit" lite. Det er berre låtar som eg ikkje har snøring på. Kanskje det er musikken ungdomen høyrer på. Eg trur nesten det må vere det. Så då gidd eg ikkje sjå lenger ned på lista. Vi må sikkert langt ned på den før vi hamnar på rett hylle!

Sexstreiken størst suksess på landsbygda. Hahaha.......Det må vere det beste tipset ever for kvinnekampen. Kva nyttar vel betre enn å nekte inntog i fødeheime?? No er det eigentleg ei sak som det er litt alvor bak, men eg klarte ikkje å dy meg........
Det er snakk om dei tre Fredsprisvinnerane og det er difor eg seier at det er ei sak med litt alvor bak. Det var berre det at overskrifta overlot litt av kvart til tankane...... Så med mindre ein opnar saka, kan ein ikkje vite kva det dreiar seg om.
Sexstreiken dreier seg, heilt kort fortalt, om at kvinnfolka nektar menna sex før borgarkrigen er over. Så i land der det er vanleg med valdtekter og naud, tar kvinnene opp kampen. Det fungerer såpass bra at det kvalifiserer til Fredsprisen. Då kan vi ikkje seie anna enn STÅ PÅ!!!

Innfører 18-års aldersgrense på solarium. Hjelpe meg......Denne saka tar av. Gjett om det er mange som engasjerer seg????!!!!! Spesielt menn som er midt i 40-åra. Stakkars dei under 18. Skal dei ikkje få ta sol lenger. Det er visst grusomt!!
Det er laaaange diskusjonar ute og går i denne saka. Eg trur ikkje eg skal gidde å telle kor mange kommentarar som er skrive til no. Hovudsakleg dreiar det seg om at dersom solarium blir forbode, må ein også forby smør, sukker og bla, bla, bla, bla............. Det er lenge sidan eg har sett eit så stort engasjement blant folket. Det måtte jo sjølvsagt kome i ei så viktig sak som dette!! Like I care-........ Eg bryr meg vel døyten om dei som ikkje får ta sol pga alder. Det er sikkert berre bra for dei?! Skulle det vere nokon som treng å ta sol pga lidelsar dei har, er eg sikker på at det fins ei løysing for dei. Dersom sola er "medisin", får dei sikkert fortsette med å ta det. Nei, eg trur ikkje eg gidd å engasjere meg i denne saka......... Eg overlet det til dei krangellystne! (Eg er ikkje i gruppa som blir utelatt, så for min del må dei berre innføre det. Eg aktar ikkje å kjempe for solrettigheitane til dei søte og små sjelene i samfunnet). Sorry viss nokon føler seg støytt av det........

Nei, klokka er altfor mykje. Det har lenge vore tid for å få Ole Lukkøye på besøk. Jaja, det er laurdag når eg vaknar, så då treng eg jo ikkje stå opp så tidleg. Så ha ei god natt og sov godt!!! :=)

Hasta pronto!!

MYSM

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar