tirsdag 27. desember 2011

Axel Rudi Pell har sexy stemme!!!! Sukk........ Har nettopp høyrt han syngje "Hallelujah" og den hese stemmen hans er "deileg"!!! Hadde han vore litt meir "good looking", så hadde eg vel forelska meg?!! Hhahahahaha.....:=) Neppe.........

Det er tredje juledag og det er vel ei stund sidan sist eg var inne på denne sida. Det har nok sine årsaker, men her kjem no eit lite bidrag til den store verda! :=)

I dag hamna julaften på ein laurdag og det betyr vel at det er mange som ikkje har fri i romjula. Alle kunne vel trengt akkurat det. Likevel,.....nokon må jo halde hjula i gong. Eg for min del har snudd døgeret eindel, men det er lov det også.

Sinnead O'Connor skilles etter 18 dager. Er det det som kalles ekte kjærleik?? :=) Eg vil tru det er ei eller anna årsak bak brotet, så eg får lese litt om kva det gjeld.
På hjemmesiden skriver O'Connor at folk i eksmannens familie begynte å blande seg inn i ekteskapet, men hun legger også deler av skylden til bruddet på seg selv. Hmm....Tviler på at ein skiller seg etter så kort tid pga innblanding frå eine familien. Eg vil tru at når ein er nygift, så er kjærleiken sterkare enn som så. 18 dagar!!!
Connor drikk ikkje alkohol og bryllaupsnatta tok ho ektemannen med på ei vill marihuanajakt. Ja, for marihuana er jo så mykje betre enn alkohol??!! Eg trur eg ville fått kalde føter om så hadde vore tilfelle, eg også. Det er som er litt rart, er at ein ikkje kjenner kvarandre betre enn det før ein giftar seg. Eg vil tru at det ikkje er første gongen Connor forholder seg til marihuana? For kvifor skulle ho ha det akkurat ei slik natt?? Kjemperomantisk bryllaupsnatt med andre ord. Så berre skuld på familien hans..........

No er salget av årets julegåver i gang!! Finn.no bugnar over av gåver folk vil selgje. 1. og 2. juledag ble det publisert 4243 privatannonser på torget. Mange av annonsene sier klart at dette er julegaver som selges, og at de er uåpnet eller ubrukt. Det er gåver i alle prisklassar og kvalitet. Ei annonse gjelder ein symaskin. Eg trur kanskje ikkje eg ville kjøpt symaskin til nokon i julegåve med mindre eg visste at det var eit ønske frå mottakaren. Det er vel blitt slik at den store byttedagen meir og meir blir bytta ut med salg over nettet. Mange ønsker seg heller pengane + at dei kanskje kan tene litt ekstra på det. Eg trur nok jula har utvikla seg til noko anna enn det ho var for år attende i tid. Fokuset er ofte meir på det materialistiske. (Sjølvsagt ikkje hos alle).

Disse kan gi svar på jordens skjebne. Oppdagelsen av to nye planeter kan nemlig fortelle hva som skjer når solen sluker deler av vårt eget solsystem. - Når vår sol blir en rød kjempe, vil Jorden bli slukt. Hvis en bitte liten planet som Jorden tilbringer én milliard år i et slikt miljø, vil den rett og slett fordampe. Bare planeter som er veldig mye større, som Jupiter eller Saturn ville kunne overleve, sier Green. Så når sola vår kjem til det punktet at ho blir ein raud kjempe, har vi berre ein milliard år att å eksistere. Bør eg frykte for framtida mi??

Det er mest ho "Dagmar" som florerer i avisene. Ho har sørga for store øydeleggingar......Eg er glad vi merka lite til uvèret. Høg vannstand var vel det "verste" vi fekk. Er vi heldige, er det over for denne gong og kanskje snøen som no er komen, er komen for å bli?! Det ville vore lykken (om det kjem litt meir sjølvsagt!!).

Late dagar og stor hjerneaktivitet er vel ikkje så godt forenleg. Eg er nok ikkj eheilt i skrivemodus enno. Det kjem vel etterkvart..........

Ha ein fortsatt fin dag og ei kjempefin romjul!! Året er snart omme, så nyt resten av det!!

Hasta pronto!!!!

DY MY ALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar