søndag 4. desember 2011

Sundag 4.desember.

Trådløse nettverk kan gi dårligere sæd. Tja, då er det vel mange som slit. I dagens samfunn vil eg nok tru at det er fleire som har trådlaust nettverk enn det er som ikkje har det. Så spørs det kva som meines med dårlegare sæd. Er det produksjonsevna det er snakk om? Svømmeevna?  Eller er det snakk om at resultata av graviditetane fører til "misfostre"? Huff........ Eg likar ikkje det ordet. Sorry! Eg kom berre ikkje på noko anna ord. Eg går ut ifrå at du som lesar skjønner kva eg meiner?! Eg får lese saka og sjå kva det dreiar seg om.
Sæden trives tydlegvis dårleg i nærleiken av wifi. Då gjeld det ikkje berre ved bruk av PC. Mange mobilar (dei fleste) har trådlaust system og kan koblast opp mot trådlause nettverk. Dei fleste koplar seg nok på nettverket av den enkle grunn at dei då slepp å betale telenor (eller kven dei har som leverandør) for å bruke nettet på telefonen.
Forskerne har tatt prøver av 29 menn og plassert deres sæd i fire timer ved en bærbar PC som var knyttet opp mot internett via trådløst nett. Andre prøver ble satt i samme rom ved siden av en bærbar PC uten wifi. Så allereie etter fire timar ser dei at enkelte resultat utpeikar seg. Sædcellene nært det trådlause nettverket fekk mindre rørsleevne og fekk heile tre gonger større DNA-skader.
Grunnlaget må vel seies å vere litt tynt, så det er nok ikkje grunn til noko panikk i større grad. Verda vil nok fortsette med å bli fylt av reproduserte menneske. Så lenge det fins graskap, vil born bli født! Det trur eg trygt eg kan påstå.

Caiun trekker seg som presidentkandidat etter sexanklager. Det første eg tenkte då eg såg overskrifta, var at då stemmer det at han har holdt på med alle desse kvinnfolka. Etter å ha lese artikkelen, veit eg ikkje. No har eg heldigvis ikkje noko med å bry meg i denne saka. Ei heller blir kvardagen min påverka av det. I alle fall ikkje direkte. Indirekte kan den jo gjere det om ein tenker framtid. Dersom det ville vore reelt at dei hadde vunne valget, ville vi fått eit anna alternativ enn det vi kjem til å få. I og med at presidenten har såpass mykje "makt" i verda som han har, vil det jo til ein viss grad ha noko å seie for oss i Noreg også. Elles hadde det vel ikkje vore så interessant å følgje kampen om presidentkandidaturet?
Cain seier i talen sin at skuldningane ikkje er sanne, men at dei skapar så mykje uro rundt han at han vel å ende sitt kandidattur. Berre dei det gjeld veit kva sanninga er. Det er uansett ingen som fortener å få bretta ut privatlivet sitt i media (sjølv om du er ein sentral person).

Eg syns det er heftig mykje sex i media for tida. Eg trur ikkje det går ein einaste dag utan at det er ein artikkel som omhandlar dette temaet. Dagens tekst har overskrifta  Ny bok forklarer hvorfor jenter blir fortere "puleforelsket" enn gutter. Det var jo eit fint begrep. Hmm..... «Sånn jeg er skapt, dauer karen min fort når den ikke får puste på grunn av gummihatten» (Sitat Christian Valen). Eg går ut ifrå at det er snakk om kondombruk. Tittelen holder det den lover: Her står alt om forelskelse, sjalusi, abort, trekant, fetisjer og BDSM. Så står det litt om akkurat desse stikkorda før følgande setning dukkar opp: Som i kapitelet «Hvordan sjekke opp en fremmed bare for å ha sex?», der vi blant annet får vite hvorfor jenter blir fortere «puleforelsket» enn gutter.  
Jaha???? No heng eg ikkje heilt med. Hovudoverskrifta til artikkelen var nettopp om det som står i denne siste utheva linja. Etter å ha lest heile artikkelen, er det kun nemnt i nett denne eine setningen. Hallo? Kva slags ansatte er det Dagbladet eigentleg har? Eg vil tru at ei overskrift til ein artikkel bør stå i stil til innhaldet? Er det eg som er heilt på villspor? Eg må nesten berre spørre...... Det er jo ikkje akkurat første gong dette skjer. Det er sikkert berre meg........ Eg fekk i alle fall ikkje svar på det eg trudde eg skulle få svar på då eg opna artikkelen. (Noko som eg trudde var målet til dei fleste som skriv).
Eg skjønner jo såpass at det er overskriftene som selgjer og at det difor er viktig å lage dei slik at ein skal få lyst til å lese dei. Likevel, det er vel ikkje meininga at vi skal bli lura heilt på villspor.?!

Nå blir det "Jakten-bryllup" i romjula. Så er det mogleg å finne draumepartnaren gjennom sjekkeprogram??!! Fjorårets sesong har i alle fall ført med seg minst eitt lykkeleg par. I romjula skal dei gifte seg........ Dei har heile tida budd kvar for seg, men etter bryllaupet skal dei flytte saman. (Kanskje ein føremon det då). Eg veit det er mange som av ulike årsaker vel å bu kvar for seg og avstå frå sex før ekteskapet. Det er sikkert ein bra ting, men eg vil tru det er litt "risky" også. Ein får jo ikkje heilt prøvd ut korleis ein fungerer i lag som livsledsagarar og ein risikerer faktisk at ein finn ut at ein ikkje passar å bu ilag i det heile. No skal ikkje eg påstå kva som er tilfellet mellom desse to frå tv-serien, for det veit eg ikkje meir om enn det som står i media, men eg tenker meir sånn generelt.
Vi er nok alle skapt ulike og det skal vi vere glad for......

Man ser jo drap og tortur og alt på TV ellers - det dreper jo, noe pupper ikke gjør. Elizabeth Brofors (20) har ingen kvaler med å sniffe kokain i berre trusa på TV. Det er snakk om ein video som er ganske intens og målet er å sjokkere. Alt skjer på berre 30 sekunder.
 Brofors er dottera til Pushwagner. Han er kjent for å vere ein spilloppmakar.Som glamourmodell må ho nok innfinne seg med at fleire siklar etter ho når di ser ho. Det er nk prisen ein må betale når ein kastar kledene i media. Har ein ingen skruplar der , så følgjer det deg nok også i det private liv. Spesielt om du er dottera til ein kjendis.
Eg veit ikkje eigentleg kvifor eg byrja å skrive om denne saka........Eg hadde sikkert ein plan, men den er i såfall ikkje tilstades i hovudet mitt no. Eg burde vel berre merke av det eg har skrive og trykke "delete"..... Eg vel å ikkje gjere det.

Nei, det er tid for middag.... Ein treng jo litt næring for å halde det gåande:=) Ha ein strålande sundag!!

Hasta pronto.

DY


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar