fredag 16. desember 2011

Her fant de èn time gammel baby i bærepose. (Hund kan ha reddet liv i Danmark). Eg kjenner eg blir klar. Kva i alle dagar får ei mor som nett har født til å gjere slikt? Dei har ei formeining om at det må ha vore ein heimefødsel. No etterlyser dei mora til bornet. At bornet vlei funnet, er berre tilfeldig......

No kan det jo vere fleire årsaker til at babyen blei lagt der den blei funnen. Det kan i alle fall ikkje vere ein oppegåande vaksen person som har gjort dette. Det kan jo vise seg at det er "ein unge" som har fått dette bornet. Det er jo enkelte som startar sitt seksuelle liv i veldig tidleg alder og eg kan tenke meg at det må vere skremmande om ein blir gravid så altfor tidleg. Det er fleire eksemplar på at unge tenåringsjenter har prøvd å skjule graviditetar heilt til det siste.
No er dte slett ikkje sikkert at det er det som har skjedd her!!! Det må eg altså få poengtere. Det er berre tankar som dukkar opp medan eg sit her. Eg skal ikkje spekulere så mykje meir. Eg går ut ifrå at media vil gå ut med det med ein gong dei får vite noko, så då kan eg jo spekulasjonane få hospitere hos dei istadenfor.

Usexy og skuffende. Det er snakk om årets Grand Prix-deltakarar. Er det meininga at ein skal vere sexy også no?? Kor skal liksom hovudfokuset vere? Joda, viss det er skuffande innslag, så er det vel greit å vere nettopp det. Skuffa! Usexy? Vel, det blir berre teit.
No har jo desse overskriftene villeia meg før, så det kan jo vere at eg misforstår heilt. Eg er jo god til det for tida......
- Artistlisten er veldig usexy, med en tung eim av fattigmann og desperasjon. Men vi må vente til vi faktisk får hørt hva de har å by på med å felle en endelig dom. Én god låt kan jo få hele arrangementet til å skinne, sier Talseth.Så utsagnet kjem etter å ha basert seg på artistlista og kva dei trur når dei ser namna. Kanskje ein idè og høyre songane føsrt då??!!! (Vil eg tru......).

Prøvde å kjøre ned eksen i butikk. Hahaha.....Kor teit! Joda, eg syns eg ser for meg at om eg hamnar i same situasjon, så skulle JE ta fart med Citroen'en og sikte på Coop-vindauget og vips "der låg Beathe strødd utover kassen med masse godterier over seg". Hahahaha...... Eg trur eg døyr her eg sit (eeh...ligg i sofaen). Litt paranoid??
Det er mykje rart ein får seg sjølv til å gjere! Tenkte han ikkje på at bilen kunne få skrammer??? Thihi....!!! Til helv......med kjerringa, berre bilen klarar seg:=)

Gavene du ikke ønsker deg til jul. Tja, no er ikkje eg heilt normal, så det er jo godt mogleg at eg syns dei er heilt topp!!
Dusjhode som skifter farge på vannet når du bruker det....... Hmm, kvifor ikkje? Litt forandring av kroppsfarge fryder sikkert berre meir enn det ergrar!?!
Brødristar med radio. Litt i overkant unødvendig, ja, men ein rekk jo sikkert å få med seg litt den tida det tar å riste eit brød?! Så spørs det om den skiftar kanal kvar gong det sprett opp ei skive.....
Heile to tips klarte dei å kome med. Hallo?? Resten av lista er berre dukar, lys osv..... Jaja, dei fekk no i alle høve meg til å gå inn å sjekke.

Slik kan du spille "Monkey Island" gratis på mobilen din. Nei, takk! Eg var i mot angry birds for ei stund sidan. Heilt til eg fekk det sjølv. Det var ikkje lurt.......... Heldigvis varte manien berre ei kort stund! Så vi seier nei til spel på mobilen!! Ferdig med det:=)

Det er fredag og helg. Det er enno tidleg, så eg vil ønske ein riktig så fin fredagskveld!!! Husk å nyte livet!! Vi får det aldri i reprise......

Hasta luego:=)

MY DY LY NY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar