mandag 5. desember 2011

Måndag 5.des. nr.2.

Titt tei, så var eg attende. Eg blei jo avbroten i stad.....

Mattilsynet advarer mot farlege potensmidler. Så no må altså menn passe seg for kva dei puttar i holet........ No er det slik at det er ikkje berre mat mattilsynet kontrollerer, sjølv om namnet skulle tilseie det. Det er nok snakk om pillere som ein kan tinga på nettet. I 11 av 33 produkter er det funne ulovlege legemidlar som kan gje alvorlege biverknadar. Kva bakdelar som kan følgje med dei, står det ikkje eit ord om. Litt rart det, då??
Det er fleire som har kommentert saka og blant anna er  det ein som skriv: Ja vel, den dagen den slutter å virke, da er nok tiden inne for å finne andre forlystelser, livet venter ikke på noen, vil du leve det, ja, så gjør det nå.
Ein skulle nesten tru at livet kun dreidde seg om ein ting. Det gjer kanskje det for mange? Det er nok av forlystelsar å ta av. Det er berre å sjå moglegheitene!

I overkant grotesk fra kioskdronning. May Grethe Lerum har skrive roman og det for ungdom. Den blir rett og slett kalla for ein katastroferoman. Hahaha.....Den er så katastrofal at eg ikkje eingong klarer å opne saka. Sida blir berre heilt kvit-....... Det er ikkje meininga at eg skal lese det som står der. Kanskje det er eit "dirty" triks for å lure meg til å kjøpe boka og lese ho sjølv?? Tja, groteske bøker??!!

Hvor går grensene for hva vi kan utlevere om forholdet vårt? Og kan kvinner tillate seg mer enn menn? Ja, sjølvsagt kan dei det!! Neida....eg berre jåsser:=)
Det er ein mann som har problem med at "dama" konstant skal ringe venninnene sine og fortelje om kva dei nett har gjort i senga. I eine sekundet er dei ferdige og i det neste er ho i telefonen i fotenden av senga. Hahaha....... Eg lurar på om han får litt dårleg sjølvtillit av det?? Eller kanskje ikkje..... Han høyrer jo kva ho seier til venninnene sine. Likevel, han vil jo "kose" litt etterpå medan ho berre stikk rett av. Hyggeleg!
Tja..... Eg veit ikkje kva eg skal seie eigentleg...... Eg vil tru dei fleste syns det er litt privat det som skjer i senga. Det er vel ikkje noko ein kringkastar for heile verda? Kanskje eg tar feil?!!
Det er sikkert fleire som då tenker at han berre kan ta det opp med ho. I følge avisa har han allereie gjort det. Han når ikkje heilt fram, for neste gong har ho likevel gløymt det av. Så no er han komen til det stadiet at han søker avisa om hjelp. Ja, då syns han vel det er ille....... Eg skjønner han godt. Eg syns eg ser for meg at eg har hatt meg ei hyrdestund, og så plutseleg høyrer eg "Æ å ho Jomfru Knutsen vi har nu nettopp......." (...og der var ho ikkje mykje jomfru lenger, liksom....).  Thihi...
Eg trur han har byrja å tenke i dei banar at kanskje ho har intimitetsangst. No vil han at godeste Spitznogle skal skrive litt om dette temaet. Spitznogle har jo uttalt seg i mange saker før, så det kan jo hende at ho kan hjelpe?! Dei lev i alle fall ikkje som ein tosomheit........ Skal dei leve ilag, må dei byrje å forhandle litt! Ulike behov og forventninger treng som regel det. Javel? Det er vel ikkje alt som treng å forhandlast om?? Det handlar vel meir om repsekt? Om han ikkje ønsker at ho gjer det, er det då så vanskeleg å berre la vere? Eg ser ikkje heilt den, eg. Eg tenker berre "teite kvinnfolk!" Skal ho absolutt snakke om det, treng ho ikkje å gjere det frå sengekanten så han høyrer det. Eg trur nok det er mange som snakkar om det, men berre ikkje på den måten som kjem fram i dette forholdet.
Spitznogle stiller faktisk eit litt bra spørsmål til han på slutten. "Hva tror du folk ville sagt om det var du som mann som kastet deg på telefonen og foret kameratene dine med beskrivelser av sexen du nylig hadde hatt med kjæresten din?" Eg trur eg veit svaret!!! Nei, vårt intime rom bør nok ikkje vere for offentleg. I alle fall ikkje om den eine føler seg ukomfoprtabel med det........

Ha ein fin kveld!

I was made for.......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar