fredag 2. desember 2011

Det er fredag og helgetider. Ukene går fort og før vi veit ordet av det er det jul. I morgon er det vel berre tre uker til julaften. Jaja....... Eg har vel aldri "stressa" så lite som i år. Hadde eg tatt det like knusande med ro kvart år, hadde det jo vore ganske greit:=)

I desse dagar trur eg at eg er ganske "svimmel". Kva eg går rundt å tenker på, skal vere usagt. Det påverkar meg i alle fall på den måten at eg blir ganske "svimmel". Eit betre ord å bruke er nok gløymsk!! Det siste eksempelet eg kan vise til, er at eg i går baka ei kake eg skulle ha med meg på arbeid i dag. Kor er kaka no?? Joda, den står heime og der er ikkje eg!! Svimmel!!!! Den får få seg hybel i frysaren og så får eg bake ei ny på sundag. Så spørs det kor svimmel eg er måndagsmorgonen. Måndagar er jo.........
Det fins verre eksemplar, men dei teier eg stille om.
Hadde eg ikkje visst betre, kunne eg trudd det var eit teikn på overgongsalderen. Heldigvis veit eg betre. Hahaha........  Den alderen kan berre la seg vente på i 20 år til........ Grei deal, det!!!!

Kronprinsparet koste seg på intimkonsert. Eg skal ikkje kommentere den! Eg har jo sjølvsagt litt lyst, men i og med at "alle" veit kva ein intimkonsert er, blir det ikkje like skøy.

Facebook-partner verdsettes til 40 milliarder. Det er mykje pemgar det! I dette tilfellet er det snakk om eit spek som mange speler via Facebook. "Zynga" eller noko sånt........ Eg har eigentleg veldig mange gonger lurt på korleis dei som lagar spela tener på dei. Det viser seg jo at det er ganske lukrativt. No brukar ikkje eg å sitje å spele på nettet, men eg har prøvd det tidlegare. Om eg vel å spele eit spel, kostar det meg ikkje ei einaste krone. Så då lurar eg på kor pengane kjem inn frå? Det er sikkert nokon som kjøper rettigheitane til spela osv.....men dei må jo gjere det av di dei ønsker å tene på det? Når ikkje brukarane betalar for det, kven gjer det då?? Det er mykje rart vi kan lure på, og det er sikkert eit veldig enkelt svar på dette. Det er sikkert berre eg som ikkje er heilt på stasjon........

Første kvinne med herretrenerjobb i fotball. Åååja, eg visste ikkje at det var noko som var definert som herretrenarjobb. Det betyr vel enkelt og greit at det er ei kvinne som trener herrar?? Skikkeleg unikt!!!! Hallo? Not..... Det er då vel fleire dyktige kvinnfolk som kan trene herrer? Det er snakk om Ranheim og toppfotball. Assistenttrenar. Kjempekult! Nei, no er eg litt teit her...... Sorry, men eg syns ikkje at det er så spesielt at eit kvinnfolk er med i staben. Kanskje for tretti år sidan, ja, men ikkje i dag. Vi veit dåvel alle at ein ikkje treng å vere så god i fotball sjølv for å trene eit lag. Berre ein sit med kunnskapen, så kan ein nå langt som trenar. Vel, eg trur kanskje ikkje eg ville fått eit slikt tilbod..... Eg hadde vel mest vore interessert i å studere dei stramme rompene på dei som spring rundt på bana!! Hhahaha-........ No fekk eg det plutseleg artig her eg sit. Hmm..... Eg stoppar der!

Forbannet Babel i krangel med "Svampebob". Hahaha.....  Tidligere Liverpool-spiller Ryan Babel skal i et barneselskap ha havnet i krangel med en røykende fengselsfugl utkledd som tegneseriefiguren «Svampebob». Krangelen skal ha starta pga at nederlenderen meinte at ein person i eit Svampebob-kostyme ikkje levde opp til forventningane. Det var ikkje særleg popoulært då Svampebob tente seg ein røyk foran borna. Babel kalte "Svampebob" for gal og "Svampebob" fulgte opp med at han nett var sluppet ut av fengsel og at Babel og borna kunne dra til helvete.
Det kan sjå ut som at det utarta seg til å bli eit forrykande og spanande borneselskap. Eg kunne tenkt meg å ha vor efloge på veggen der. :=)
Babel blei redd og byrja å ta årene fatt med ein gong han høyrde ordet fengsel. Nei, nei, du hører ikke etter. Jeg sa ikke at du ikke kunne røyke, jeg sa bare at du ikke skulle blåse det i ansiktene deres. Gi dem en sjanse til ikke å få kreft. Jaja, fengsel kan vel skremme einkvar av oss. Det heile endte med at Babel tok seg ein røyk i lag med "Svampebob". Hahaha....så patetisk!!!

Slik ble de straffet da pappa nektet å gifte bort Mumtaz (18). Da den afghanske familien nektet å gifte bort sin 18 år gamle datter til en mann de anså som uansvarlig, ble de utsatt for en grusom hevn. Ein ting er at det er grusomt kva som kan skje med den som nektar å gå med på gitarmål. Ein annan ting er det at andre uskuldige blir ramma. I denne saka har Mumtaz to lillesøstre på 13 og 14 år. Det blei kvelva syre over andleta deira. Eg har sett bilete av det og det ser ikkje bra ut. Det er sjukt at det i enkelte kulturar skal vere slik. Det eneste Mumtaz hadde gjort seg skyldig i, var å avslå et frieri fra en mann som familien mente var en bølle og en bråkmaker. Hun gjorde det med familiens samtykke, og forlovet seg senere med en slektning. Det er mykje sjukt i denne verda. Det skal vere sikkert og visst. At tvangsekteskap og liknande foregår, er slett ikkje noko nytt. Det skjer blant enkelte kulturar også her i Noreg på trass av at det forbode ved lov. I dette tilfellet var det ikkje eingong snakk om noko avtale mellom to familiar. Det var berre ein "sjuk" mann som ville ha denne attenåringen og som ikkje tålte at familien sa nei. Eg er glad eg er norsk!

Verdens første sexskole gir orgasmegaranti. Alle vil lære å oppnå orgasmer på et helt annet nivå enn de tidligere har opplevd, lover skolen. - Det viktigste er å lære seg selv å kjenne og oppnå en sikkerhet og ro i forhold til sin egen kropp og seksualitet. Videre vil vi utforske ulike erogene soner og så kommer vi til å vise hvordan man kan oppnå orgasme på 102 forskjellge måter, sier Kirsch.
102 ulike måtar?? Jaja,........ eg skal gladeleg innrømme at eg ikkje kjenner til alle 102!! Om eg hadde gjort det, veit eg ikkje heilt om eg ville klart å skilne dei frå kvarandre. Nei, eg klarer meg godt med nokre få.....
Ut frå det som står i artikkelen, er det rift om plassane. Det tyder jo på at det er eit etterspurt tema.... Tja, det spørs om det er "ein til ein"-undervisning eller om det er i grupper. Jaja...... Det er sikkert fint for mange, berre dei er frigjorte nok.

No seier klokka at det er på tide å seie stopp. Kanskje like greit?! Uansett, ha ein fortsatt fin fredag:=)

Hasta pronto!

LY













Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar