onsdag 14. desember 2011

I beste fall blir Magnus (6) tenåring. Hver eneste klem kan være den siste. Det må vere ei mors verste mareritt....... Magnus har Alpers sjukdom. Alpers er den verste formen for mitokondriesykdom, en dødelig lidelse som skyldes en genfeil hos både mor og far. Det finnes ingen kur. Sjukdomen hans innebærer at den energien han skal ha i kroppen sviktar av di cellene døyr. Hovudproblemet her er at det går ut over hjernen. Desse endringane i hjernen gjer epilepsianfall, som aukar risikoen for å døy.
Eg kan sikkert ikkje tenke meg kor ille det må vere å gå rundt som foreldre å ha desse bekymringane. Dei har jo sjølvsagt levd med det i nokre år no, men likevel......  Det er vel eit ordtak som seier noko liknande som at det er i motgang ein blir sterk??!!

For å hoppe til noko som er totalt motsatt, så må eg seie at son min er minst like utspekulert som mora!! Vi har ein ståandes avtale om at dersom adventspakken inneheld godterier, skal det ikkje etast før etter skuletid. (Han opnar jo sjølvsagt pakken før mora har klart å karre seg ut av senga, trøytt i trynet). No er det stort sett ikkje godterier på ukedagane, men i dag var visst eit unntak. Det var ein stor gullmedalje i sjokolade...... Han klarte sjølvsagt ikkje å la den vere i fred!! Etter å ha spist nesten heile (den er stooor), tenkte han at mora sannsynlegvis kom til å bli "sint". Så kva gjorde han?? Joda, han sparte ein "urliten" bit som han sneik seg inn på rommet med og sa "Vær så god, mamma. Her har du litt sjokolade". Før eg visste ordet av det, hadde han pjåta sjokolade inn i munnen på meg! Han tenkte jo sjølvsagt at eg ikkje kunne bli sur på han når han hadde delt med meg. Då skulle eg jo liksom "gløyme" at det ikkje var lov å ete det på morgonen.......
Eg skulle ønske eg kunne skulde på andre, men eg trur nok det er mine gener som så tydeleg kjem fram der.... Hm! Don't tell anyone!!

Bør du pierce øyenbrynet igjen? Vel, no har eg aldri gjort det før og eg trur nok sjansen er minimal for at det kjem til å skje. Hadde eg fått eit veddemål mot meg om det og eg hadde vore 15 år yngre.....Tja, då er det ikkje godt å seie kva eg hadde gjort. (Eg tålte ikkje å høyre at det var ting eg ikkje turte). Heldigvis er det ingen som utfordra meg då og i dag klarer eg faktisk å bite i meg det eg treng for å la vere berre for å prove/vinne eit dumt veddemål!! Eg har jo vore med på eindel sprøe ting.....
Piecing i augebrynet var populært på 90-talet. Eg hugser mange som fekk det. Det såg jo litt kult ut på enkelte, men mange såg eigentleg berre teit ut. I alle høve når dei samtidig fekk i både nasen og leppa. (For ikkje å snakke om tunga). Eg kjente ei som hadde heile fem piercingar berre i andletet (inkludert tunga). Om det kan definerast som pynt?? Tja, for enkelte.... Eg syns ikkje det. Ikkje når det blir så mykje. Heldigvis er det no opp til kvar enkelt om kva dei syns om det.

Eg vil tru det er mange som hugsar "Buffalo-skoa". Det var ikkje mange som ikkje hadde dei........Alle buksene som var neonfarga! Eg trur nok eg har fortrengt det heile. Kanskje eg ikkje hadde behovet for så mange neonsfarga bukser at det gjorde noko? Håper det var fornuften som rådde då! Eg ser ikkje heilt for meg at det er det som skal bli trenden i 2012. Det seies i moteverda at det er det som er tilefelle. Eg trur ikkje det er så mange som er klar for å få denne tidsepoken attende. Kva veit vel eg??
Ikkje anna enn at eg ikkje har nokon som helst plan om å kjøpe neonfarga bukser (uansett kor poplulært det vil bli!).
90-talet kan nok inspirere på mange områder, men akkurat desse to "tinga" vil ikkje trone øverst på ønskelista.

Ikonene som forlot oss...... Det er blant anna bilete av Amy Winehouse. Sorry, men eg ser ikkje heilt at ho er eit ikon. I alle høve ikkje for meg! No spørs det kva ein legg i ordet ikon, men ei som levde eit slikt liv som henne........ikon??? Kunne ikkje komen lengre unna. Beklagar om det er fans som føler ho burde få betre skussmål, men eg er nok ikkje heilt der enno. Tvilar på at eg kjem dit..... Det kan godt vere ho var flink, men likevel burde det litt meir til for å bli "stempla" som ikon.

Hva er egentlig å elske? Eg trudde eg skulle få ei eller anna form for definisjon ved å opne denne saka. Det viste seg at eg hamna på bloggen til ei eller anna jente som var lei av at andre sa at ho ikkje veit kva det vil seie å elske eit anna menneske pga at ho skifta forhold så ofte. Så kom hennar meining om temaet fram. I og for seg var meinigane hennar heilt grei, men det stod liksom ikkje nok til at eg følte for å drøfte det her. Det blei for få "krokar" å hengje seg på. Eg kan jo sjølvsagt kome med min eigen definisjon/forklaring på spørsmålet, men eg er ikkje heilt sikker på om eg tør det. Det får heller bli ein annan gong.

Frp er dumme og slemme. Tja, det kan godt vere, men det er vel ikkje mindre slemt å seie slikt? Til media bør ein vel ordleggje seg litt annleis? Kanskje ikkje...... Det er vel berre eg som er teit som syns det. Det er Ane Dahl Torp som har ytra seg.
Det er no eingong slik at demokratiet er skapt for at alle skal ha lov til å ha sine eigne meiningar. Det politiske systemet er bygd opp på ein måte som gjer at partiene kan stå for det dei ønsker. Dersom ein ikkje støttar Frp sine haldningar til ulike tema, er det ikkje berre å påstå at dei er dum. Ein er vel ikkje dum om ein ikkje er einig med kvarandre?? Det er jo det som er så bra med demokratiet at vi har lov til å vere nettopp det. Ueinige.....Sjølv likar eg ikkje Frp og eg syns dei har mange galne haldningar. Eg veit likevel ikkje nok om deira tankegang til at eg kan synes dei er dum.
Eg har ikkje lest alt som står om saka, men eg går sterkt ut ifrå at det er snakk om asylpolitikk. Kven avgjer kva som er det rette å meine? Eg berre spør, for eg veit det ikkje sjølv.

Det er onsdag og den er enno ung. Det betyr at eg kan nytte høvet til å ønske ein fortsatt fin onsdag!!

Hasta pronto!!

SYS DY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar