lørdag 3. desember 2011

Sonen min knuste meg i bingo idag. Eg trur ikkje det er mogleg å jukse i spelet, så eg må berre sjå meg slått på realt vis! Jaja........ Han veit eg ikkje taper med vilje, så det er ekstra stas å vinne mot meg.

Eigentleg burde vel denne dagen ha blitt tilbringa ute. Det har vore ein kjempefin dag og ein kan trygt seie at slike dagar har vi ikkje hatt overflod av den siste tida. No har eg sjølvsagt ikkje vore inne heile dagen, men eg tenkte meir på det å bruke naturen. I så fall må ein nok karre seg ut av dyna litt tidlegare.

Eg var ein tur innom Vg nett i stad, men det var minimalt med saker der. Eg må verkeleg seie det var kjedeleg å lese der idag. Det tar seg kanskje opp i løpet av dagen?! Vi får sjå....... Papirutgåva har kanskje litt meire.
Forsida er prega av at neste år skal bli ein pengefest for oss. Vi skal få fleire tusen meir å rutte med og det trass krise i Europa. Jaja, eg trur no at så lenge dei fleste har så dei greier seg, så skal vi vere nøgde. Eg trur ikkje vi blir så mykje meir lykkeleg av meir pengar.
Ei viss form for lykke kan ein sjølvsagt få, men kva hjelper det om ikkje dei andre meir grunnleggjande årsakene til lykke ligg i botnen. Det viktigaste punktet i artikkelen om neste år, må nesten vere at det skal bli lav ledigheit. Det vil i såfall vere kjempeflott!
Elles står det at matprisane kjem til å auke. Kva betyr eigentleg det? Det er så mange som klagar på matprisane. Er maten noko dyrare no enn før?? Vi brukar då vitterleg mykje mindre prosentar av budsjettet vårt på mat idag enn kva dei gjorde for x antal år sidan?! Maten blir dyrare i pris i kroner, men ikkje i forhold til kor mykje vi tener. Høg lønsvekst vil naturlegvis føre til dyrare mat. Det er naturleg det. MAten skal produserast og selgjast. Dei som står bak det, skal jo også ha lønsvekst. Det er ting som naturleg følgjer kvarandre.......

Side 14 står det om julegåvetips. Eg trur nok ikkje eg får bruk for eit einaste av dei. Det einaste tipset som faktisk vekker mi interesse er slalomski. Steffen ønsker seg det, men det blir nok ingen slalomski på han. Han veks jo så fort heile tida og med tanke på at dei sannsynlegvis berre blir brukt ein gong i året, så kan ein jo likesågodt berre leige. Det var det vi gjorde i fjor, og det fungerte heilt greit. Ikkje er det så veldig kult å vere mor når han set rett ned fjellsida heller....... Eg har friskt i minne turen frå i fjor. Då krasja han rett i veggen og eg trudde han var "finito". Reddare har eg aldri vore før!!
Elles går det mykje i elektroniske varer. Dei har funne tips til foreldre, ungdom, jenter, gutar osv.... Julegåvetipset til "henne" er henta hos "Kondomeriet" og er ein klitorisvibrator. Så då kan vi jo anta at mange kvinner finn den under treet i år. I alle fall om menna les Vg og brukar dei tipsa dei får der.
"Dei beste harde pakkene". Tja, då eg var yngre, var det nok dei som freista mest. Mjuke pakkar var nok ikkje så interessant å få. Eg går ut ifrå at born tenker som så at klede må dei ha uansett, og det får dei nye av foreldra etterkvart som dei veks. Då er det ikkje så gøy å få det i gåve......

Sex i alle kanaler. Vi snakkar New York og vi snakkar presidentvalgkamp. No er det sex, utroskap, løgn og fanteri som dominerer i det stadig meir brunstige valget. Cain er visst ein skjørtejeger av dei store. Ikkje ei, ikkje to, ikkje tre men mange fleir enn det........ Over helga får vi vite om han fortset med valgkampen. Det er visst opp til kjerringa å ta avgjerdsla. (Kanskje Cain skulle søke seg til avhengigheitsskolen i Sverige for å bli kurert? Han er bra driftig kan det virke som........).

Neste mann ut i hardt vèr er Gingrich. Helvete kan visst snart slippe laus rundt han. I alle fall ifølge avisa. Gingrich er gift for tredje gong. Det er det enkelte motstandarar meiner er eit ganske rotete kjærleiksliv. I tillegg skal det vere sagt at han forlot den eine kjerringa av di ho ikkje var ung nok til å vere presidentens kone....... Jaja, det kaller vi moral! Ein skulle vel tru at det var andre ting som burde telle meir enn det. Alder har vel ikkje noko med ei slik sak å gjere. Anten er det kjærleik eller ikkje. Hadde det vore det, hadde han vel ikkje droppa ho av ei slik årsak. Nei, han har vel aller helst vore litt tøff i kjeften...... Han er nok ikkje den første der. I tillegg skal han ha sagt at han ikkje vil ha ho av di ho har kreft. Det siste treng vel ingen kommentar. Det må jo berre vere rykter. Ein mann med så høg status har vel meir å kome med enn slikt? Ikkje veit eg.......Eg håpar han gifta seg med hjartet sitt i sentrum den siste gongen. At ein finn ut at ein har gjort "feil" ein gong, er ein ting, men tre gonger byrjer å bli litt mange.
For all del, eg sit ikkje her og er moralens høge voktar. Det har eg absolutt ingen anledning til å vere!!
Det kan sjå ut som at dei har eit hav av kvinnfolk på ei og same tid, og det er det jo lov å meine noko om akkurat det. Hadde det vore følelsar innblanda, så hadde saka stilt seg litt annleis??!
Gingrich vel å vende det andre kinnet til, som det heiter så fint. Han bryr seg ikkje om dei angrepa som har vore eller kjem til å kome. Han ser at meiningsmålingane er gode og det er det som betyr noko for han.
Uansett.......Menn med så høge statusar som desse presidentkandidatane burde skjønne at det er "farleg" å leke på kanten... Det er jo eitt hundre prosent sikkert at slikt hamner i media. I tillegg veit nok dei antatte elskerinnene at media vil betale dei godt om dei fortel om det. Ein mann i ein slik posisjon kan aldri stole på at eit kvinnfolk held tett om slikt. Ikkje i eit samfunn kor mange er så materialistiske og har eit ønske om å bli kjent. Nei, så dei har nok vore litt naive.....eller kanskje dei berre ikkje bryr seg?!

Reis til romantikken. Då skal ein visst reise til Gotland. Mykje romantikk kan oppstå der. Tja, det stemmer sikkert det........
Elles så kan kjærleiken dyrkes så nært som i Henningsvær. Ifølge avisa er Lofoten magisk i seg sjølv. Det spørs kva som er mest romantisk....... Hotell, rorbu eller ei hytte for seg sjølv i skogen. Frisk fjelluft og flammer på bål gjer godt for romantikken det også.....

Baksida har årets blondinevits.
Blondinen: Ånei, det er jul på en fredag i år.
Venninnen: Åhh, bare det ikke blir den 13.

Haha...... Om det er blondina eller venninna som er mest blond, skal vere usagt!!

Nei, eg skal slutte av no... Eg veit kor eg aller helst vil vere, men så heldig er eg vel ikkje. Det er ikkje så langt unna som hverken Gotland eller Henningsvær...Hehehe......

Hasta pronto:=)

I can't help falling..........

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar