mandag 5. desember 2011

Måndag 5.des.

Så er vi i gang med ei ny uke. Eg god ei, håpar eg ..... Det skulle vel ikkje vere noko grunn til noko anna?!

Svindal ser så jævlig gammel ut. Eg går sterkt ut ifrå at det er ein eller annan skikonkurrent (kompis) som uttalar seg for å vere morosam. Gamal, men kjem likevel til å vinne verdscupen, trur skikompisane Aamodt og Kjus. Som om dei ser så mykje betre ut?? Kven er mest hot? Svindal, Kjus eller Aamodt? Eg trur ikkje eg skal kommentere det. Dei har vel six-pack alle tre og brystmusklar som vil bli til "puppar" når dei sluttar å trene. Hahahaha........ Beathe har sjuke tankar!!!!!

Smink deg sexy som Marilyn Monroe. Endeleg!! No kan eg også få sjå ut som den divaen! Jippi. Tenk det!! Det skal berre litt sminke til, så ser Jomfru Knutsen ut som Marilyn Monroe. Det er stort det...... Kvifor har ingen fortalt meg det før?? Jomfru Knutsen - sexy for en dag! I look forward to it:=)

Fant død mann i bagasjerom. Foreløpig er det ingenting som tyder på noko kriminelt!! Ha! Slå den! Det er heilt normalt å leggje seg i eit bagasjerom for å døy. Hmm..... Særleg. Jaja. Det kan jo vere tilfellet.

Opsibopsi.....no blir eg uroa litt her og må stikke. Eg kjem vel attende litt seinare. Dette blei visst litt kort, men det får så vere. Vi "ses"!
Ha ein fortsatt fin måndag!!

Hasta pronto:=)

DYM

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar