mandag 12. desember 2011

Jeg kan dø i dag. Stakkars unge!! Ei tolv år gamal jente skreiv desse orda på facebook. Timar etterpå hadde mora skutt ho (og lillebroren). For ein tragedie........... Etter at hun hadde forsøkt å få hjelp siden juli, tok hun mandag for en uke siden med seg sin 12 år gamle datter Ramie og sin 10 år gamle sønn Timothy til sosialkontoret i Laredo i Texas i USA. Her endte alt på verst tenkelig måte. Etter en gisselsituasjon som varte i sju timer, skjøt hun de to barna før hun tok sitt eget liv, melder amerikanske medier.

Ein skal ha det bra ille før ein går til eit slikt drastisk skritt. Eg klarar ikkje sjå for meg at det skal gå an, men det viser seg gong på gong at det meste går an. Det er nesten ingenting som sjokkerer lengre.

For to år sidan var temaet "Liv " på norsk skriftleg eksamen. Den eine oppgåva gjekk ut på å drøfte om ein kan kjøpe lykke for pengar. Dei fleste vil nok drøfte den saka i retning av at ein ikkje kan kjøpe lykke. Likevel, akkurat denne saka frå Texas viser oss at pengar til dels kan gje lykke. Hadde denne mora hatt pengar til mat og andre livsnødvendige "ting", ville ho nok aldri ha gått til det skrittet at ho drap borna sine. Eg trur nok det har skjedd noko mentalt over tid hos ho og eg vil tru at ho har kjempa lenge. Lykke kan ikkje kjøpast for pengar, men til ein viss grad er dei med på å skape lykke. I alle høve tar dei bort enkelte bekymringar. Om ein kan definere det som lykke?? Tja, det kan vel diskuterast..........

Det å bli eldre betyr ikke at man ser mindre bra ut. Tja, kloke ord frå Elizabeth Hurley, av alle.....Ikkje det at eg trur ho har rukke å bli så gamal at det gjer noko. Det skal vel ikkje så mykje til før ein heng seg opp i det når ein er kjendis. Då må ein jo vere meir varsom i forhold til temaet. Eller.....det blei litt feil.. Eg prøver berre å seie at kjendisar sannynlegvis er meir redd for å sjå gamal ut av di dei titt og ofte er i media og dei kjempar om roller i filmar osv..... Så legg dei vel att eindel pengar i kosmetikkverda!!

Ble kastet av fly - tok hevn utkledd som pilot. Det første som slo meg, var at her er det ein tulling av dei store som har vore på ferde. Litt dramatikk, tenkte eg vel også...... Kanskje ikkje rart det med den overskrifta??! Difor var det litt nedtur å opne saka og sjå at det var veldig mykje mindre dramatikk enn forutinntatt.
Det heile dreidde seg om skodespelaren Alec Baldwin. Han nekta å lystre ordren om å slå av elektronisk utstyr før flyet skulle lette. Då han til slutt blei beordra om å gjere det av sjølvaste flykapteinen, blei han så rasande at han blei ufin og slamra med toalettdøra. Dei valgte difor å "kaste han av" flyet. Hemnen?? Vel, han troppa ikkje opp i flyet med pilotdrakt. Det var ikkje verre enn at han kledde seg ut som pilot for å vere artig då han skulle vere med i programmet "Saturday Night Live". Snakk om å lure oss med overskriftene sine....... :=)

Jaja....Sånn var det:=)
Ha ein fortsatt fin måndagskveld (det lille som er att av den). Ha ei god natt!!!

Hasta pronto!!

LYSM


  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar